I går gjekk eg og Jan Tore rundt i Tokyos gater med høge skyskraparar på alle sider i ein temmeleg stressande by. Tempoet der er høgt og volumet like så. Idag landa me med fly på Cairns International Airport etter ein 7 timars lang flytur frå Narit International eit par timar utanfor Tokyo. Overgangen var [...]
Det er kanskje litt tidleg å sjå attende på det ein har opplevd på studiet så tidleg, og allereie før ein har kome attende til heimlandet. Men det hender seg at eg vert sittjande å sjå litt på kva eg har filma undervegs. Her fer de eit glimt frå ein aktivitet med heldt på med [...]
Det er rett og slett ei ganske merkeleg kjensle å vakne opp i Tokyo by. Ikkje lenger enn 200 meter unna den høgaste klossen dei har klart å plassera her bur me, og eg ser rett bort på han frå vindauget over senga mi her. Ein skulle tru at i eit land som kvart år [...]
Sjå det. Då er ståa altså slik at eg har fått eit nytt flagg å ha på verdsreisejakka mi…Japan. Eg sit akkurat for augneblinken på hotellromet i Tokyo. Etter berre nokre få timar har eg allereie ei heil rekkje med nye inntrykk å sortera, men eg er for trøytt til å summera opp akkurat no. [...]
Når ein er på eit kulturstudium, ville det vel vera rart om ein ikkje fulgte med i den daglege debatten som føregjeng i det landet ein oppheld seg. For tida er me som kjent i Australia, og her har det dei siste vekene vore knytta stor spenning til når den sittjande statsministeren John Howard skulle [...]
Eg er dårleg til å ta bilete denne gongen. Ikkje berre fordi alle andre har slike sofistikerte speilreflekskamera, men fordi eg rett og slett ikkje gidd å dra med meg fotoapparatet. Eg tek heller inn syna med auga mine. Ein reisevandt kar sa ei gong til meg at å leva ei reise gjennom ei linse [...]
Det slo meg her tidlegare i kveld då eg tok med meg te-koppen ut på altanen for å samla tankane litt. Med eit kom eg på kva det var eg sakna. Med bilar rundt meg på alle kantar…akkurat i eit brøkdels sekund pause frå togets faste ratata på andre sida av den lyddempande muren, kunne [...]
