Småflørt?

Akkurat i det påska er eit tilbakelagd steg våren 2007, så opnar himmelens sluser seg og dekkjer heile marka att med (til nå) nærare 40 cm snø. Heilt lett puddersnå. Den beste ein kan få. Og sidan eg nok ikkje akkurat har sett pris på det stort sett fine påskeveret så langt i ferien min, så fann eg ut at det var like greit å hoppe i det…:) Men det varer vel neppe lenger enn til i morgon…

Snø #1

Eit tilbakeblikk…

I og med at eg i desse dagar er i ferd med å skriva ei oppgåve i historie, fann eg det relevant å plukka fram gamle album. Og med gamle, så meiner eg gamle. Det er ikkje kva dag ein ser 100 år gamle påskekort frå unaiten. Eg har teke bilete av nokre av dei som du kan sjå under her.

Postkort #3Postkort #2Postkort #5Postkort #1Postkort #4Postkort #6Postkort #7Postkort #8Postkort #9Postkort #10Postkort #11

Muslimar i Sirdal

Ja det er  kanskje ikkje fullt så «galt» som det kan høyrast ut som i fyrste omgang, men av ein eller annan grunn, så har tydelegvis ei marokkansk hackargruppe funne ei utfordring i å ta seg inn på servaren til Sinnes Skule. Ei raskt søk på Google, viser at min kjære skule heime ikkje er dei einaste som har vorte besøkt av desse spenstige Marokkanarane. Personleg må eg vel berre sei det, at det var nok diverre ikkje eit stort tap om sida vart bytt ut med det som viser på biletet under…sida som var frå før, var nok diverre ikkje av dei mest innovative eg har sett.

Sinnes Skule vart hacka

Shagma, nostalgi i bøtter og spann

Konge! Omsider har jeg funnet igjen introen til favorittprogrammet mitt fra min barndoms lørdager. Her må du sette deg inn i en kontekst; først av alt, lørdag. Vinter, mamma som støvsuger huset, runde sjokoladekuler som lørdagssnop…OG:

You need to a flashplayer enabled browser to view this YouTube video

Matematikk

Jeg bare nevne det. Jeg kom over følgende artikkel på www.matematikk.org. Den ble skrevet i desember. I vår var jeg i praksis på Ørsta Ungdomsskole og i den forbindelse brukte jeg TV-serien «Numb3rs» i matematikkundervisningen. Riktignok var ikke serien kommet til Norge hverken på TV eller andre måter, men det viser seg jo altså at det av og til lønner seg med bittelitt piratvirksomhet. :) «Målet helliger middelet» og denslags vet du…. Kort sagt. Det føltes litt greit å faktisk ligge i forkant av ting for en gangs skyld. :)

Produktiv dag…

Raymond inviterte på middag i dag. Pannekaker med flæsk og blåbersyltøy. Se bildeserien under…






(ser du godt etter, så ser du at eg har våre litt borti blåbæret allereie..)

I tillegg laga eg også mitt fyrste eksemplar av komposisjon i det vidgjetne «Siblius». Her er resultatet….:o

The point of no return…

Annankvar tirsdag har eg det som vert kalla bruksklaver på høgskulen. Dette inneber 45 minutts intensiv pianoøving under Nils Ose si engjerte leiing. Desse timane har eg saman med Simen og Ida-Maren.

I dag skulle det visa seg å verte ein litt spesiell time. Eg var sjølvsagt litt seint ute, men ingen var komne då eg kom inn i det faste øvingsrommet. Etterkver dukka Ida opp, og me sette oss ned og øvde litt på songane før Nils omsider dukka opp. Det må vel nemnast at dørene til øvingsromma består av to dører slik at lyden vert godt isolert. Difor er det slik at ein høyrer når den ytste døra gjeng opp. Det var det som hendte no. Me høyrde lyden, dørhandtaket gjekk ned…og ingenting hendte! Me kunne høyra gjentatte forsøk på å få opp døra av Simen. Det var han som stod på andre sida. Men kor mykje han enn forsøkte, så var døra som limt att. Ida tok ansvar og gjekk bort for å prøve frå innsida. Utan hell. Eg fekk det føre meg at det heile hadde med musklar å gjere, så eg gjekk bort til døra og røska tak i ho det eg var mann for. Men den rikka seg ikkje.

Ut av det blå, trylla Ida-Maren fram skrujern og kniv (ei kvinne er då alltid førebudd på kvinnedagen!) og gjorde eit hederleg forsøk på å dirke opp låsen….men også dette viste seg å vera fånyttes. Simen fekk difor beskjed om å henta vaktmeistaren. Inne på øvingsrommet kune me ikkje gjere anna enn å fortsette øvinga mens me høyrde korleis aktiviteten auka på utsida. Plutseleg banka det på vindauget, og eit hovude stakk fram. Plan B såg ut til å vere sett i gang, og stigen vart teken fram og sett opp for å forsøkje å kome inn viendaugsvegen. Problemet her, er berre det at vindauga strengt tatt ikkje er laga for å kome inn i rommet, og dette forsøket viste seg også å verte misslukka.

Utan at eg heilt har oversikt over kva som hende på utsida av døra, kunne me høyra at tyngre skyts vart teke i bruk, og etter det som umiskjenneleg høyrdest ut som saging spratt døra omsider opp og bortimot eit dusin folk ramla inn for å undersøkje kva slags klovnar som hadde klart å låse seg inne. Alt i alt ei ganske annleis og litt spanande oppleving på Høgskulen i Volda ein tysdag i mars.

Attende til toppen