God Jol!

Ja då har pinnesteika senka seg i mellomgolvet i takt med julefreda her i Leidli og romjula gjev oss nokre etterlengta fridagar før neste høgtidsfeiring, Nyttår. Men i tråd med urnorske tradisjonar, så er det jo nettopp dette heile høgtida handlar om.

Ein merkar også så smått at ein er blitt litt eldre. Gåvejaget er ikkje fullt så spanande lenger og ein set heller større pris på dei små ting. Spel og leik med vener og famelie, snødrev utanfor stovevindauget og Roald Øyen i TV-ruta med sine julenøtter har dei siste åra oppnåd ein betrakteleg høgare ansenitet på mi personlege Jolerangering.

Men i år gav eg meg ei litt spesiell gåve. Eller fleire faktisk. Men ei som eg har tenkt litt på før:

Utmelding av statskyrkja

Kyrkja får pengar av staten for kor mange medlemmar dei har på lik linje med andre trusamfunn. Sidan eg ikkje har noko spesielt mykje att for dette medlemsskapet, og med tanke på at skattepengane mine går med til å betala for mitt medlemsskap her har eg rett og slett kome fram til det at det ikkje er noko voldsomt poeng å fortsettja i denne klubben.

Så får ein berre satse på at det etterkvart kan kome litt meir av det kvite mjuke frå oven!

God Jul, og ha eit godt nytt år! :)

Åtvaring!

No i desse juletider går fleirfaldige plastikkort varme idet dei vert sveipa gjennom bankterminalen fortare enn grautskeiene i risengrynsgrauten på Jolafta! I så måte har eg erfart eit par småting dei siste dagane. Er du ikkje kunde i SR-Bank er det ikkje sikkert dette gjeld deg, men sjekk likefullt.

For det fyrste så har min kjære bank som eg har vore så trufast mot i alle desse år no funne det for godt å gje brukskontoen min eit nytt namn. Det fengande «Alltid» er namnet på det vidunderlege nye konseptet. Av flotte ting SR-Bank kan freista med er mellom anna;

  • Visa
  • Mastercard Gold
  • Gratis bruk av kortet for varer og tenestar i heile verda
  • Gratis uttak av kontantar i SR-bank sine minibankar i Noreg
  • Gratis rekningsbetaling
  • Gratis veksling av valuta
    og sist men ikkje minst…
  • VALFRITT motiv på Visakortet

Og alt dette til berre, og eg gjentek berre 30,- månaden! Eit røvarkjøp med andre ord! Men vent. La oss gjera litt grunnleggjande matematiske utrekkningar. Fyrst er det kanskje eit poeng å vera klar over at eg til no har betalt 275 kroner i året for at SR-bank skal få passa på pengane mine, og for at eg skal ha tilgang til midlane mine gjennom minibankar og nettbank. Men gjer no eit kjapt reknestykke…30+30+30+30+30+30+30+30+30+30+30+30…eller 30*12…det vert jo 360 kroner!

No er kanskje ikkje 360 kroner all verdas mykje pengar, men det er noko med det prinsippielle. Kvifor skal eg betala meir pengar for dei tenestene eg har lista opp ovanfor? Motivet på Visakortet mitt gjev eg ganske enkelt blanke i, veksling av valuta kostar meg rett og slett ikkje meir enn at eg klarar å betala 40 kroner pr uttak. Det er trass alt ikkje så ofte eg er utanlands. Rekningsbetaling har vel såvidt eg veit vore gratis allereie, det same har uttak frå SR-bank sine minibankar vore. Bruken min av kort for å betala varer frå utlandet er ikkje noko eg gjer til dagleg. Mastercard er beint fram uaktuelt å skaffa seg. Og til sist…Visakortet har eg jo «alltid» hatt likevel. Med andre ord. Eg er altså havna i den heldige situasjonen at eg betalar 85 kroner meir for dei same tenestene eg har hatt tilgang til alltid. Litt ulogisk med tanke på at utviklinga til ei kvar tid siktar seg inn mot billegare og meir effektive løysingar!

Og så over til mitt andre ankepunkt i høve til SR-bank…her om dagen var eg sittjande å bla gjennom gamle årsoppgaver. Då eg i dag gjekk inn att på nettbanken min for å betala semesteravgift. Då lyser det ei rekkje med raude tal mot meg.

Gebyr

Når hadde eg fått melding om dette? At det kostar med 5 norske kroner å gå inn å sjå på  gamle årsoppgåver? Heller ikkje dette er dei store summane, men her er det altså igjen dette med prinsippet som gjer seg gjeldande!

Brandsaar

Brandsaar behandles fortreffelig med hviten av et egg, og det har man næsten alltid ved haanden. Nogen paastaar endog at den er bedre end den saakaldte eggeolje, der er en blanding av linolje og kalkvand. Den gode virkning skyldes luftens utelukkelser.

Litt nostalgi i Jolestria

Året er 1994. OL på Lillehammer er over og dei siste spor av snø som kan innby til vintersport er borte vekk. På Sinnes Skule stiller mellomtrinnet opp på rekke og rad i skulegarden for å få tildelt kvar sitt område og ein obligorisk søppelsekk. Det er tid for den årlege vårreinskinga av grøftene langs hovudvegen i Øvre Sirdal.

Med sekkane over skuldrene, hanskar på hendene og England i blikket tok dei fatt på oppgåva med ein innsatsvilje som kan måla seg med Sture Sivertsen’s 50 km-innsats i det nevnte OL.

Mon tru om tradisjonen endå vert halden i hevd….

To Sirdølar sin innsats for miljøet…

Indgrodde negler

Man bør aldrig skjære eller klippe sine negler paa tærne paa en saadan maata at man avrunder  hjørnene. Hvis man blot iagttar den forsigtighetsregel, altid at klippe neglene paa tærne ret over uten at avrunde hjørnene, vil man sikker undgaa alle de lidelser som følge av indgrodde negler. Det vigtigste man har at gjøre, hvis man allerede har saadanne, er derfor at la dem vokse uforstyrret indtil de er forbi spidsen av taaen, og derpaa klippe dem ret og saa fortsætte dermed.

NRK Super? Takke meg til Barne-TV…

Det hender eg gjer litt nostalgisk søking på internettet. Denne gongen enda turen her (skulle jo sjølvsagt vore på nynorsk, men det var ikkje å oppdriva.);

Førjulsjulegåve

Som ei lita julegåve til meg sjølv, mine med-AA-studentar og elles andre besøkjande på dalstroka-innafor.net har eg lasta opp nokre bilete frå snorkeldagen me hadde på Great Barrier Reef utanfor Cairns.

Rundtur i galleriet….

Attende til toppen