Boom stopp.

NRK Rogaland meldte i dag om ein plutseleg stopp i utbyggjinga av hytter i Sirdal. Eg kan jo ikkje anna enn å seie at det var på tide.

Lukkelege er dei som alt har fått selt alt dei har bygd opp. Dei andre sit nok der og kjenner korleis svartper så smått byrjar å raljera i skrivebordsskuffa…der pengane til no har tyte ut.

Eg skal ikkje sei «kva var det eg sa»…men det er freistande. Men eg skal halda att litt til. Det som derimot er eit faktum, er at Sirdal ikke er noko Hovden, Oppdal eller Geilo. Me har ikkje fjell til det. Me har snart ikkje snø lenger heller.

Det me har plenty av, er ein skokk overpositive politikarar/adminstrasjonstilsette/utbyggjarar med tunellsyn og for stor makt. Som eg tidlegare har nemnt, så har det for ikkje så alt for lenge sidan vore planar om utbygging av hotell i Øvre Sirdal som skulle skapa så mykje arbeidsplassar. Det vart i staden hytter og ikkje så mykje arbeidsplassar.

No har ein klart å trumfa gjønom eit Spa og. I Sirdal!! Kanskje kan dette vera den nye turistsatsinga i tida der ein ikkje fer selt fleire hytter? Det slår meg i alle fall at det kunne ha vorte nytta som argument hjå dei som var for slik ein galskap.

Og eg må jo seie som sant er, at eg er særs einig med Per Øyvind Grimsby når han seier at grunneigarane pressar på, og politikarane ikkje er sterke nok til å stå i mot. Det gjeld ikkje berre Spa-saka. Det gjeld som ein generell regel i Sirdal og nettopp difor har eg sagt takk for meg i von om, som hyttebaronane, betre tider. Det at ein ikkje har selt ei einaste hytte i Sirdal sidan nyttår er vel det næraste ei halusinering av betre tider eg kjem no til dags.

Reklameskilt i utlandet

Multinasjonale firma nyttar mykje pengar på marknadsføring av merkenamn rundt om i verda. Nokre gonger kan det henda. Klassikaren er vel kanskje Honda Jazz sitt opprinnelege forslag til modellnamn her i Noreg. Og har nokon høyrd om Audi R8? Nintendo sin spelemaskin Wii (wee = tisse) må ein kunna litt engelsk for å skjøna at kanskje ikkje er så heldig i den type land.

Som Norsk hadde eg mykje morro av å traska rundt i Malaysia og kikka på slikt. Her er nokre døme…

Eitt år sidan

AA!

Fyrste grillkveld ved Rotevatnet

Fyrste grillkveld ved Rotevatnet

Arvid leiker fugl

I dag var dagen då min no 51 år gamle Morbror skulle gjera seg nytte av 50-årsgåva si. Han måtte venta eit år, men den som venter på noko godt, ventar ikkje forgjeves!

Det var som de kan sjå ein gåleg nøgd 51-åring som lande på Sola flyplass etter ein luftetur frå 10.000 fot.

Eigd av Apple

Då har eg teke steget og vorte ganske så tett knytta til Apple Inc. at eg veit eigentleg ikkje heilt om eg likar det! Eg har kjøpt meg iPhone. Det er jo ein fantastisk ting denne iPhonen. Mobiltelefon, e-postlesar/skrivar, nettlesar, kamera, GPS, musikkspelar, lydopptakar, videospelar, adressebok, fjernkontroll, spelemaskin, musikkbutikk og mykje, mykje meir. Alt i ein dings som ikke er særleg mykje større enn ein kortstokk.

Det er mest litt skremande. At det å kjøpa seg ei song, eller ein CD, har vorte noko ein gjorde når ein ei sjeldan gong var til byen sånn ei gong på 90-talet, medan ein nå berre kan dra opp «mobilen» av lomma og klikka på ein knapp for så å kunne høyra Ari Hest senda lydbøgljer ut i din nærleik kun få minutt etter.

Og det var nettopp det eg gjorde i dag. Eg gjekk til innkjøp av mi fyrste lovleg kjøpte song ved hjelp av iTunes. Det var ein song av eit engelsk band med vokal av Thomas Dybdahl som eg høyrde i burdsagskalas på Tonstad i helga. Bandet heite «Morcheeba» og er absolutt noko ein kan ta ein nærare kikk på!

Elles er det vel det å seie etter nokre dagar med ny mobiltelefon at det har vore eit fantastisk fint år utan mobiltelefon. For dei som trur at det er umogleg…det er det ikkje. Litt andre måtar å gjera ting på må ein nok rekne med…avtale ting på førehand og ikkje kunne rekne med å vere alle stadar på ein gong. Men akkurat dette har jo ei positiv side! Som Lord Chesterfield sa det;

There is time enough for everything in the course of a day if we do but one thing at a time, but there is not time enough in a year if we try to do two things at a time.

Og det at eg har fått mobiltelefon att har eigentleg ikkje endra så mykje.  Det vesle eg har nytta telefondelen av dingsen er stort sett til å testa ut høgtalarane på han, samt det medølgjande hovudsettet med mikrofon på. Det er bluetooth på han og, så i går kveld sat eg her på sofaen i den nye leide leiliheita mi og prøve å nytta han som ein taletut for Skype. Akkurat i går fekk eg det ikkje til, men i teorien skal det kunne gå.

Eg er altså alt i alt særs godt nøgd med mitt nye kjøp og gler meg verkeleg til å ta han meir og meir i bruk utover sidan han er så himla effektiv! 2300,- i innkjøp og eit månadleg abbonement på snaue 400 kroner gjer han jo ikkje til verdas dyraste telefon heller…for dei som måtte tru at han kostar skjorta og litt til.

Kan du gissa kvar eg har vore?

Eg tenkte at det kunne gjera seg med ein liten konkurranse i sumarvarmen. Eg vil leggja ut bilete frå stadar eg har vore på tur her heime i ferien, og det blir då opp til dalstroka-innafor.net’s lesarar å finna fram til rett stad. Reglane er:

  • Den fyrste som skriv rett stad i kommentarfeltet vinn
  • Den aktuelle konkurransen er då også avslutta
  • Vinnaren vil som takk for god innsats motta premie
  • Tillatne hjelpemiddel er;
  1. Google Maps
  2. Statens Kartverks «Norgesglasset»
  3. Norge i bilder
  4. Analoge kart ein måtte ha for handa
  • Nær familie har ikkje lov å delta av naturlege årsaker
  • Desse har heller ikkje lov å tre inn i rolla som «ring en venn»

Giss #1









Radio Dalstroka Innafor?

Attende til toppen