Bitstrips

Nok ei stripe frå Bitstripsbrukaren Branzeburg. Bitstrips har forøvrig moglegheit for lærarkontoar der ein lett kan gje tilgang til elevgrupper.

Byråkratpedagogar

June Breivik kvitra om frykt for overvaking i den vidaregåande skulen i Vestfold her om dagen. Dette er nok eit eksempel på at politikarar og kommuneadministrasjon tek heile føringa for korleis IKT skal nyttast i skulen.

Eg har tidlegare teke fatt i nettopp dette temaet, og på leirplass i denne vekas Computerworld skriv Henning Meese om den (manglande) digitale kompetansen hjå lærarar. Meese tolkar Egil Børre Johnsen slik;

«Han mener den digitale satsingen har hatt liten effekt fordi lærerne ikke er skolerte i å ta verktøyene i bruk.»

Vidare vert det av Computerworlds skribent sagt at «Skolemyndighetene har hatt en overdreven tro på at pc-er og internett i seg selv skal gi pedagogisk gevinst.» -H. Meese (2009), Computerworld. Nøkkelordet her er for meg «skolemyndighetene».

Det finst neppe forsking på området, men det hadde vore eit interessant studium å sett på talet norske lærarar som sjølv har fått vere med å bestemma kvar datamaskinane skal vere, og ikkje minst, kva som skal vere på dei. Det dømet eg nevner i starten av denne bloggposten, er berre eit av mange eksempel på at byråkratiske krefter tek totalt styring over den digitale biten i eit klasserom.

Eg kjenner personleg til ein del tilfelle der politiske vedtak er det som ligg bak den digitale røynda i eit klasserom. (På merkeleg vis gjekk administrasjonen i dette tilfellet inn og overstyrte politisk vedtak, då det gjekk opp for dei at det politiske vedtaket nok ikkje var av dei beste.) Dette har eg problem med å akseptera som ein god ting, antan det no er politikarar eller tilsette i kommune/fylkesadministrasjon som står bak avgjerdene. Min påstand er at desse ikkje er i ein posisjon der dei fullt ut ser konsekvensane av dei vala som vert tekne på eit kontor, som kanskje ligg milevis i frå næraste klasserom.

I vidaregåande skule har kvar elev sin eigen berbare datamaskin, antan ein PC (Personal Computer), eller ein Mac. I grunnskulen er det ikkje slik. Der er PC synonymt med public computer, og dette gjer at alle har dei same rettane til å gjera endringar på maskina. Altså ingen rettar. Det er her litt av problemet ligg etter mitt syn. Korleis skal dei små lære kva som er galt, om ein ikkje har moglegheiten til å feile? På ein skuledata er det ingen konsekvensar for om ein gjer noko gale, nettopp av di ein ikkje kan gjere noko gale.

Det vert teknisk no kjenner eg, men bodskapen er denne;

Det er etterkvart fleire og fleire lærarar i skulen med meir digital kompetanse enn mang ein politikar. At denne er skulelærd er vel i dei fleste tilfelle tvilsamt. Det er likevel ei stor utfordring at mange ikkje har moglegheiten til å få utnytta sine kunnskaper. Du skal leita godt for å finna pedagogar som underviser heilt likt. Ein har alle sine positive og mindre positive eigenskaper, men når det kjem til den digitale skulen ser ein ikkje noko til tilliten mellom pedagogane og skulestyresmaktene. Dette er ein uting, og eg trur nok det er noko av grunnen til at me, sett bort i frå nokre datamaskinar til fellesbruk, ikkje har kome særleg langt dei siste 10 åra.

Det får vere dagens hjartesukk. Takk til @albaab for RT av @kyrkjebo

PS! Om «byråkratpedagog» er eit ord i den eine enden av skalaen, må ordet Johnny Eriksen har skapt vere i totalt motsett ende; «praktpedagog»

NB! Sjå også Espen Gruer sin bloggpost om nokonlunde same tema…

Nye kritt og blyantar

Jeg tror mange er litt engstelige for å prøve ny programvare. De er redd for at de skal ødelegge noe, men sånn er det jo ikke. Man må våge å prøve. -Eva Brattvold

Eg opnar med det sitatet berre for å slå ein ting fast med ein gong. Eg er ikkje blandt desse. I dei åra eg har halde til med å sysla med IKT har eg alltid vore interessert i nye program, eller verkty som det jo strengt tatt er. Nye utgåver av Windows/*nix har vore spanande sidan eg kjøpte min fyrste cd med Windows tilbake i 1995. Eg oppgraderte frå Windows 3.11.

15 år seinare er det Apple og Google som ligg i front når det gjeld programvare. Google starta som søkemotor. No er det RSS-lesar, nettlesarkontorpakke, e-post, kart, virtuell verd, 3D-program og bilethandsamingsverkty…for å nemne nokre. Apple i sin tur gjeve dei mange utviklarande verda over ein moglegheit til å laga nye, flott verkty, og tena penger på dette på iTunes App Store. Dette trikset har no også Google teke etter.

Velkjende ny-ord som Youtube, Facebook og Twitter er og ein type nye verkty som har dukka opp i nekksplosjonen (nok eit ny-ord?) som har funne stad i det siste. Desse orda har vorte ein del av den vestlege verdas kvardag. I følgje VG er 1,5 million nordmenn deltakarar på Facebook. (Talet er vel og merke eit år gamalt.) Likevel har nokre kommunar grillar i hovudet om at Facebook og andre sosiale nettstader er fandens verk. Her kjem eg med ei utmaning til media; følg opp! Korleis har det gjenge med mobbesituasjonen? Har det vorte mindre/meir? Har det i det hatt nokon effekt? Forsking på dette hadde kanskje vore noko for ei masteroppgåve i IKT i læring? (Hmm)

Eg trur ikkje dei ansvarlege for å stenge tilgangen til sosiale nettstader gjer det så mykje på bakgrunn av forsking. At media luktar «sak» og set (negativt) fokus på kommunen/skulen har nok ein meir skremande effekt enn mang vil ordførarar vil innrøma.

Ta gjerne saka i Sola kommune som eksempel. Med atterhald om journalistisk fridom, så uttalar altså hovudvernombud Steinar Dahl-Michelsen at «kommunen har uttalt at den har veldig lite lyst til å møte i retten på grunn av mulige helseskader fra stråling«. Etter det eg kjenner til har det endå ikkje kome noko prov om at stråling frå trådlause sendarar har negativ innverknad på noko som helst. Ein tek altså avgjerder på bakgrunn av det faktum at det ikkje har kome noko prov på at slik stråling ikkje har uheldig innverknad. Dersom eg hadde byrja å påstå at eg hadde vorte bortført av små grøne menn, hadde det vore like truverdig. Ingen kan vel prova at eg ikkje har vorte nettopp det?

Poenget mitt er at det er ufatteleg mykje utviklingshemmande krefter i det norske skuleverket. Ein har på eit merkeleg vis ei førestilling om at negative hendingar ikkje førekjem så lenge det ikkje gjeng føre seg på skulen. Bring skulen som institusjon inn for retten, og han vil sansynlegvis erklæra seg sinnssjuk i gjerningsaugneblinken. Men er det på ein slik måte ein tek sjumilssteg opp på PISA-stigen?

Heldigvis har det byrja å kome fram skuleeksempel på bruk av sosiale medium/moderne teknologi i skulen. Liv Marie Schou ved St. Hallvard Videregående Skole har i det siste blogga om flotte timar med både Facebook (Fjesboka), Twitter og mobiltelefon. Dette er initiativ eg står i fremste rekke og applauderer. Det er innovativt og lysår frå den jamne haldninga i skule/kommunenoreg om at forbod er det beste forsvar. Eg skulle gjerne hatt gode eksempel på framtidsretta bruk av IKT i mitt segment av skuleverket og, barneskulen. Det er diverre litt verre å finna eksempel på det. Mon tru kvifor?

Det einaste eg vel kan nemna i farten, og det er ikkje eit godt eksempel ein gong, er at eg krangla meg fram til å få putta nokre av verka til min flotte 2.klasse på nett i dag. (Tema: symetri) Takk vere Google kan elevane vise kreasjonane sine til heile verda, og ikkje berre til dei vaksne som tilfeldigvis er til stades i klasserommet. Samanlikna med korleis det kan gjerast, var det nok eit stunt over den jamne lærars digitale kompetanse. Det er gjerne difor så mange lærarar (etter det mediane fortel) har så usedvanleg høg terskel for å ta i bruk desse boksane.

Personleg ser eg lyset i enden av tunnelen. I dag kom det lovnad om digitale tavler på arbeid til hausten. Entusiasmen min vart så stor at eg med eit høyrde med sjølv rope ut eit høgt «HALELUJA». Orsak til alle som høyrde på, men eg er frelst…digitalfrelst. :)

Påstått dataskrekk blandt lærarar…

Aftenposten kjem i dag med ein artikkel som gjer at det byrjer å syde og koke inne i meg. Med den kraftig provoserande overskrifta «Pedagoger lider av datafobi«, har Kristin Jonassen Nordby utført sin misjon.

Jonassen Nordby siterer Odd Arild Olsen, spelsjef hjå Barnevakta.no;

Skolen kan og bør bruke dataspill langt mer enn de gjør i dag for læring og lek

Eg er heilt utruleg einig i det Olsen seier her! Det er dog ein ting som ikkje stemmer med Olsens teori.

Etter det eg kjenner til er det eit fåtal norske skular som har tilhøva lagd til rett slik at pedagogane kan bestemma kva slags programvare dei har tilgang til. Etter fire år på skulebenken, og snart to år ute i den verkelege verda, har eg endå til gode å oppleve ein maskinpark som legg tilhøve til rette for at pedagogane skal stå for vala av kva slags programvare lærarar og elevar har tilgang til.Bilete av Extra Ketchup (Flickr)

Eg har tidlegare vore inne på dette i eit innlegg frå august 2009. Også Eva Bratvold har teke opp same problemstillinga. Sistnemnde er forøvrig eit eksempel på ein bloggar som Johnny Eriksen ville ha kalla ein praktpedagog.

Eg opplever altså artikkelen til Aftenposten som ein skivebom på høgde med Norske skiskytterresultat i OL. Det er ikkje pedagogane det står på. For som det også vert sagt i artikkelen, «Yngre lærere er langt mer positive til bruk av dataspill i skolen og på SFO enn de eldre». Men det er altså ikkje her utfordringane ligg. Datamaskinane i skulen må gjerast personlege, ikkje offentlege! PC er ikkje eit akronym for Public Computer, men Personal Computer. Realiteten i den norske skulen pr. i dag gjev ikkje eit atterskin av dette. Den lærdomen norsk ungdom i dag får når det gjeld heilt grunnleggjande digital kompetanse, tilpassing og vedlikehald av eit verkty, skjer pr. i dag rundt om i dei mange tusen norske heimar. Det er jo tydelegvis ikkje i heimen regjeringa tillet at læring skal føregå…som om læring var tidsavgrensa!

Har teke vårkjolen på

Litt i tidlegaste laget å skifta ham kanskje, men i desse tider er vel det meste litt på skeive. Oppdagar du stader som ikkje er omsett kan du gjerne legge att ein kommentar. Vonar den nye utsjånaden behagar auget…

Krav i skulen

Kven stiller krav til dei høge herrar som aller nådigast let norske lærarar få tilgang på verdsveven? Eg kjenner ikkje mange som har engasjement til overs for å ta opp ein «kamp» med sin arbeidsgjevars IKT-garde for å betre dei digitale tilhøva i skulen. Gjer du?

Det provoserer temmelig mykje, ca. 1000 faktisk, at lærarar fortsatt vert sett på som ein stereotypi: ein gjeng med digitale naut. Eit tiår er gått sidan det verkeleg begynte å ta av, men endå er det inga opplett å spore i horisonten.

Ein start ville vere å spørje; «Kva treng de?» I staden lev og åndar ein etter den gamle regla om at «du får ta det du får.»

For å svare på mitt eige spørsmål: eg treng eit verkty som eg kan gjere det eg sjølv vil med…utan at det kjem reimer og gaffateip med på kjøpet, som eg må stroppast fast i før bruk. Pretty please?

Er det så effektivt?

Eg har lyst å ta deg med på eit tankeeksperiment. Sjå for deg dette. Kvar dag før du kan ta til med dagens arbeid, er du nøydt til å vente 4 minutt på at verktyget ditt skal verte operativt. 4 minutt er då ikkje mykje seier du. Men alt handlar om å sjå ting i perspektiv.

4 minutt er sjølvsagt ikkje mykje i det lange løp. Men multipliserer ein dei 4 minutta med 30 (talet på lærarar på ein tåleg stor skule) er ein oppe i 120 minutt. Det er lengre enn ein fotballkamp med innlagd pause og tillegg i tida. Men dette er berre i løpet av ein dag.

Gang dei 120 minutt med talet på arbeidsdagar, altså 5, og ein luktar ganske snart på eit halvt døger. Ta dette att, og gang med talet arbeidsveker i ein månad, og ein er med eit over dei 37,5 timane som ei normal arbeidsveke inneheld. På eit skuleår vert dette 400 timar.

Så er spørsmålet…tykkjer du det er greit å nytte 400 timar i året på å vente på at hamaren skal verte hamreklar, eller at kassaapparatet skal snurrast i gang? Eg plagast i alle fall med ein slik situasjon.

Eva Bratvold etterlyser ein personleg datamaskin i sin bloggpost «Jeg vil ha en revolusjon (tror jeg)«. For sjølv om det er meir datamaskinar ute i skulenoreg enn nokon gong, så er det langt i frå at realiteten er at det er ein personleg datamaskin til kvar elev. Som ho skriv;

«Hvis jeg på jobb skulle ha tilgang et par ganger/et par timer i uka til data – og jeg i tillegg skulle være avhengig av å dele maskin med andre; da hadde det blitt lite effektiv jobbing for min del. Jeg er nødt til å la bruk være en naturlig del av dagen, mitt arbeidsverktøy – og  jeg vil gjøre de innstillinger som jeg vil ha for at det fungerer best for meg.»

Nettopp denne problemstillinga vart nok ein gong aktualisert for meg i dag, då lærarrommet fekk nok ein kollega inn dørene. At me vart ein meir er berre fint tykkjer eg, men det fylgjer ikkje ein PC med kvar lærar. Dette betyr at opp mot seks vaksne må dele tre stasjonære datamaskinar. Langt i frå optimalt, og noko ein kunne ha skrive ein eigen bloggpost om forsåvidt, men det får bli på oppmoding i så fall.

Det hadde vore artig å visst om Jens, Kristin, John hadde vore nøgde med slike arbeidstilhøve?

Eg endte opp med å filma heile seansen i dag. Hugs også at det tok 80+ sekund å få datamaskina til det punktet der videoen startar. Det er med andre ord ikkje råd å sette han til å starte automatisk på ei gitt tidspunkt.

Attende til toppen