I Noreg kan ein rett som det er høyra folk støna over utkantsstroka. Desse sære folka som plent ikkje skal verte urbane, men i staden tviheld på ein slags rett dei har til å bu langt uti huttiheita. Politikarar kallar dette distriktspolitikk. Folk på Frogner i Oslo kallar det galskap, eller i beste fall eksotisk. [...]
Knut Storberget vert i Dagens Næringsliv sitert med følgjande kommentar: – Jeg har vanskelig for å forstå at man kan si nei til dette Kommentaren kjem etter at Unio valde å ikkje godta tilbodet som kom frå Storberget & co i årets lønnsforhandlingar med politiet. Tilbudet ville gjeve fleire tusen polititenestemenn- og kvinner 40.000,- meir [...]
Det har vorte sagt at finanskrisa kjem til å ramma fotballen før eller seinare. I Sauda ser dette no ut til å vera tilfelle. Utanfor den lokale bruktmarknaden, ja…det står “Bruktmarkedet” på skiltet på veggen, kunne ein den 10.05.09 skoda fylgjande: Eg trur i det minste at ein må sjå nærare på innhaldet i ordet [...]
Eg kan merke at mykje av bloggeviljen gjekk i do saman med min kjære iPhone. I dag kom likevel litt av gnista attende, då eg kunne lese om ein ny type mobil. Ein automobil! Eit svensk selskap, Vehiconomics, tek opp arva etter Volvo og Saab. Dei har ikkje trua på digre bilar i bybilete og [...]
I dag sat eg for morro skyld og kikke litt på husvere i Sandnesområdet som måtte vere til sals/leige. Bakoversveisen la seg jo ganske fort på plass då resultata frå det kjappe søket mitt dukka opp på skjermen! Fire år i Volda med ein leigepris i måneden der straum, fjernsyn og Internett er innbakt i [...]
No i desse juletider går fleirfaldige plastikkort varme idet dei vert sveipa gjennom bankterminalen fortare enn grautskeiene i risengrynsgrauten på Jolafta! I så måte har eg erfart eit par småting dei siste dagane. Er du ikkje kunde i SR-Bank er det ikkje sikkert dette gjeld deg, men sjekk likefullt. For det fyrste så har min [...]
