Ein mogleg definisjon av ordet «visdomsjeksel»?
Eg har ikkje vore hjå tannlegen sidan førre årtusen.
Den setninga der høyrest nok litt verre ut enn det eigentleg er, men likevel er det gale nok. Det er snakk om ein tiårsperiode sidan sist eg senka meg sjelvande ned på tannlegestolen. Mykje er med det same. Lydane, luktane, syna….det einaste som er endra er strengt tatt kjenslene.
Men som sagt, så er det altså ei stund sidan sist eg var innom ein medicus dentarius for ein sjekk. Hovudgrunnen er vel eigentleg det at eg ikkje har hatt særs vondt i dei, men eg fekk ein gong eit kompliment for den «flott» tanngarden min…av ei gammal dame i Nepal. Det siste der burde kanskje fortalt meg eit og anna.
Sist veke var det likevel på tide med eit raid. Det vart ikkje berre ein svipptur innom. Heile tre vitjingar måtte avleggjast før Lalita var nøgd. Japp…tannlækjaren heitte Lalita. La-la-la-laliita. Namnet rullar lett på tunga, og dei tidlegare fryktinngytande instrumenta på bordet over bringa di dansa like lett rundt i kjeften. Dalsmo sine arr i tannlegeminnet mitt var i ferd med å forsvinna som morgondogg i graset ein tidleg sommarmorgon.
Men luktane er dei same, lydane like så. Det einaste som er endra, er kjenslene. Status etter Tannlækjarveka ’09 vart slik:
- Måndag; 1 stk visdomsjeksel (1830,-)
- Onsdag; 1 stk visdomsjeksel (1830,-)
- Fredag; 4 stk hólreperasjonar (4280,-)
Snaue 8000 kroner med andre ord. Men ein kan mest seia at det var verdt det, for heile seansen kjendest mest ikkje. Sprøyta, som eg skal innrøma at eg hadde frykta før eg steig inn i Karius og Baktur-helvetet, baud på mindre smerter enn det gjorde å skjera seg på peikefingaren med ostehøvelen tidlegare i veka. Slik sett var det vel meir smertefullt å få levert kvitteringa på gildet. Men det er her det er viktig å halda korrekt perspektiv på saker og ting.
Med tanke på at det er såpass lenge sidan sist eg var innom tanngardsreperatøren må ein jo gjera visse justeringar i reknestykket. Summen kan i det minste dividerast på 10, om ikkje endå meir. Ein endar då opp med ein tålig edrueleg årleg sum på 794 kroner, noko som slett ikkje kan seiast å vera så hakkande gale.
Men etterpåklokskap er jo som kjend den beste klokskapa, og kan hende er det også nettopp difor ein har fått plassert det velklingjande namnet «visdomstenner» på dei bakerste jekslene?
Funderingar i høgda
Nokre tusen fot oppe i lufta, på veg til Dokfilm ’09, vart eg sittjande å glo ut på skyene og fundera på ei sak. Eg har ein tendens til slikt. Vurderer mest eit høgdeopphald for å sjå om hjerna fungerer best i høgda, eller om det berre er feberfabuleringar som dukkar opp på grunn av at ei 40 cm tjukk vengje skiljer deg frå den visse død i eit fleire tusen meter fritt fall mot marka.
I alle fall. Her er noko som nokon kanskje kan svara meg på;
Me går varmare tider i møte. Meir og meir is smeltar og renn ut i verdshava. Auka varme og meir vatn skulle ein tru også ville medføre meir fordamping. Fordamping i hav endar som kjent opp som skyer. Skyer skygger for sola. Kan ein då risikera at skyene på eit visst tidspunkt dekkjer så mykje for sola at ho ikkje slepp inn sine varmande solstråler til jorda slik at ein på ny går mot ei istid? Kor mykje skyer kan ein eigentleg ha der oppe?
Slike finurlege ting dukkar altså opp i ei ståltube 24000 fot over bakken på veg til Volda. Er det eigentleg normalt?
Feriearbeid
Mandagen er komen. Fyrste dagen i vinterferien min, men likevel sit eg her og tenkjer skule. Men snart skal eg koma meg ut og avgarde opp mot snøen heime!
Fyrst skal eg berre tipsa litt om ein ny, genial å lage ein «powerpoint» på. Stikkordet er Prezi.com. Dette er ein måte å presentere tankar og idear på som skiller seg ganske drastisk frå den tradisjonelle måten å laga ein presentasjon for eit publikum på.
Ein våt draum for Noreg
Hausten 2007, skremande kor lenge sidan det synest no, var eg i Japan. Saman med 29 andre flotte studentar frå Volda var eg mellom anna i Japan. Der såg eg lyset. Ein anna stor fan av same fenomenet har laga ein video av det som fer dobbeltspor og «høghastighets»-satsinga til Navarsete å likne mest på ein fjert i ein korgstol.


