Grassat moro

Det er etter kva eg kan skjøna mykje rart småbarn finn på, som aldri vert dokumentert. Dokumentasjonen er vel gjerne i ferd med å verte det minste problemet i desse digitale aldrar, og i staden for å glede seg over moglegheitene dette gjev, uroar folk seg i stor grad for kva slags negative ting som kanskje kan verte gjort med bilete og film.

Personleg tykkjer eg slikt uttrykkjer ei haldning til menneskja som er alt anna enn positiv. Det er mest ei fallitterklæring til sine medmenneskje. Sjølvsagt er sjansen der for at noko galt skal skje, men eg trur at ein ikkje skal ta sorgene på forskot…akkurat slik ein ikkje går rundt og reknar med å døy, sjølv om alle veit at det skal ein jo ein dag.

Eg har to brør som har hatt ein del kreative forslag oppigjennom. Eit av dei er dette; då plenen nett hadde vorte frisert og graset fortsatt låg lageleg til, fann desse innovatørane ut korleis ein lett kan byggja kropp utan evinneleg med trening og ein stram plan for dagleg inntak av mat og væske.

tas0007


Litt for mykje drama i kvardagen

I dag var eg ei hårsbreidd i frå å mista lillebror min. Han har diabetes. Det er mange år sidan han fekk sjukdommen, og det er stort sett ikkje noko problem korkje for han sjølv, eller for folk rundt han. (Sjølv om kosthaldet hans nok til tider skulle tilseie at han ikkje har denne sjukdomen.)

I dag tidleg gjekk det derimot ikkje så godt. Han vakna opp til eit anfall etter at blodsukkeret hadde falle til eit nivå der det ikkje skulle vere, og han endte opp i eit diabetisk anfall med krampetrekkningar og etterkvart vart han også medvitslaus.

Då sjukebil, doktor og luftambulanse etterkvart kom til staden, var han i ferd med å koma til seg sjølv att. Likevel er det ei skremande oppleving, og det er langt i frå sikkert at alle faktisk er klar over at det er ei medisinsk årsak bak anfalla. Då eg var liten og kom til å slå meg, blåste mi mor alltid på staden eg hadde slått meg og sa «det vil helst gå godt». Det gjorde det heldigvis også denne gongen. Likevel kom eg til å tenkje på noko.

Her i dei grisgrendte stroka skjer det ting utanom det vanlege nokre berre få gonger i året. Då aukar folketalet dramatisk, og saman med det, også sjansen for at livstruande situasjonar skal oppstå. Nett slik som i tilfellet til min bror.

I vinter og påskeferie er Røde Kors til stades med sine friviljuge. Det er også meir helsepersonell til stades. Men resten av året er ein avhengig av ein lege som er 30-40 minutt unna. I tillegg finst det ein hjartestartar på Sinnes skule. Men skulen er jo stengd i helgene.

Det var berre ein tanke som slo meg, men kvifor er det ikkje stasjonert ut ein ekstra sjukebil/lege i Øvre Sirdal dei få helgene/dagane i året det faktisk er ein del folk er? Har dette spørsmålet vore oppe til diskusjon i det heile tatt? Hvis ikkje så vil eg mest påstå at det er på tide. For det er langt i frå sikkert at det vil gå like godt neste gong noko livstruande hender.

Til slutt vil eg gje helsepersonellet som dukka opp all honnør for deira ro, gode råd og gode evne til å handtera situasjonen!

Filmtrailer: «No impact man»

Ein film eg utan tvil skal sjå!

Attende til toppen