Displaying posts categorized under

Moro

Tradisjonar?

Verda er full av ulike juletradisjonar. Og dei ulike rettane som vert etne på denne dagen er meir enn juletorsk, ribbe eller pinnekjøt. Eg har difor laga ein liten video med nokre av dei “tradisjonane” eg kunne plukke opp den 24 med å bruka Twinkle.

Illustrert bowling

Eg trur det må vera det sjukaste bowlingkastet eg har vore vitne til! Eg og min bror, Lars Ingve, prøvde lukka på Hana Bowling i kveld. Etter nokre rundar var ei kjegle liggjande att i renna til høgre utanfor maskineriet som skal plukke opp desse si rekkevidde. Eg gjorde difor eit forsøk på å kaste [...]

Lag din eigen doreins

Dagens tips kjem i frå Planet Green sine vevsider, og er eit eksempel på at det ikkje nødvendigvis er vits i å bruka pengar på å handla inn dyre, kraftige kjemikalie for å gjera reingjere doskåla. Det du gjer er som følgjer. Finn fram ei spiseskei frå kjøkkenbenken, og hell desse ingrediensane opp i doskåla: [...]

Bibelhistorie i eit moderne blikk…

You need to a flashplayer enabled browser to view this YouTube video …forøvrig levandegjort av eit av dei betre banda frå det herlege 90-talet, Crash Test Dummies.

Skitrekk i kvar ei li…

Eg sit og undrar litt på når Haugen, Neset, Solheim eller Sirekrok skal koma på bana her…det synest mest som om det skal vera eit skitrekk til kvar einaste grend i Øvre Sirdal no. Stolheis til Grubbå og bånn pinne ned att derifrå og ned Haugenbakkane…det må då vere noko å satse på? Ein opp [...]

Reklameskilt i utlandet

Multinasjonale firma nyttar mykje pengar på marknadsføring av merkenamn rundt om i verda. Nokre gonger kan det henda. Klassikaren er vel kanskje Honda Jazz sitt opprinnelege forslag til modellnamn her i Noreg. Og har nokon høyrd om Audi R8? Nintendo sin spelemaskin Wii (wee = tisse) må ein kunna litt engelsk for å skjøna at [...]

Voldanytt

Høgskulen i Volda kunne den 29.08.08 kome med følgjande overskrift på ei melding til sin studentar og tilsette i ClassFronter: Viktig melding: ikkje parker i gatene langs Kaarstad-huset. Politiet byrjar snart skrive ut bøter. Dette var overskrifta. 14 ord. Dei har tydelegvis ikkje teke det vesle notatet på tre sider eg leverte til dei for [...]