dalstroka-innafor.net

…litt av kvart om deg, og mykje av meg.

Archive for June, 2007

Opkastning

without comments

Opkastning skyldes ofte at man har spist noget som maven ikke taaler. Det er da bedst at faa altop igjen. Drik derfor en mængde varm eller lunkent vand. Indeholder maven ikke noget som bør op, kan man anvende meget varme eller meget kolde omslag paa maven, sætte føttene i koldt vand og drikke smaa slurker enten hett eller koldt vand, eller svelge smaa isstykker.

Written by Torger Åge

June 29th, 2007 at 9:00 pm

Posted in Helsetips

Verveprememie

without comments

Idag fekk eg mi beste velkomstgåve nokonosinne i posten. Eg har meldt meg inn i Bokklubben, og i den samanheng kunne eg velgje tre bøker, men best av alt, ein reiseradio. Nå er kanskje ikkje det så mykje i seg sjølv. Men når reiseradioen er ein vasstett, inneheld lykt, fm/am band, kan drivast på vanleg ledning, batteri….og *trommevirvel*…dynamo, ja då er han genial. For tjue minutt sidan sveiva eg i fem minutt, og eg sit endå å høyrer på P3 sine sprakande, analoge signal. Fantastisk sak!

Reiseradio

Written by Torger Åge

June 27th, 2007 at 1:48 pm

Oystein’s water ‘07

with one comment

Stine spurde meg så vent om eg ikkje kunne reklamera litt for henner kjære Øysteins arrangement, Oysteins Water ‘07, utanfor Kristiansand den 7 og 8 juli, og sidan eg ikkje er så vanskeleg å be, så gjer eg det.

Den 7 og 8 juli vert det altså som nevnt masse morro og sprell på Dvergsøya utanfor Kristiansand. [Kart] Hendinga er dedikert til vass-sport og anna sommarmorro. Så då er det berre å pakka redningsvesten og dra avgarde. Underteikna er diverre noko oppteke med slåttonn på gitt tidspunkt…men men. Kan ikkje få med seg alt heller.

Meir info finnst på kite.no og oysteins.com.

Written by Torger Åge

June 26th, 2007 at 1:16 pm

Posted in Friluftsliv, Morro

Naturshots

without comments

Fann nokre tåleg fine bilete teke rett utanfor stovedøra her. Eit bevis på at Sinnes heldigvis er meir enne campingvognoppbevaring og glensande hyttetak i ettermiddagssola.
Bilete #1
Bilete #2
Bilete #3

Written by Torger Åge

June 24th, 2007 at 11:36 pm

Posted in Friluftsliv, Sirdal

Helsetips…

with 2 comments

For nokre dagar sidan, kom eg over ei bok heime. Ærleg talt trur eg ikkje ho har vore opna dei siste 50 åra, så det var artig å kjenna lukta av gamal bok då eg opna ho. Boka har tittelen I Ly av Sundhetens Love med undertittel; Praktisk sundhetsbok for de tusen hjem. Ho er forfatta i 1919 av L. Muderspach. Kven dette er kan eg diverre ikkje sei noko om, men doktor A. Andersen har skrive eit forord og anbefalar her boka for alle. Og lækjarar skal ein jo høyra på.

I alle fall…i slutten av boka, er det ei heil rekke med tips til kur til ulike sjukdomar og plager. Så i rein nostalgi, og fordi nokre av tipsa kanskje til og med også kan gjera susen, vil eg i tida framover publisera desse. Alt er nok ikkje heilt aktuelt lengre, medan andre kanskje kan vera aktuelle fleire gonger i året. Så med det sagt, så presenterer eg heved fyrste episode av dalstroka-innafor.net si nye spalte: Helsetips frå 1920-talet Read the rest of this entry »

Written by Torger Åge

June 23rd, 2007 at 6:00 pm

Posted in Helsetips

Litt om mediabruk

without comments

Dagens mediesamfunn serverer eit vell av papir- og nettavisar, radiokanalar og ikkje minst fjernsynskanalar. Du tykkjer kanskje allereie at du har nok kanalar når du får inn NRK1&2, TV2 og TVNorge, og kan skifta mellom ein 4-5 radiokanalar når du sit i bilen din på veg til arbeid/skule. I tillegg sjekkar du kanskje eit par nettavisar når du kjem fram. Tek ein svipp innom VG.no, Dagbladet.no og kanskje den lokale blekka di som omsider har kome seg på nett.

tv.JPGDei nemnde er sjølvsagd best på lokalt stoff…Norsk stoff. Men korleis dekkjer dei utanlandsk stoff? Det er vel nærmast blitt ein fast post på einkvar kanals nyhende å lesa opp antall omkomne på Vestbredden/Gazastripa/Bagdhad kvar kveld. Desse tala har dei sjølvsagd ikkje vore nede i dei aktuelle områda og innhenta sjølve. Internasjonale nyhendebyrå er ei kjelde dei nok nyttar, i tillegg til store mediekonsern som CNN og BBC.

CNN er ein kanal eg er innom rett som det er. Det same er det med BBC. Då dei to flya flaug inn i World Trade Center, sat eg av alle ting og såg på CNN. Det var ei ganske surrealistisk oppleving. Då George W. Bush bestemde seg for å gå til åttak på Irak i 2003, endte det og opp med at eg såg dette på CNN då ein amerikansk turist kom flygande inn i resepsjonen på hotellet i Kathmandu og bar seg over korleis me kunne sitje og sjå på cricket (nasjonalsport i store delar av søraust-asia) når det var krig på gang!

Om ein ser litt på både CNN og BBC, vert ein ganske fort lei av det store antalet med “reklameinnslag” som kjem. Promotering av program som kjem om ti minutt på den aktuelle kanalen. I tillegg har ein desse stadige børsresultata, oljeprisane og vekslingskursane som i tide og utide sklir over skjermen. Slikt er for meg ikkje interessant. Det er heller ikkje særleg artig å få dei same nyhendene servert på ny kvar halvtime…på kvar einaste kanal. Eg er sikker på at du fekk nok av Lewinsky-saka, Orderuddrapa, 9/11-hendinga, krig i Afghanistan, krig i Irak osb. Det slår ein jo at det vera andre nyhende som er verdt å rapportera om.

Fjernsyn

Det var difor eit heldig tilfelle, at eg ein dag sat og trykte meg gjennom heile kanallista på parabolen, og kom over Al Jazeera International. Ja. Det er den Al Jazeera International. Den som NRK, TV2 og alle andre velkjende fjernsynskanlar har sittert når Osama eller nokre av hans kumpanar har følt for å dela nok eit dårleg video/lydopptak med verda. Eg vart

BBCCNNAl Jazeera

sittjande å glo på denne mykje omtalte kanalen ei stund. Det som slo meg, var at han var herleg fri for irriterande element som eg har nemnd ovanfor. I tillegg var også nyhendene som vart rapportert mange og varierte. Og for dei som må ha fordomane på plass…nyhendene var ikkje berre for gryande terroristar og ugudelege muslimar som drep kristne, og et borna dine. Faktisk var det eg sat igjen med etterpå, ei herleg kjensle av å ha vorte opplyst. Eller i det minste informert om interessante saker andre stader i verda.

Kanalane på nett

Sjølvsagt finst også desse kanalane på nett. Eg har teke skjermbilete av kvar av kanalane sine framsider i dag, slik at du kan samanlikna sjølv og sjå kva du tykkjer. Det slår i alle fall meg at av dei tre sidene, så framstår Al Jazeera si som den beste og mest informative. Det kan synast som om dei tre har litt ulikt fokus. BBC vel å lenkje til sines radio og fjernsynskanalar, i tillegg til å lenkje til tre nyhender. CNN ser ut til å ha eit fokus på multimedia, i tillegg til at dei har plassert ein stor reklamesnutt midt i åsynet på ein når ein klikkar seg inn. Tek vi føre oss Al Jazeera International, ser ein at den einaste reklamesnutten er ein reklme for abbonement på nyhende frå deira side. Men det mest imponerande, er at dei presenterer heile 31 nyhendesaker på det eg oppfattar som ein særs god måte.

Oppsummert

Så kva er poenget? Eg har vel eigentleg berre sett meg lei på all resirkuleringa av nyhende i mediebiletet i dag. Derfor søkjer eg andre, alternative kjelder for å få oppfyllt min informasjonshunger, og i den samanheng så kom altså Al Jazeera International seglande inn frå sidelinja og redda dagen. Så har du sjansen, ta ein tur innom og kikk ein dag, antan det er på nett eller parabol. Fjernsynsutgåva kjørte i dag følgjande innslag til dømes: [youtube i7qxbD1tk18 Arabisk beatboxing]

Written by Torger Åge

June 21st, 2007 at 4:03 pm

Posted in Personleg, Politikk

Fjelljegeren 2007

without comments

Eit mål for sumaren er å halde seg i form…og eit middel i så måte er rett å slett å flyga att og fram i Sirdalsheiene på jakt etter bokstavar. Årets fyrste tur vart unnagjort i dag. Glimt kan sjåast i galleriet.

Written by Torger Åge

June 17th, 2007 at 4:46 pm