Meir om nettmobbing

For dei observante lesarane, var altså gårsdagens skriveri frå mi side om å stengje tilgangen til nettfora som Facebook og liknande, eit ironisk sleivspark til styresmaktene.

I dag har Dagbladet ein artikkel om same saka. Rådet som vert gjeve i artikkelen er å melde saka til politiet, men vil det verkeleg gjera noko med problemet?

Den skal tidlig krøkast...

Er det slik ein gjer i røynda når ein ser mobbing…melder det til politiet, og reknar med at då vert det slutt?

Nei det er nok litt feil veg å gå er eg redd. Det vil kanskje gjere noko med symptoma for ei tid, men å kurere sjølve sjukdomen er det langt i frå at det gjer.

Artikkelen til Dagbladet gjer det tydeleg at det er Facebook som er arenaen for mobbinga i Drammen. I den same artikkelen seier forskar ved SINTEF, Petter Bae Brandtzæg, dette;

De [lærarane] har gjerne ikke oversikt over nettmedier. Når elever kritiserer dem anonymt, blir kritikken ofte mye krassere enn ellers. Anonymitet fører til at hvem som helst kan kaste en sten, sier Brandtzæg.

Har Brandtzæg vore på Facebook sjølv? Eg er tvilsam, for hadde han vore det, ville han ha merka seg ein ting…sosiale fora har utvikla seg sidan 90-talet og IRC med sine nick. I dag er det å ha ein digital profil, ein autentisk ein, eit must. Folk kryp ikkje lenger rundt i nettskya og gøymer seg bak kallenamn. I alle fall ikkje på Facebook.

Men det handlar om kompetanse. Som alltid. Kva kan elevane eigentleg? I mi tid på barneskulen var Internett nytt og spanande. Nokre gutar i klassa var høge på pæra skreiv ein «anonym» epost til frontfiguren i eit lokalt band der innhaldet nok i dag ville ha vorte karakterisert som mobbing. Der og då så dei nok på seg sjølv som kule og barske…dei var jo hackarar. Då det gjekk opp for dei at dei hadde vorte avslørt fekk pipa ein annan lyd.

Eg likar ikkje å skrive kommentarar slik som dette, for det vert berre ord. Nye ord. Fleire ord. Det er ikkje det som trengst! Ein skape gode haldningar hjå dei små allereie frå tidleg alder. Då må ein som forelder og vaksen vere klar over kva ungen gjer på nett. Ein bør rettleie, engasjera og motivera gjennom å vera i forkant.

Kanskje kan slike ting som Bruk Hue vera noko som kan vera med på å bidra til eit godt grunnlag for podens digitale kompetanse? Eller kva med Medietilsynet sine Trygg Bruk-sider? Lurer du på kva du treng å kunna for å imponera junior? I så fall har bloggaren Eva laga nokre gode retningsliner for kva ein kan starta med.

Online behaviour vs. behaviour in «real life»

Today The Australian presents an article about the internet habits of the average australian. The conclusion is that one fourth of the time spent on internet is used on social networking sites, these days synonymous with Facebook and Twitter.

Australians visited social networking sites more frequently than they visited their bank or credit union’s internet site to access essential financial services

Hmm…it is a weird thing that internet. Making people act funny! In real life, I always make sure to talk to my bank representative just as much as I talk to my friends. Don’t you?

Resultat av å stenge for sosiale media?

Utdanningsnytt melder om ein lærar i Drammen som har vore offer for det som vert karakterisert som mobbing på Facebook.Facebook bør sperres!

Sånn kan det altså gå når slike moderne ting skal inn i klasserommet! Eg trur at dersom ein hadde gjort som andre kommunar har gjort, ville ein ha sluppe unna heile problemet. Sjå også gjerne på føregangsland som dette når det gjeld å handtera problem som dukkar opp som følgje av slike djevelens vertkøy som det IKT er. Det vil på ingen måte gjere det meir spanande å nytte tenester som dette tullballet byr på!

Eg oppmodar altså Drammen kommune til å gjere som Forsand, å stengje for heile Facebook for på den måten å koma utysket til livs!

Politikarforakt

At eg har ei viss form for politikarforakt er vel gjerne ikkje heilt ukjend. Noko av bakgrunnen for dette er mellom anna at det har vorte normalt å gjera karriere som nettopp politikar. For samfunnet sin del trur eg ikkje det er eit klokt val. For som det vert sagt i Høgre sine nettsider;

Det skal lønne seg å jobbe.

No har det seg slik at eg skil mellom det å jobbe og det å arbeide. Akkurat det er nok i stor grad min gamle lærar Magnar Undheim si skuld, men jo meir eg tenkjer på det, jo meir meining gjev det. Forslag til Høyres parole: "Det skal lønne seg å jobbe"For om du ser på ordboksdefinisjonane av dei to orda, vil du leggje merke til at ordet arbeid er mykje meir konkret enn ordet jobbe.

Eg veit ikkje om Høgre har tenkt på det, men halve definisjonen av sjølve ordet jobbe er jo faktisk det å arbeide med aksjar. Med andre ord; flytte papir.

Å gjere ein jobb til eit arbeide er for meg ein uting. Å vere politikar er jo strengt tatt ikkje eingong ein jobb. Det er eit verv. Eit tillitsverv til og med. For å gå vidare på tilfellet Høgre…Per-Kristian Foss har pr. i dag 28 år og 120 dagars ansenitet på Stortinget. Han har altså vore lenger på Stortinget enn eg har levd. Og så spør eg meg sjølv: har Per-Kristian Foss noko arbeidserfaring i bagasjen? Vel, ja. I følgje Stortinget sine sider har han heile tre år bak seg i journalistpraksis, og eit år som konsulent. Eg vert ikkje overtydd.

La meg så koma attende til sporet eg eigentleg er på.

Bilete frå UiB: Anders JohansenFør valet i år var det mange politiske debattar. I og for seg så er eg ganske nøgd med at eg kun fekk med meg eit par av dei. Eg tykkjer det er godt gjort når heile medienoreg køyrer valkamp for fulle mugger, og politikarorda tyt opp av kvart eit kummelokk. I Språkteigen den 13.09.09 vert politikarspråk teke opp som tema, og hadde Anders Johansen vore på val, veit eg i alle fall at han skulle fått mi stemme!

Set av 8 minutt, og høyr på kva denne professoren ved UiB har å seie om akkurat politikarspråk:

Audio clip: Adobe Flash Player (version 9 or above) is required to play this audio clip. Download the latest version here. You also need to have JavaScript enabled in your browser.

Attende til toppen