dalstroka-innafor.net

…litt av kvart om deg, og mykje av meg.

Illustrert bowling

ein kommentar

Eg trur det må vera det sjukaste bowlingkastet eg har vore vitne til! Eg og min bror, Lars Ingve, prøvde lukka på Hana Bowling i kveld. Etter nokre rundar var ei kjegle liggjande att i renna til høgre utanfor maskineriet som skal plukke opp desse si rekkevidde.

Eg gjorde difor eit forsøk på å kaste ei kule i renna for å få ned denne kjegla. Dette vart gjort samtidig som Lars Ingve forsøke å treffe dei som stod oppreist. Uheldigvis vart kastet mitt for svakt, og kula liggjande att i renna.

Etter nokre rundar til med kule og kjegle liggjande i renna, var det Lars Ingve sin tur til å “våga vone”. Eg kasta på dei som stod oppreist, og han kasta etterpå på ballen og kjegla i renna. Illustrasjonen under viser kula hans sin bane. Eg bomma på bortimot alt, og eg vil tru at det stod att ein 5-6 kjegler. Kula han kasta gjekk altså rett i kula som låg i renna. Det gjorde at rennekula trilla vidare og fekk bort kjegla som var utgangspunktet for alt styret. Men kula han kasta spratt over på motsatt side av bana, opp i innsida av veggen og tilbake att på kjeglene som stod att etter mitt misslukka kast…og fekk vekk heile kjeglene i ein imponerande strike! Som henta ut av ein tilfeldig valt Amerikansk bowling-film. (Illustrasjonen er forøvrig CC-lisensiert og klar for fri bruk i ein kvar samanheng.)

Knasta ned av Torger Åge

17.11.2008, 21:46.

Tilhøyrer temaet Moro

Stikkord for posten: ,

Ein kommentar to 'Illustrert bowling'

Abonner på nyhende RSS or TrackBack to 'Illustrert bowling'.

  1. det blei både ein, to og tri å mesten 4 strike etter kverandre.

    Lars Ingve Sinnes

    18 Nov 08 at 11:11

Og du tykkjer at?