Kvar er satsinga?
Det hender av og til at gamle ting eg har kome over på nettet viser seg å verte dagsaktuelle igjen. Denne gongen var det eit foredrag av svensken Fredrik Härén på Kunnskapens dag i 2007. Under har eg lagt eit lite utsnitt av det som var mest aktuelt etter det eg kom over i dag. Heile føredraget kan du sjå meir av her;
Grunnen til at videoen ovanfor igjen vart hyperaktuell, er ein artikkel hjå Digi.no frå i dag, der dei kan fortelje at Huawei no er verdas tredje største aktør innan marknaden for mobil infrastruktur. Det siste året har dei nærast dobla marknadsandelen sin, og Härén trekte dei altså fram på føredraget sitt året før der igjen, altså i 2007.
No er eg sterk motstandar av Ã¥ tru alt det ein les i media om dagen…dei har pÃ¥ ein mÃ¥te sparka bein under seg sjølv tykkjer eg, men ein kan vel likevel settja ein tankekors om ein koblar det siste døgerets utvikling i Asia saman med det Härén snakker om, og ser pÃ¥ den ujamne satsinga pÃ¥ skule rundt om i Noregs mange kommunar.
I eit av verdas rikaste land burde ein kunne unngÃ¥ Ã¥tferdsproblem i skulen…i alle fall nÃ¥r den sittjande regjeringa skryt av si satsing pÃ¥ skulen. Etter snart eit Ã¥r som lærar veit eg ein ting; regjeringas ord er langt frÃ¥ realiteten i skulen!
