iTunes og kjøpshistorie
Eg tok akkurat ein kikk på kjøpshistorikken min i iTunes. Det var noko som slo meg med dei siste tre kjøpa mine…er eg inne i ein «dum» periode?
Eg tok akkurat ein kikk på kjøpshistorikken min i iTunes. Det var noko som slo meg med dei siste tre kjøpa mine…er eg inne i ein «dum» periode?
Det er ledig stilling hjå adjunkt Sinnes som lærarsekretær med tiltreding sna
rast. Arbeidsoppgåvene er varierte og går i hovudsak ut på å sørge for at alt utanomfagleg arbeid som eg har, vert gjort unna. Slik ynskjer eg å kunne fokusere 100% på sjølve undervisninga.
Av kvalifikasjonar du har er følgjande aktuelle;
Søndag er turdag. Derfor vart eg med Birthe ein liten tur ut til Jærstrendene. Laksen hoppa nøgd i elva då regnet kom. Me gøymde oss i ein gapahuk for fluefiskarar, sjølv om me ikkje akkurat hadde laks på middagsmenyen.
Det irritterande var at bygeveret var særs lokalt, slik at vegane stort sett var tørre heile vegen heim art. Men eg fekk da i det minste gått på hengebru og hatt føtene i sanden!
Google er etterkvart eit kjend merkevarenamn. Me kjenner vel alle Google Search. Me har og Google Earth, Google Maps, Google Mail, Google Video, Google Reader og sist men ikkje minst, Google Docs! Sistnevnde har eg drive å fikla litt med i dag.
Eg oppdaga eit nytt val i menyane til Docs som eg ikkje hadde sett før i går kveld. «Form» heitte det. Norsk omsetjing vert altså «skjema». Og det heile er eigentleg ufatteleg genialt!
Når du klikker på menyvalet, vert du teken til ei ganske enkel side der du skriv inn spørsmålet, og vel mellom eit lite utval av svarformer. Kortsvar, lengre svar, fleirval, avkryssing, val frå liste og skalering. Noko for ein kvar smak, og noko som kan vera gunstig til dømes i ein undervisningssituasjon. Ikkje alle elevar er like glad i å skriva lange avhandlingar veit me jo som kjent, så då kan gjerne eit par fleirsvarsoppgåver gjera det heile kjekkare.
Men så kjem me til det som er veldig greit. Når ein har laga ferdig alle spørsmåla kan ein velje å antan sende ut skjemaet til e-postar, eller ein kan implementera skjemaet på ei vevside. Magien kjem fram når den fyrste respondanten har sendt avgarde svaret sitt. Vips, så dukkar det opp eit rekneark med svara som folk skriv inn. Ufatteleg greit med tanke på oversikt, men og når det gjeld dokumentasjon av arbeid. I tillegg slepp ein unna haugevis med papir og har alt på ein stad.
Nedanfor er eit lite spørjeskjema eg laga på fem små minutt. Test det ut! Det ligg også ein video heilt nedst her som kan vera nyttig å sjå på om du funderer på å ta i bruk Google Docs i undervisninga.
Eg fann akkurat eit program for iPhonen som gjer at eg no kan skriva innlegg frå den og no. Morosamt!
Det vert nok ikkje dei store innlegga, men det er i det minste kjekt å ha sjansen til å gjera nettopp dette.
Men no fer eg venda attende til boka mi her eg sit og skodar ut over Sandnes!
Sirdal kommune slit litt med folketalet. Det er kome fleire uttalelsar omkring denne utfordringa. Kommunen har sett seg som mål å verta 2020 innbyggjarar innen 2020. Kor seriøst det målet er gjenstår no å sjå. Eg tykkjer i alle fall ikkje dei gjer seg make med å tiltrekkja seg nye, faste innbyggjarar, men det er no meg.
Gunnar har kome med eit forslag om å ta i mot 100 flyktningar innan 2010 noko som eg vel må sei er av dei meir kreative! Men det bleiknar likevel i høve til den strategien som Mt. Isa i Australia ser ut til å gå for (dei opplever fråflytting av jenter/kvinner);
UGLY girls are in luck: Mount Isa’s mayor says there’s a shortage of women in his town, and not-so-attractive maidens would do well to head there.
Ordføraren i Mt. Isa, som har ein økonomi basert på gruvedrift, tek altså her fatt i ei utfordring på ein særs kreativ måte. Han vil ha stygge jenter til byen sin for å dekka opp om behova til gruvearbeidarane og for at dei skal få eit betre sjølvbilete! Det at Mt. Isa i hovudsak baserer seg på gruver og då altså (i hovudsak mannleg) arbeidskraft som kjem til byen midlertidig gjev meg to tankar;
I alle fall…ein finurleg måte å få nye sambygdingar på frå down under der altså!
[For meir lysteleg lesing om saka, jfr. Townswille Bulletin]