Pinsetankar

I dag vil eg berre dele eit par gode sitat eg har høyrt i helga. Dei fekk tankane mine til å kverne båe to. Kan hente gjer dei det same for deg.

«Ung kan ikkje lære av gamal, kunne han det, vart han gamal sjøl og våga seg ikkje på livet.»

- Arne Garborg (via Twitterbrukaren @Ullert)

I tillegg kom eg også over eit frå andre andre sida av jorda.

«I think it’s fascinating that we have a profession where kids come to school to watch us work.»

- John Hattie

Vi treng ein utdanningsrevolusjon

Sir Ken Robinson er tilbake igjen med nok ein glittrande tale via TED:

Grunkar…det er der me er komne

Ny nettstad for Sirdal kommune

I desse dagar er Sirdal kommune i  ferd med å stabla ein ny nettstad på plass. Utviklingsutgåva kan sjåast på denne adressen.

Mitt spørsmål til deg er: kva målform ventar du deg når du er innom www.sirdal.kommune.no?

Shelter from the storm

Ole J. Røsten fann ein fin film i dag. Inspirerande!

Status quo

19.03 2003 befann eg meg i Kathmandu, Nepal. George W. Bush hadde nett sett i gang krig i Irak til cricketinteresserte Indarars stor irritasjon.

Karikaturteiknaren Rajesh KC hadde fått utfalda seg i ei av Nepals nasjonale aviser, og det eg trudde var ein særs treffande kommentar i 2003, viser seg å vere kanskje endå meir aktuell i 2011.

For i dag hadde Dagbladet eit fotografi frå Det Kvite Hus, tilsynelatande midt under likvideringa av Osama bin Laden;

På mange vis er det trist å konstatera at ein dei siste ni åra ikkje har kome lenger. No krev «folket» også bilete direkte frå sjølve hendinga. Mitt spørsmål er: treng me verkeleg slikt?

Rex Hammock tek forøvrig opp eit godt poeng. Biletet er eit studie i kor lite tilfeldig slike bilete er.

Avfallskrigaren

…og har du meir enn halvanna minutt, kan du gjerne ha glede av å sjå heile her.

Attende til toppen