Archive for February, 2008
Blodstigning til hodet
Ta vekselfotbad (eller vekselbenbad) 2 à 3 ganger daglig.
Religionars utbreiing
Det er ikkje alltid at religionar høyrer heime alle stader. Av og til er det rett og slett berre for usansynleg at det skal eksistere noko som rår over menneskja og naturen, og andre gonger er det rett og slett berre dei naturlege tilhøva som set ein stoppar for misjonering. Kristendomen har vel til dømes aldri hatt særleg mykje utbreiing i dei nordlege område på kloden:
Pityriasis rosea
Det er klart det er eit visst ironisk snev over det faktum at dalstroka-innafor.net finn det for godt å publisera eit innlegg om meslingar,
samtidig som eg vert overraska av eit stort antal raude flekkar på overkroppen. Demonar har innteke meg. Eg har fått Pityriasis rosea!
Eg har tidlegare fått rimeleg nok av det Norske helsevesenet. Difor vart det denne gongen gjort sjølvdiagnostisering av Dr. Med. Phil. T.Å. Sinnes. Med eit tåleg godt utvikla synonymordforråd, ei datamaskin og nettadressa www.google.com vart det etter kort tid fastslått at pasienten hadde vorte råka av Pityriasis rosea. Litt vidare googling (å google, googler, googlet, har googlet) gav meg denne informasjonen?
Pasienthandboka.no:
“Pityriasis rosea er et selvbegrensende utslett som opptrer hyppigst om våren og høsten. Tilstanden kjennetegnes ved symmetrisk utbredelse av et utslett med svakt røde, lett skjellende, ovale flekker som måler fra få mm til 1-2 cm. Utslettet sitter gjerne i t-skjorteområdet.”
“Mer enn 75% av pasientene er mellom 10 og 35 år, med en gjennomsnittsalder på 23 år. Tilstanden forekommer noe hyppigere hos kvinner enn menn, og den rammer ellers friske mennesker.”
Wikipedia kan fortelja dette:
“…is a skin disease marked by patches of pink, oval rash. Although its exact cause is unknown and its onset is not linked to food, medicines or stress, it is thought that this essentially non-contagious condition is set off by a virus.”
Årsaka til denne uheldige utviklinga er etter det eg har klart å finne på Internettet endå ikkje kjent. Vidare finst det heller ikkje nokon særskildt effektiv kur. Tilstanden er heilt ufarleg og plagar vel heller folk meir ut i frå eit kosmetisk standpunkt. I løpet av ein 6-8 veker er det forventa at dei raude flekkane skal forsvinna ganske av seg sjølv. Men i den perioden vert eg altså gåande rundt og sjå ut som ei litt diger albino marihøne. (I visse tilhøve kan han rektignok drøya i 3-6 månadar, men eg kryssar fingrane).
Meir info om mi siste livserfaring:
http://en.wikipedia.org/wiki/Pityriasis_rosea
http://www.pasienthandboka.no/default.asp?mode=document&documentid=1631
http://www.lommelegen.no/php/art.php?id=386811
Meslinger
God pleie er alt hvad der behøves i lettere tilfælder. Dersom utslættet kommer langsommere frem eller træder tilbake efterat det har begyndt, kan man gi patienten en varm lakenpakning, hvilket vil bringe utslættet ut i huden. Naar feberen blir sterk, kan den mildnes ved lunkent svampbad og kjølige omslag paa underlivet samt smaa kolde klysterer, 1/2 kop ad gangen. Ved avskallingen maa ikke brukes koldt vand. Medfølger krampe, anvendes varme bad. Hosten mildnes ved kolde omslag paa halsen og det øverste brystparti. Patienten kan drikke saa meget vand han ønsker. Kosten maa være enkel og nærende. Efter overstaat sygdom bør man desinficere klær og værelse.
Halsbrunde
Skyldes i almindelighet en for stek syreutskillelse i maven. Fjernes ved letfordøielig kost, omhyggelig tygning av maten, vekselfotbad og neptunsbelte om natten.
AA 2007 - The movie
Då er han endeleg her. AA 2007 - The movie. Dokumentasjonen på at det haustens kull med Austral-Asiatiske studentar har hatt ein aldeles fortreffeleg tur. No sit mellom 20 og 25 av dei deltakande og ser filmen på storskjem ein stad i Volda. Men for deg som ikkje kan vera der har eg fått nokre hardt tilmålte ekstra megabyte på ein vevserver her på skulen som vil vera tilgjengeleg i alle fall ein månads tid framover. Sjølv om det nok går, så vil eg ikkje oppmoda til å klikka rett på lenkja etterpå. Best resultat får ein nok med å høgreklikka, og så velgje “Lagre som”. På den måten får du filmen ned på den maskina du sit på og får etter alt og døme ei betre oppleving. Så finn fram popcornet, skru opp lyden og snurr film!
Kommunikasjon i skulen
Det er ei stund sidan eg leste om system i California som nytta seg av SMS/telefoni i kommunikasjon med skuleborn og heimen deira. [Eksempelvis Teleparent & Intouch Autodialer] For meg er dette eit heilt naturleg steg. Kvifor skulle ikkje skulen ta i bruk (mobil)telefoni og meldingar når det faktisk er den måten mykje av kommunikasjonen føregår elles i samfunnet?
Difor var det gledelig no i dag å kunne lesa på Herøynytt at det ser ut til å vere noko på trappene som kanskje kan vera med på å tilfredsstilla dei mange foreldre som skulle ønskje at det var kommunisert meir frå skulen si side. Mobilskole heiter bornet og er ei løysning for nettopp å letta dialogen mellom
dei ulike partane i skulen. På sine eigne sider skriv dei følgjande;
Lærere, elever og foresatte i norske skoler etterspør økt kommunikasjon. Mobilskole.no tilbyr raskt, effektiv og enkel kommunikasjon mellom skole og hjem. Selskapet, som blir utviklet ved Universitetet i Oslo, ble startet i 2007.
Formålet med selskapet er å ta i bruk nye kommunikasjonsmetoder for å lette hverdagen til lærere, gjøre informasjon fra skolen lettere tilgjengelig for foresatte og hverdagen tryggere for elevene ved norske skoler. Mobilskole.no er støttet av Innovasjon Norge og holder til i lokaler ved Forskningsparken i Oslo.
Og det er nettopp det eg sjølv har gått og fundert på etter at eg leste om desse Amerikanske systema. Skepsisen min til å ta etter USA er vel ikkje akkurat fråverande, men akkurat her trur eg dei har skote gullfuglen. Difor har eg lenge sysle med tanken på at det då måtte vere mogleg å få til eit system her i Noreg og som gjorde akkurat det same. Tilbaud graits SMS/telefonkontakt mellom skule, elev og heim. Difor gleder eg meg altså storvegs over dette initiativet og eg kjem til å følgja med på korleis det utartar seg framover. På same tid oppmodar eg alle min lærarkjenningar til å ta eit initiativ på nettopp sin skule mot rektor med tanke på utvikling av skulen.
Eg applauderar i alle fall!