Sommarens ironi

Boge #1Sjølv om sommaren til no har vore eit makkverk av ei forestilling, finst det nokre heiderlege unntak som er med på å gjera sommaren 2007 til ein minnerik ein. Eit av desse unntaka var i går, då det etter å ha regna stort sett heile dagen, vart ei glenne i skydekket. Ovanfor kan du sjå resultatet (sjølv har eg aldri sett ein så sterk og klår ein)…

Dagens tema: hesjing

Eg har lenge hatt ein ide om å visa korleis ei hesje vert sett opp. Difor lånte eg i år syster sitt kamera (medan ho er mange mil unna), og laga meg ein såkalla «timelapse»-video. I tillegg fann eg noko som strengt tatt burde ha vore soundtracket til videoen…sistnemnde gjev ei alle tiders oppsummering av korleis det er å hesja. :)

Naturshots

Fann nokre tåleg fine bilete teke rett utanfor stovedøra her. Eit bevis på at Sinnes heldigvis er meir enne campingvognoppbevaring og glensande hyttetak i ettermiddagssola.
Bilete #1
Bilete #2
Bilete #3

Fjelljegeren 2007

Eit mål for sumaren er å halde seg i form…og eit middel i så måte er rett å slett å flyga att og fram i Sirdalsheiene på jakt etter bokstavar. Årets fyrste tur vart unnagjort i dag. Glimt kan sjåast i galleriet.

Somarens fyrste stølstur

Då har eg kome meg heim att frå ein aldri så liten impulstur til stølen, «Me veien«. Fyrste gong åleine. Fyrste gong eg padla inn. Fyrste gong (og siste) eg gjekk opp Hestekvæven. Fyrste gong eg hadde med fiskestonga. Men det vert i alle fall ikkje siste turen. Kjempeflott var det. Nokre småglimt fra turen (før kameret gjekk tom for straum) kan sjåast i galleriet her.

Nokre glimt frå påskeferien..

«Betre seint enn aldri» heiter det. Og når eg no har fått litt pusterom etter å ha skreve ferdig den store, stygge oppgåva i musikk, så kunne det kanskje gjere seg med nokre nostalgiske tilbakeblikk på vårsleppet heime i påska…

Krokus…eit sikkert teikn på at det er vår.Hane-Pane sjekkar ut forholdaSamtidig testar Pusekaninen årets plen…Heile karnevalet samla på ei fjølNok eit bilete av heile flokken“Kven trur han at han er denne bleikingen utan horn?”Pusekaninen yppar seg….

Vips så var det mai

Ein får jo nesten ikkje summa seg lenger før ein månad er over. Kva hendte eigentleg i april? Påskeferie, nokre dagars gruing til forprøvar, og så var det dokfilm. Og det var vel eigentleg det sånn kort oppsummert.

Dreiv litt dugnadsarbeid for Janne i dag, og vart sittjande å glo på mikrofilm av Stavanger Aftenblad frå 1962. Undervegs fann eg jaggu også nokre artiklar heimanifrå! :) Artig.

Sirdal 2Sirdal 1
Attende til toppen