Displaying posts categorized under

Friluftsliv

Radio Dalstroka Innafor?

Gravvatn

I dag tok eg meg ein etterlengta padletur på Gravvatn saman med Jan Kjetil. Han fekk prøve min sist veke(?), og gjekk vel så og sei rett i butikken etterpå og kjøpte seg sjølv. Denne måtte jo sjølvsagt testast, og kva er vel då betre enn å gjera nettopp det i lokale, heimlege tilhøve nokre [...]

Ein smule forvirra

Med litt ekstra tid å slå ihjel etter ein fantastisk flott tur tili Geirangerfjorden, varte det til at den glade turgjengen frå AA-studiet stoppa opp då dei kom over ein gamal støl for å ta seg ein liten fotoseanse. Magnus er ein rev på fotofikling, og har laga dette flotte biletet under! Meir bilete er [...]

Fysisk fostring når nye høgder

Helle klarte å lokka meg med på ei superkjapp (til meg å vera) tur opp på Rotsethornet i kveld. 649 meter over havet. 2 timar dør til dør vart det vel sånn omtrent, med ein innlagt pitstop på Rimi på veg heim att. Sola forsvann diverre rett før me sette avgarde, så den sensasjonelle solgladinga [...]

Naturatur (kajakk) 2008

11 turstemte sjeler var fredag 9. mai klar for å leggja dei sunnmørske fjordar under årene og ta fatt på ein liten padletur frå Eiksund til Ulsteinvik. Sol, så og sei vindstille og mange, herlege varmegrader var spådomane frå oven i forkant av hendinga. Alt låg med andre ord til rette for ein heidundrande tur [...]

Vårslepp

I takt med den stadig aukande vassføringa i bekkane ned frå Rotsethornet, lauvspretten som grønkar på trea og sola som sig stadig sienare ned i havet utanfor Fosnavåg er go’formen min sakte men sikkert i gang med å koma på plass att. Det same skjedde i fjor. Då våren slo inn, gjekk det trill rundt [...]

Rundtur til Runde

På søndag drog eg, Raymond, Magnus, Ellen og Amalie på biltur ut til Runde. Det var ein kombinert friluftsliv/testing av Eiksund-sambandet-tur, og alt låg til rette for ei fantastisk utflukt…noko det og så absolutt vart. Her er nokre av bileta som Magnus, Ellen og Raymond kom heim att med.