Naturatur (kajakk) 2008

11 turstemte sjeler var fredag 9. mai klar for å leggja dei sunnmørske fjordar under årene og ta fatt på ein liten padletur frå Eiksund til Ulsteinvik. Sol, så og sei vindstille og mange, herlege varmegrader var spådomane frå oven i forkant av hendinga. Alt låg med andre ord til rette for ein heidundrande tur med fine menneske i fin natur.


(NB! Får du ikkje opp dette biletgalleriet? Prøv med det gode gamle)

Vårslepp

I takt med den stadig aukande vassføringa i bekkane ned frå Rotsethornet, lauvspretten som grønkar på trea og sola som sig stadig sienare ned i havet utanfor Fosnavåg er go’formen min sakte men sikkert i gang med å koma på plass att. Det same skjedde i fjor. Då våren slo inn, gjekk det trill rundt for Torger Åge og han starta å springa rundt Rotevatnet. Det kan forsåvidt lanserast mange teoriar om grunnen for at dette teiknet på sinnsjukdom inntrer i unge Sinnes’ liv, men det spørs nok om det ikkje er særleg mykje verre enn eit ynskje om å gjera seg fjong i fjørene. Bonusen er jo etter det eg har høyrd at ein skal få himla mykje meir energi…eg ventar framleis.

Men det er ei fin løype eg spring. Snaue 7 kilometer rundt Rotevatnet med fantastiske lukter, mulighetar for observasjonar av all slags dyerliv og god tid til å tenkje på litt av kvart…joda. Det er nok noko som kjem til å stå att som eit sakn om ein liten månad når eg ikkje lenger skal få vera her nord.

Rundtur til Runde

På søndag drog eg, Raymond, Magnus, Ellen og Amalie på biltur ut til Runde. Det var ein kombinert friluftsliv/testing av Eiksund-sambandet-tur, og alt låg til rette for ei fantastisk utflukt…noko det og så absolutt vart. Her er nokre av bileta som Magnus, Ellen og Raymond kom heim att med.
















Endå litt meir påskekos

Dagen i dag vart nytta til testing av nye skitrekk på Sinnes/Tjørhom. Mykje kan nok seiast om det, men eg nøyer meg med å slå fast at det var ein glittrande dag reint vérmessig medan føret nok kunne vore hakket betre. Likevel var det alle tiders på ein mini-topptur av den ganske så sløve med Ander. Galleri og film finn du under (klikke på lenkja for å sjå bilete ja…)

Galleri

You need to a flashplayer enabled browser to view this YouTube video

Litt påskemorro

You need to a flashplayer enabled browser to view this YouTube video

Førjulsjulegåve

Som ei lita julegåve til meg sjølv, mine med-AA-studentar og elles andre besøkjande på dalstroka-innafor.net har eg lasta opp nokre bilete frå snorkeldagen me hadde på Great Barrier Reef utanfor Cairns.

Rundtur i galleriet….

Sommarens ironi

Boge #1Sjølv om sommaren til no har vore eit makkverk av ei forestilling, finst det nokre heiderlege unntak som er med på å gjera sommaren 2007 til ein minnerik ein. Eit av desse unntaka var i går, då det etter å ha regna stort sett heile dagen, vart ei glenne i skydekket. Ovanfor kan du sjå resultatet (sjølv har eg aldri sett ein så sterk og klår ein)…

Go to top