Idag fekk eg mi beste velkomstgåve nokonosinne i posten. Eg har meldt meg inn i Bokklubben, og i den samanheng kunne eg velgje tre bøker, men best av alt, ein reiseradio. Nå er kanskje ikkje det så mykje i seg sjølv. Men når reiseradioen er ein vasstett, inneheld lykt, fm/am band, kan drivast på vanleg [...]
Stine spurde meg så vent om eg ikkje kunne reklamera litt for henner kjære Øysteins arrangement, Oysteins Water ‘07, utanfor Kristiansand den 7 og 8 juli, og sidan eg ikkje er så vanskeleg å be, så gjer eg det. Den 7 og 8 juli vert det altså som nevnt masse morro og sprell på Dvergsøya [...]
Fann nokre tåleg fine bilete teke rett utanfor stovedøra her. Eit bevis på at Sinnes heldigvis er meir enne campingvognoppbevaring og glensande hyttetak i ettermiddagssola. Bilete #1 Bilete #2 Bilete #3
Eit mål for sumaren er å halde seg i form…og eit middel i så måte er rett å slett å flyga att og fram i Sirdalsheiene på jakt etter bokstavar. Årets fyrste tur vart unnagjort i dag. Glimt kan sjåast i galleriet.
Då har eg kome meg heim att frå ein aldri så liten impulstur til stølen, “Me veien“. Fyrste gong åleine. Fyrste gong eg padla inn. Fyrste gong (og siste) eg gjekk opp Hestekvæven. Fyrste gong eg hadde med fiskestonga. Men det vert i alle fall ikkje siste turen. Kjempeflott var det. Nokre småglimt fra turen [...]
