Det er ikkje berre frå den internasjonale arenaen at kampen mot sauedrift i Noreg vert utkjempa. Også i dalstroka innafor er det nokre som driv ein innbitt kamp mot desse ullkledde firbeinte. Men fyrst, ei lita historisk innføring. I alle år har sauar frå alle Sinnes’ gardsbruk hatt sumarbeite på same staden. Etterkvart har fleire [...]
Eg har i lang tid irritert meg over at kommunar på Agder, og forsåvidt også elles i landet har gått til innkjøp av vevsider som i alle fall for meg dreg fram referansar til det ein kunne finne hjå private aktørar på vevdesignarfronten tidleg på 2000-talet…om ikkje så tidleg som seint på 90-talet! Ein kan [...]
Omsider har sumaren sett skikkelig inn her 500 meter over havet også. I dag var ganske så perfekt. Ein lett bris, 26 grader og eit ros skjer på akslene som lett kunne ha vorte forveksla med ein lukkeleg uvitande Yorkshire-kotelett på fire bein. I alle fall…her er nokre glimt:
Då var den fyrste hesja i 2008 sett opp. Det vert garantert fleire. 3,5 timar på denne…det er ein tålig god start.
Dagen i dag vart nytta til testing av nye skitrekk på Sinnes/Tjørhom. Mykje kan nok seiast om det, men eg nøyer meg med å slå fast at det var ein glittrande dag reint vérmessig medan føret nok kunne vore hakket betre. Likevel var det alle tiders på ein mini-topptur av den ganske så sløve med [...]
You need to a flashplayer enabled browser to view this YouTube video
