Displaying posts categorized under

Personleg

Naturshots

Fann nokre tåleg fine bilete teke rett utanfor stovedøra her. Eit bevis på at Sinnes heldigvis er meir enne campingvognoppbevaring og glensande hyttetak i ettermiddagssola. Bilete #1 Bilete #2 Bilete #3

Litt om mediabruk

Dagens mediesamfunn serverer eit vell av papir- og nettavisar, radiokanalar og ikkje minst fjernsynskanalar. Du tykkjer kanskje allereie at du har nok kanalar når du får inn NRK1&2, TV2 og TVNorge, og kan skifta mellom ein 4-5 radiokanalar når du sit i bilen din på veg til arbeid/skule. I tillegg sjekkar du kanskje eit par [...]

Fjelljegeren 2007

Eit mål for sumaren er å halde seg i form…og eit middel i så måte er rett å slett å flyga att og fram i Sirdalsheiene på jakt etter bokstavar. Årets fyrste tur vart unnagjort i dag. Glimt kan sjåast i galleriet.

Somarens fyrste stølstur

Då har eg kome meg heim att frå ein aldri så liten impulstur til stølen, “Me veien“. Fyrste gong åleine. Fyrste gong eg padla inn. Fyrste gong (og siste) eg gjekk opp Hestekvæven. Fyrste gong eg hadde med fiskestonga. Men det vert i alle fall ikkje siste turen. Kjempeflott var det. Nokre småglimt fra turen [...]

Betre seint enn aldri

Av og til kjem ein på eit gullkorn eller ein kommentar ein skulle sagt ei stund etter at “augeblikket” er over. Eg kjenner det litt på same måte då eg oppdaga dette tipset på nett for korleis ein kan gjere elektriske duppedittar vasstette.

Kontakt med mi feminine side…

I kveld vart eg utfordra i sminkekonkurranse av Trine og Laurine. Som den mannen eg er, ville det jo ha vore flaut å takka nei til ei utfordring, så eg tok ho på strak arm. Resultatet vart som de kan sjå omtrent som eit verk av Picasso, men eg fann vel ut at eg skal [...]

Mobillaus

Det er offisielt. Det har vel vore det nokre dagar forsåvidt, men herved gjer eg det überoffisielt. Eg har ikkje mobiltelefon. Etter min fyrste dukkert i 2007 her om dagen, har min gode, gamle Nokia 34-eitelleranna vore i delar på badegolvet for at han på eit mirakuløst vis skulle fikse seg sjølv. Slik har det [...]