Election ’07: resultatet

Då er det endeleg avgjort. Etter månader med spekulasjonar på om John Howard kjem til å skriva ut til nyval snart, var det nettopp det han gjorde for ein månad sidan. I går vart valet halde og idet eg stod opp i dag kunne eg til mi store glede sjå at Kevin Rudd, opposisjonsleiaren og den argaste konkurrenten til John Howard har gått av med sigeren.

BBC kan melda at etter at 70 % av stemmene er opptelt, så har Rudd allereie fått dei 72 seta i Senatet som var påkrevd for at det Australske Arbeidarpartiet skulle få fleirtal der.

Etter 11 år med Howard ved roret var nok dei fleste litt lei av han. Fleire av førelesarane me har hatt i løpet av mitt studieopphald i Australia var og tydeleg misfornøgd med tilhøva slik dei var no, og kanskje spesielt med nokre av dei politiske ståstadane til Howard. På spørsmål som Krigen i Irak, Kyotoprotokollen og i høve til rettane til dei Australske urinvånarane var Howard etterkvart blitt ganske så kontroversiell.

Men no er det altså tid for «New Leadership» (slagordet til Rudd & Co), så då er det berre å lena seg attende og sjå på kva retning Australia vil ta i dei næraste åra. Rudd får i alle fall eit rungande «good on you mate» frå meg.

For meir info om valutfallet: http://www.abc.net.au/elections/federal/2007/

Oioioi…

Alternativ #1

Alternativ #2

Alternativ #3

Eg har vorte skamfaren! Så enkelt er det. Og eg har lært meg ei lekse. Saka er at i dag gjorde eg alvor av tankane eg har hatt lenge om å få litt meir schwung på manken til eg kjem heim til jul. Strengt tatt burde ein vel kanskje latt det ha vore i og med at ein nok kan ha god bruk for litt ekstra på toppen når gradestokken synk til faretruande låge nivå.

Likevel vart det for varmt med denslags frisyre her, så etter ein gåtur til Air Itam Dam som gjorde at eg kunne krysse av i journalen for både trim og sightseeing i dag, svingte eg innom ei frisørsjappe borti gata. Eg stakk hovudet innanfor døra for å høyra om det var ledig time og joda, det var berre å kom om ein halvtime det. Eg ruser inn på Logden for å få meg ein dusj og vaska av den verste svetta før eg skal bort å sette meg på hoggestabb….i frisørstolen. Sjølvsagt var vatnet borte til 15 så det var dårleg med vask.

Men eg returnerte attende nokre straksar etterpå og vart møtt med hårvask og gode greier der. Strålande, tenkte eg. Men det er merkeleg med det. Du kan på eit vis skilje erfarne/dyktige frisørar frå ikkje fullt så erfaren etter berre nokre få kutt med saksa. Ja til og med også berre etter korleis dei handterer håret ditt før dei set i gang. Eg fekk ikkje den heilt gode kjensla for å seie det sånn. Men no sat eg jo der så det var kanskje litt i seinaste laget å ta beina på nakken ut døra. Eg fekk bli sittjande og ta sjansen.

Som du kan sjå av bileta til høgre, var det sjølvsagt mange alternative utfall av seansen. Owen-looken var vel kanskje den som låg nærast ideane mine i utgangspunktet. Jude Laws høge viker kunne til nød og passert sensuren min. Til og med ein litt slesk, brylkrembefengt 50-talslook kunne i eit tvilstilfelle vore i orden. Men kva ender eg opp med? Etter ein halvtime i stolen, med ei overvekt av arbeid på mi venstre side og eit kvarters oppføning etter at siste klippet vart teke så kom eg ut frå salongen sjåande ut som om eg har hatt eit Obelixuhell med Wella’s mest volumiøse produkt! Det er av omsyn til omverda at eg ikkje rørte eit einaste hårstrå før eg fekk festa dette til film. For dette er då eit perfekt eksempel på slik ting ikkje skal gjerast. Så her er den nye cutten min…uncut (og ja…bildet kan klikkast på og vil då dekkje store delar av skjermen, samtidig som at eit trykk på «n»-tasten på skriveplata di vil ta deg vidare til det neste framifrå biletet i serien);

Oops








Kva har me lært av dette kan du kanskje spørre? Vel to ting.

1. Det er billeg å klyppe seg i Asia. 20 ringit (32 NOK). Det er jo berre ei stadfesting av mi forrige oppleving i Thailand for fire år sidan, som i motsetting var den beste klyppen eg har hatt nokon sinne!

2. Beveg deg aldri, og eg gjenntek ALDRI i nærleiken av ein Kinesisk frisørsalong. Du går kanskje inn der med ein hårball utan like på hovudet, men det du kjem ut med er ikkje anna en ein masseprodusert kommunistsveis som er standardisert og utprøvd på millionar av menneske i Kina gjennom fleire tiår.

Biletoppdatering…

Bilete frå Penang kan sjåast i galleriet. (eller trykk på «Bilete»-fana over)

Middel mot fluer

2 spiseskefulde formalig blandes med en 1/2 liter melk; derav heldes paa en flat tallerken, hvori lægges en brødskive. Fluene sætter sig paa brødet, suger væsken i sig og dør.

On the road again…

Då er eg på veg atter ein gong. Denne gongen er det heimvegen eg har teke fatt på, men før eg kjem så langt tenkte eg at sidan eg var i nabolaget ville det vera dumt å ikkje ta seg nokre soldagar i Malaysia sånn før ein vender attende til mørke Noreg.

For dei som fyljer med på vervarslingane frå andre stader i verda enn akkurat dalstroka-innafor, så kjem det vel ikkje som noko bombe at det for tida er monsunsesong i Malaysia og omegn. Dette har den effekten at det er heller lite sol men desto meir regn. Kanskje ikkje heilt det eg hadde håpa på…det skal eg nok ærleg innrøma, men ein får ta det ein får og gjera det beste utav det.

Det positive eg har fått ut av det er at eg har truffe folk som eg nok aldri hadde kome i kontakt med dersom eg hadde levd det late slaraffenlivet på stranda som andre kanskje gjer. Fyrste dagen her kom det ein australiar og lurte på om det var ledig ved frukostbordet og vips så var min leikekammerat for resten av den dagen i boks. Me traska rundt her i Georgetown og gjorde turistting. Tok «Fløybanen» opp til toppen av Penang Hill (sånn rundtomkring 500 m.o.h eller så), og deretter tusla med til ein 120 fot stor buddhastatue for å sjå på han. Det er fascinerande å sjå korleis Buddhistar kombinerer ein fleire tusen år gamal religion med pur moderne kommersialisme. Om nokon ynskjer seg noko spesielt til jul, så kan eg til dømes freista med ein 1 meter høg statue av Buddha. Berre gje meg eit lite pling så ordner me det!

Elles har eg drukke kokkosnøttmelk og sukkerrøyrsaft. Ingen av delane var strengt tatt heilt opp til det eg hadde tenkt meg. Har og tusla forbi eit par Varanar (øgler) på rundtom 2 meter…sørgjeleg nok skreik eg ut til Ally (australiaren) så han skulle sjå, og vips hadde dei begge to klart å gøyma seg i buskaset. Og så til sist tenkte eg at eit par bilete kunne vera artige å sjå på. Dei er frå litt rundtomkring, både Cairns og her på Penang.

Solnedgang over Cairns

Middel til at styrke øinene

Hertil anbefales at man koker en smule fennikel i en kop melk og lar blandingen avkjøle. Heri dypper man saa en lerretsklut, og om aftenen naar man gaar i seng, lægger man den over øinene og lar den ligge hele natten. for at forhindre at klædet glider bort fra øienlokkene, kan man lægge et rent lommetørklæ som bind utenpaa omslaget. Naar man vaakner den følgende morgen, vil man finde at den eiendommelige brændende smerte i de angrepne øine er ophørt, og ved oftere anvendelse av dette aldeles uskadelige middel vil smerten snart forsvinde fulstændig.

Haarets behandling

Det er av stor vigtighet at man flittig reder og børster haaret. I alle tilfælder bør man gjøre det likesaa omhyggelig om aftenen som om morgenen. Til haarvasken skal man bruke lunkent bløtt vand og almindelig toiletsæpe, og hvis haaret har let for falde av, kan man tilsætte noget fransk brændevin til vaskevandet. Er der stærk skjældannelsen, indgnir man haarbunden med tjæresæpe saa den staar i skum, og skyller derpaa godt, først med lunkent, bagefter med koldt vand.

Attende til toppen