Vinterferien er komen til endes…
Teknisk sett er vinterferien 2010 over, men både frå og til arbeid tek eg meg sjølv i framleis å vere til stades i Gerswhin teater på Broadway…mentalt. Eg var og såg musikalen «Wicked» der. Ikkje ein du har høyrd om nei? Det var og litt av grunnen til at eg hadde lyst å sjå nettopp den. Dei meir kjende veit ein allereie historia på…det gjorde eg ikkje med denne, og då opplever ein noko meir enn kun framsyninga. Det viste seg å vera ein suksess i mine auge. Her er eit lite klipp av det som for meg var stykket sitt høgdepunkt;
Vestens akilles
Den vestlege verda byggjer heile sin eksistens på økonomiske interesser. Alt er økonomi for oss…eller skulle eg kanskje sei finans om du vil?
I går vart et sittjande etter middagsmaten å høyra på radio. NRK sin korrespondent i midtausten, Sissel Vold, hadde intervjua muslimske kvinner. Vold var tydeleg overraska over at kvinnene sjølv valde å gå tildekka. Overraskinga var endå større over at dei same kvinnene ville vera heime i staden for å arbeida. Den som Vold hadde intervjua utalte at «vesten tenker bare på penger». Personleg tykkjer eg at det er vanskeleg å vera usamd i det utsagnet.
Då eg i dag kom over følgjande video kjende eg skrivekløa kome;
Kvart evige år høyrer ein multinasjonale selskap klage eller skryte over rekordtal. I fjor vart ein vitne til eit sytekor utan like då finanskrisa slo til. Eit år etter kunne ein tru at det heile ikkje hadde funne stad. Men er det verkeleg slik, at ein kan forvente at innteninga kvart år skal nå nye høgder? Ikkje i følgje marsvinteorien!
Heller ikkje i følgje ein film eg kom over for nokre år sidan. Filmen har den passande tittelen «The Corporation». Den gjev eit godt innblikk i bakgrunnen for dei multinasjonale selskapa som eksisterer i dag, og kvifor aksjeselskap i det heile tatt eksisterer.
Alt i alt…eg sit att med ei kjensle av at ting er «fole» galt her i vest. Filmen «Matrix» har forsåvidt eit treffande poeng i at mennesket er eit virus. Det er dog ikkje alle sortar menneske som er det. Men når me endar opp med å vera så langt i frå det med eigentleg er ein del av, naturen, at borna våre ikkje lenger veit anna enn at mjølka kjem i frå butikken, og kjøtet på eit eller anna magisk vis dukkar opp i butikkane…det er då me har eit problem. Det problemet er større enn alle overskot!
Nomaden i meg ropar…høgt!
Takk og pris for at ein har gode vener som har vet til å ta seg ein svipptur utanlands når ein sjølv ikkje har anledning til det. For tida er to av mine kjære vener frå AA-studiet på nye eventyr utanfor riksgrensa, Kine og Magnus. I tillegg har mi kjære sambuerske frå siste året i Volda, Trine, sin eigen vesle verdsturne.
Kine oppheld seg for tida saman med si reisevenninne, Hanna, i det sørlege Asia. Slettes ikkje ein gal plass å vere når gradestokken konstant syner blått. Med stadige oppdateringar på sin reiseblogg, varmar ho opp det stilleståande blodet i årene mine med sine mange skildrande bilete. Keep’em coming!
Magnus derimot, gjer det stikk motsette! Som tidlegare folkehøgskulesoldat ved Øytun Folkehøgskule, har han teke fatt på eit halvt års studium med fangstliv i Alaskas villmark. I utgangspunktet eit eventyr fleire lysår frå det han tidlegare har erfart av AA-studiet og journalistikkutdanning i India. Skal sjå at Magnus har fatta stor interesse for ying og yang etter sine visittar til Asia…
Trine er i motsetnad til dei to tidlegare nemnde ikkje fullt så informativ. Det reknar eg med at ho vil vege opp for ved retur til Noreg. Trine er rå på å filme sine mange eventyr, og dokumentasjon skal i så måte ikkje vere noko problem. Enn så lenge kjenner eg meir enn ei gong til dage på kjensla av kor flott eg veit ho må ha det på tur.
Er eg avundsjuk på mine tre reisande vener? Klart det! Men nettopp difor vonar eg at dei alle har ei fantastisk tid som dei kan hugse på resten av liva deira. Trøysta er i mellomtida ei god bok å forsvinne inn i; Down under av Bill Bryson.
15 minutt i rampelyset
Note to self: Takk vere Askild som drog meg med, og Sandra som knipsa bilete, har eg i dag fenge mine 15 minutt i rampelyset. Midtsida i VG var pryda av stussane til (fortsatt) unge Sinnes, Kjensberg og Bø. Slikt hender ikkje kvar dag, og det var difor obligatorisk med ein kommentar på nettboka mi.
Me nådde til og med VG Nett si framside, trass all tragedien…:
Vinteraktivitar i Stavanger
Søndag før ferien er slutt. Angst! Då må ein gjera det ein kan for å få tankane over på andre ting…
Dei fleste ulukker skjer på nedstigninga
Songa «Driving home for Christmas» kunne fått eit solid hakk i plata i dag. Eg var oppe før gatene var i ferde med å bli fyllt av biler i trøbbel i dag tidlig. Eg tok toget til mi søster for å fylgje henne heim til jul.
Eit lite apropos når det gjeld tog…å ha to stasjonar som heiter «Sandnes» er forvirrande halv sju på morgonen. NSB kan gjerne ta det som eit julegåveynskje. «Sandnes sentrum» og «Sandnes» er farleg likt…og når stasjonane ligg etter kvarandre vert det berre tullete.
Nåvel. Eg kom meg av på korrekt stasjon og fekk pakka meg inn i bilen. Diskusjonen starta med ein gong; skal ein kjøra om Ålgård eller via Sviland? Eg fekk med mine alderspoeng vilja, trass i sterk usemje frå mi seks år yngre syster. Ho var skeptisk til snøtilhøva i bakkane opp Seldalsvegen. Då me kom dit, var det sjølvsagt ikkje eit snøfnugg å sjå….ikkje før me runda toppen og tok til på nedfarten mot Oltedal. Der låg det med eit 10-15 cm puddersnø i vegen. Trass i relativt låg fart, stod med plutseleg på stive hjul med retning næraste grøfte. Sjølve seansen kunne ha vore gjort meir elegant. I staden for å runde portane (brøytestikkene), tok me dei beint på.
Vis Utforkjøring i julestria i et større kart
Heile hendinga gjekk tåleg seint føre seg, og den einaste uroa var om det skulle liggje ein stein i grøftekanten. Det gjorde det ikkje. Den var i staden full av snø, og me var ståande parkert med begge framhjula i grøfta og botnen på vindauget mitt i plan med snøen utanfor.
Redninga denne gongen vart ikkje Falk eller Viking, men Janne Britt’s betre, og meir kjøyrevandte halvdel, som kom til som ein riddar i kvit rustning. Mi noko skeptiske haldning til at me skulle kunne verte dregne opp av grøfta av ein bil av nokonlunde same storleik, skulle fort vise seg å verte gjort til skamme. Det er eg glad for. Ein snakk med bilberginga i året held for min del.
Me kom oss opp att etter mindre enn ein halvtime med perfekt utsikt til fjernsysnsmasta over Oltedal, og deretter overtok ein med større kompetanse innan bilulykker rattet. Og med det kom ein heim til jul også i år.
Ps. Ja, eg angrar på at eg ikkje stakk ut å filma førjulsparkeringa, men det skal ikkje hindra meg frå å ha mykje moro med hendinga i eit par år framover!
