Umoderande med analog telefon?

Spørsmålet som kverner rundt i hovudet mitt no, er følgjande;

Burde eg gå til innkjøp av ei god gammaldags analog telefonlinje?

Grunnen til det er at eg for andre gong på 2 månadar har klar å drukna iPhonen min. Denne gongen var det litt meir enn litt fukt slik det var sist. Heile sulamitten gjekk rett til botnen av doskåla, og det var vel meir flaks enn uflaks at han ikkje forsvann ned i røyrsystemet under Sandnes City!

I alle fall…eg forta meg i sakte film å fiska han opp att. Panikken greip meg litt, så eg vart ståande og glo litt apatisk på heile greia, men fekk etterkvart samla tankane og drege han på land. No er min kjære til tørk på baderomsgolvet, og sjølv om eg vanlegvis er sterkt i trua har eg vel  mine tvil for augneblinken.


5 responsar på Umoderande med analog telefon?

  1. Mitt ubetinga svar, er JA!

  2. Bjørn Arvid Sinnes

    Så lenge det er reint vann og du har tatt ut batteriet, bør den virke fint når den har tørka opp

  3. @Bjørn Arvid Jau. Tenkte og det…men problemet er jo litt at batteriet ikkje er så let å få ut. Må ha mini-mini-skruejern og sugekopp for å få opp tetlefonen. Men gjorde ein prøvestart i dag, og då lyste i det minste skjermen.

  4. Er berre litt forvåna over at du tok deg tid til å ta bilete av dingsen i skåla.

  5. @Anders Biletet er sjølvsagt eit illustrasjonsbilete. Kameraet mitt låg jo i do… :/

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

*

Du kan bruke disse HTML-kodene og -egenskapene: <a href="" title=""> <abbr title=""> <acronym title=""> <b> <blockquote cite=""> <cite> <code> <del datetime=""> <em> <i> <q cite=""> <strike> <strong>

Attende til toppen