nov
26
Avskjedskonsert
Det er med ei tåre i augekroken at eg går inn i mi siste natt i Malaysia, og for den del i Asia på ei stund. Det har vore ei fin tid. Men likevel…endå så takksame Malayane må vere over at eg har vore her nede på vitjing til dei, så synest eg at det mest var litt i det drøyaste laget at dei skulle stelle i stand ein aldri så liten avskjedskonsert til meg den siste kvelden. Det var i alle fall langt i frå forventa. Så sjølv om det ikkje akkurat er som den rolige «Sov i ro» til Mamma, så tek eg tonane (??) med meg inn i natta…om eg nå får sova!
Audio clip: Adobe Flash Player (version 9 or above) is required to play this audio clip. Download the latest version here. You also need to have JavaScript enabled in your browser.