Archive for September, 2008
Bibelhistorie i eit moderne blikk…
…forøvrig levandegjort av eit av dei betre banda frå det herlege 90-talet, Crash Test Dummies.
Liv Signe - ein super leiar?
Dagbladet melder at Liv Signe Navarsete kanskje ikkje heilt var den spyspissen som Senterpartiet hadde håpa på. Med ei oppslutning på skrøpelege 3,7 % i Opinionen si siste måling, er det generelt lite å ropa hurra for i firkløvarkretsar no til dags. Kan det vere at det gode gamle Bondepartiet ikkje lenger “fangar opp viktige straumdrag i tida”?
Den 10.06 la Samferdselsdepartementet ut ein promo-video på Youtube. Navarsete gjer her eit spedt, og i stor grad lite truverdig forsøk på å framstå som ein ny, cool og up to date Samferdselsminister for sine kollegaer og andre frammøte på “The Future of the Internet Economy“-konferansen som gjekk av stabelen i Seoul i juni.
Videoen har pr. no vorte vist 578 gonger. Det har vorte med den eine videoen! Kan hende har Navarsete i staden hatt hendene fulle med å byggja opp att partiet etter Åslaug Hagas bråe avgang i juni, slik ho sa ho skulle då ho kom att frå konferansen? Det kan vel i så fall neppe seiast å vera ein god jobb ho har gjort med tanke på den tidlegare nemnde oppslutningsmålinga!
Alt i alt så framstår den gode Navarsete meir og meir som ein superleiar enn ein super leiar for partiet sitt. Medan partiet ynskjer å tiltrekkje seg oppslutning, togar Navarsete fram som eit skjold i front.
Skitrekk i kvar ei li…
Eg sit og undrar litt på når Haugen, Neset, Solheim eller Sirekrok skal koma på bana her…det synest mest som om det skal vera eit skitrekk til kvar einaste grend i Øvre Sirdal no.
Stolheis til Grubbå og bånn pinne ned att derifrå og ned Haugenbakkane…det må då vere noko å satse på? Ein opp på Solheimsknuten hadde vel heller ikkje vore så gale?
I alle fall melder Sirdølen i dag at ei gruppe med grunneigarar på Sinnes no ser ut til å villa kjøpa heile Ålsheia. Og då vil jo som kjend ståa i Øvre Sirdal vere slik:
Ådneram - Ådneram Skitrekk
Fidjeland - Fidjeland Skitrekk
Sinnes - Ålsheia Skisenter
Tjørhom - Tjørhomfjellet (Beinesvatnet Skisenter)
Boom stopp.
NRK Rogaland meldte i dag om ein plutseleg stopp i utbyggjinga av hytter i Sirdal. Eg kan jo ikkje anna enn å seie at det var på tide.
Lukkelege er dei som alt har fått selt alt dei har bygd opp. Dei andre sit nok der og kjenner korleis svartper så smått byrjar å raljera i skrivebordsskuffa…der pengane til no har tyte ut.
Eg skal ikkje sei “kva var det eg sa”…men det er freistande. Men eg skal halda att litt til. Det som derimot er eit faktum, er at Sirdal ikke er noko Hovden, Oppdal eller Geilo. Me har ikkje fjell til det. Me har snart ikkje snø lenger heller.
Det me har plenty av, er ein skokk overpositive politikarar/adminstrasjonstilsette/utbyggjarar med tunellsyn og for stor makt. Som eg tidlegare har nemnt, så har det for ikkje så alt for lenge sidan vore planar om utbygging av hotell i Øvre Sirdal som skulle skapa så mykje arbeidsplassar. Det vart i staden hytter og ikkje så mykje arbeidsplassar.
No har ein klart å trumfa gjønom eit Spa og. I Sirdal!! Kanskje kan dette vera den nye turistsatsinga i tida der ein ikkje fer selt fleire hytter? Det slår meg i alle fall at det kunne ha vorte nytta som argument hjå dei som var for slik ein galskap.
Og eg må jo seie som sant er, at eg er særs einig med Per Øyvind Grimsby når han seier at grunneigarane pressar på, og politikarane ikkje er sterke nok til å stå i mot. Det gjeld ikkje berre Spa-saka. Det gjeld som ein generell regel i Sirdal og nettopp difor har eg sagt takk for meg i von om, som hyttebaronane, betre tider. Det at ein ikkje har selt ei einaste hytte i Sirdal sidan nyttår er vel det næraste ei halusinering av betre tider eg kjem no til dags.
Infrastruktur i Noreg
Her til lands er det eit svare strev å bestemma seg for om ein ynskjer lyntog eller dobbeltspor. Andre stadar i verda, der ein verkeleg satsar på miljøvennlege framkomstmiddel, er mentaliteten ein ganske annan.
Treehugger.com kan i dag melde om at Japanske togprodusentar har utvikla ein ny generasjon superraske, ekstra miljøvennlege tog. efSET (environmental friendly Super Express Train) er planlagt å vera ferdig designa og utvikla våren 2010. Kawasaki Heavy Industries anslår at dei neste 20 åra vil det verta bygd ut 10.000 km med høghastighetsbanar rundt om i verda. Men denne utviklinga vil då altså ikkje Noreg, med Navarsete i spissen vera med på. Temmeleg sørgjelege greier spør du meg.
Eventuelt?
Okai. Det er kanskje min oppvekst i bibelbeltet som gjer sitt innslag her, det skal eg innrømma. Likevel kan eg ikkje anna enn å stille meg ein smule kritisk til det valet Cappelen Dams forlag har gjort i si siste lærebok i RLE. Dei fleste har vel fått det med seg no, men den siste utviklinga for å gjera seg meir internasjonale har altså medført at dei velkjende forkortingane f.Kr. (før Kristus) og e.Kr. (etter Kristus) no vert omgjorde til evt. (etter vanleg tidsrekning) og fvt. (før vanleg tidsrekning).
Mange politikarar har ytra seg omkring saka:
Rolf Reikvam (SV) mener det er helt tullete å gjøre om tidsregningen i læreboka.
Odd Einar Dørum (V) mener de nye bøkene fratar barn kunnskap om vår historie og kultur.
Ine Marie Eriksen Søreide (H)mener det er fullt mulig å lære toleranse for alle religioner og samtidig holde på norsk kulturarv.
Dei fleste er einige om at å endra dette vil vera bortimot blasfemi og eit kulturhistorisk sjølvmord. Dette er vel og merka før FrP har vore på bana med sine uttalelsar!Eg legg meg ikkje borti det. Det som eg derimot tenkjer litt på, er kvifor dette i det heile tatt har kom opp. Som ein i følgje linselusa kunne lese i “Vakttårnet” i 1992;
Det finnes forskjellige former for tidsregning, forskjellige slags kalendere. For jødene er vi nå i år 5752 anno mundi («fra verdens skapelse»). For mange andre befinner vi oss i AD (anno Domini, «det Herrens år») 1992, eller 1992 e.Kr.
I tillegg til denne Gregorianske tidsrekninga kjem mellom anna følgjande ulike kalendarar, som i større eller mindre grad skil seg frå det Cappelen Dams no definerer som vanleg;
- Hinduistisk kalender
- Juliansk kalender
- Austkristen kalender
- Hebraisk kalender
- Persisk kalender
- Islamsk kalender
- Etiopisk kalender
- Thailandsk solkalender
- Buddhistisk kalender
Vanleg? Og som om ikkje det var nok, så har ein i Japan ei tidsrekning som kan få ein stakkar vesterlending til å vere glad at han ikkje treng å slita med meir enn ein slags keisar! V’en i “e.v.t.” er jo også fort gjort å kopla mot ordet “vår”. Det gjev for så vidt same meining det…om ein definerer seg som ein del av den vestlege verda. Men tal frå 2003 kan jo tyde på at det finst dei som ikkje er heilt samde i denne definisjonen. 2/3 av dei totalt 332 793 innvandrarane i 2003 var frå ikkje-vestlege land.
Er det eigentleg noko poeng i ein slik diskusjon? Poenget med årstal, så vel som andre formar for målestandardar må jo vera at ein alle skal ha same referansepunkt? Har det vore slike debattar tidlegare, eller er det berre fordi religion er inne i biletet her som gjer det til aldeles fortreffeleg salgbart stoff? Ville det skapt like mykje diskusjon om ein hadde bestemt seg for å endra omgrepet “1 meter” til “1 doltiv” (distance of light travelled in vacuum)? Eg trur ikkje det.
Heile poenget er at ein har ei felles refereanse. Eit utgangspunkt. Ein standard. Om denne standarden så vert sett til å vera då denne Bibelske figuren Jesus vart født (ca.), eller om utgangspunktet i staden vert 1969, då det fyrste funnet av olje på Norsk sokkel vart oppdaga…ja det er vel rivande likegyldig? Sjølvsagt ville det nok skapt litt utfordringar i møte med andre nasjonar og folkeslag, men som ein kan forstå av den tålig lange lista med ulike kalendarar ovanfor, så er ikkje dette noko stort problem.
Og når ein fyrst snakkar om utfordringar. Kva med dei dårlege norske resultata på internasjonale målingar? Me er jo så opptatt av desse her til lands. Å måla oss i høve til andre land, sjøl om me seier til kvar einskild elev at han er spesiell og verdifull slik han er! Korleis skal vesle Kari og Ahmed no verta betre å lesa når ein må forhalda seg til flotte, eintydige forkortingar som e.v.t. og evt.? Sjølvsagt ikkje noko stor poeng, men me skal i alle fall ikkje gjera det lett for dei små håpefulle.
Vår kunstige utdanningssituasjon
Mange meiner mykje om det Norske utdaningssystemet. Eg er ein av dei. No kom eg til å tenkje på sjølve kvardagen. Korleis borna er organisert for å læra. Det heiter jo ikkje klassar lenger, men grupper. Nytt ord. I mange tilfelle same forskjell. Altså ingen.
I L97 sin generelle del som ikkje vart endra med ny læreplan heiter det;
Opplæringen skal kvalifisere for produktiv innsats i dagens arbeidsliv, og gi grunnlag for
senere i livet å kunne gå inn i yrker som ennå ikke er skapt.
Og la oss ta ein kort kikk på dagens arbeidsliv. Det kan jo vera interessant nok i seg sjølv det, men av alle ulike jobbar du kjenner til, kor mange er det som inneber at ein må arbeida i 45 minuttsintervallar. Kor mange er det som inneber at du sit på ein pult klemt inn mellom 25 andre pultar og deira tilhøyrande hyller på snaue 50 kvadratmeter?
For slik er det i skulen.
Opplæringslova fortel oss dette;
Elevane kan delast i grupper etter behov. Gruppene må ikkje vere større enn det som er pedagogisk og tryggleiksmessig forsvarleg. Organiseringa skal vareta elevane sitt behov for sosialt tilhør. Til vanleg skal organiseringa ikkje skje etter fagleg nivå, kjønn eller etnisk tilhør.
Den siste setninga der er jo verdt ein blogpost i seg sjølv, så det tek eg ikkje meir av no. Men at elevane kan delast i grupper etter behov burde jo heller vore formulert som eit skal spør du meg. Ikkje ein gong ei grisemor klarar å handtera så mange born på ein gong som det ein lærar må gjera til dagleg. Og så snakkar ein om pedagogisk forsvarleg?
Folk er ulike, men i den Norske skulekverna anno 2008 vert dei alle kasta i same støypeform sjølv om dei alle har krav på tilpassa opplæring. Den tilpassa opplæringa skal ikkje vera meir tilpassa ser du, enn at ho kan fungera innanfor eit felles rammeverk som skal gjelda for alle.