dalstroka-innafor.net

…litt av kvart om deg, og mykje av meg.

Nostalgia

ingen kommentarar

Då eg var heimom ein tur i helga gjekk eg skulle leita fram nokre gamle skulebøker som eg tenkte eg skulle visa desse små håpefulle anno 2008. Dei har jo mykje å gjera med 5 glosar kvar veke! Eg fann gloseboka mi…i snitt 10 på kvar prøve. Det skulle stoppa klaginga frå nokon og ein kvar.

Men i same sjølvsnikkerte kassen fann eg og ein perm. I den fann eg dokumentasjonen frå min alle fyrste PC. (Om ein ser bort frå Commodore 64′en som eg kjøpte på Klepp etter å ha kikka i ein annonse i Stavanger Aftenblad). Det var herlig lesing for eit gamalt data-hjarte. Det var i den tida CD-rom måtte kjøpast som ekstrautstyr, og Windows 95 var Microsoft sitt flaggskip. Og de beste var at eg hadde god plass att på min 170 MB store harddisk etter å ha installert han og.

Traileren til RobRoy var mitt fyrste møte med video på PC. Han låg som ekstramateriale på Windows 95-oppgraderinga. Sjeldan har vel video vore så spanande nokon gong. No til dags har han derimot vorte redusert til berre ein Youtube-vidoe i mengda;

You need to a flashplayer enabled browser to view this YouTube video

Men papira eg skreiv ut på min gode, gamle grå skrivar (som eg har gløymt namnet på no)…ja dei fortel om ei forjetta tid!

Knasta ned av Torger Åge

10.11.2008, 21:44.

Tilhøyrer temaet IKT, Personleg

Stikkord for posten: , , , , ,

Og du tykkjer at?