Eg har skrive om dette før. I dei tider då eg snikkerte heimesida mi i frå grunnen av. Men ein god ting kan ikkje nemnast for ofte, og no er det jo tross alt nokre år sidan sist eg var inne på temaet. Det er etter kvart nokre år sidan dette fantastiske, norske produktet frå [...]
Eg har ei t-skjorte med påskrifta “Geek” på brystet. I stad tok eg også ein test på interwebben. Resultatet var som følgjer: 50% Geek
Eg har i lang tid irritert meg over at kommunar på Agder, og forsåvidt også elles i landet har gått til innkjøp av vevsider som i alle fall for meg dreg fram referansar til det ein kunne finne hjå private aktørar på vevdesignarfronten tidleg på 2000-talet…om ikkje så tidleg som seint på 90-talet! Ein kan [...]
Omsider har sumaren sett skikkelig inn her 500 meter over havet også. I dag var ganske så perfekt. Ein lett bris, 26 grader og eit ros skjer på akslene som lett kunne ha vorte forveksla med ein lukkeleg uvitande Yorkshire-kotelett på fire bein. I alle fall…her er nokre glimt:
Då var den fyrste hesja i 2008 sett opp. Det vert garantert fleire. 3,5 timar på denne…det er ein tålig god start.
I dag tok eg meg ein etterlengta padletur på Gravvatn saman med Jan Kjetil. Han fekk prøve min sist veke(?), og gjekk vel så og sei rett i butikken etterpå og kjøpte seg sjølv. Denne måtte jo sjølvsagt testast, og kva er vel då betre enn å gjera nettopp det i lokale, heimlege tilhøve nokre [...]
Denne veka har eg hatt 75% av utedøgra mine i år. Etter den kjempeflotte turen med Natura i Volda gav det rett og slett meirsmak å sova utandørs under open himmel. Biletet under er teke sånn rundt 12 på natta, og med ein finfin vind som bles var ikkje mygg/knott eit tema heller. Anbefalast på [...]
