dalstroka-innafor.net

…litt av kvart om deg, og mykje av meg.

Valgets kvalar

ingen kommentarar

Somaren ligg framføre meg, men før eg kan kasta meg ut i den og verkeleg nyta at nok ein epoke i livet mitt er over, må eg gjera nokre val.

Fram til i dag tidleg hadde eg eigentleg planane klare. Eg visste kvar eg ville havne, og eg hadde til og med så smått starta å fabulera litt om å kjøpe hybel. Men så heilt ut av det blå dukkar det opp endå eit alternativ…eit godt alternativ og! Ei avstemming kunne kanskje vore på sin plass? Så difor har eg lista opp nokre moment som eg ser på som viktige…ta ein kikk på dei, og legg så att stemma di i boksen til venstre på sida. Det eg i alle fall slepp å tenkja på, er om eg kjem til å ha arbeid til hausten eller ikkje!

#1
- Klassekontakt 5. trinn
- Fast stilling
- Nytt skulebygg
- Sentralt
- Slepp å settja karakterar

#2
- Klassekontakt 8. trinn
- Vikariat meg mogleheit for forlenging
- Forsøksskule
- Projektor i kvart klasserom
- Inndelt i økter (2 “timar” før lunsj, og 2 etter)
- Startløn med 4 års ansenitet

Knasta ned av Torger Åge

26.05.2008, 17:11.

Tilhøyrer temaet Personleg, Utdanning

Stikkord for posten: , ,

Og du tykkjer at?