Som han gjorde det mot Marita Aksnes, slo også overksrifta til Stavanger Aftenblad mot meg her i går. Skjermlesing stresser hjernen. Som lærar, og ein i hovudsak digital lesar, stiller eg meg skeptisk til utsegn om at ein skulle lære mindre av å lese på skjerm enn av å lese i ei bok.
…lesing på skjerm gir en ny form for orientering. Leseren mister helheten og deler av det fysiske aspektet. Boka har en fysisk substans som gir en annen ro. Teksten beveger seg ikke i forhold til mediet på papir. Det gjør den på skjermen. [UiS]
Thomas Misund Hansen skriv i sin kommentar til artikkelen på Aftenbladet sine vevsider at mennesket ikkje tenkjer lineært, slik til dømes ei bok er skriven. Prosessen med å få til ei bok er vel desto meir av ein alineær prosess, der ein går fram og attende i teksten for å endra på han. No har riktignok ikkje eg skrive noko bok, men eg vel å tru at det er slik det foregår. Eg trur difor ikkje at å lesa på ein skjerm krev så mykje endring i leseorienteringa. Det som derimot kan by på utfordringar for ein lesar er vel all reklamen og andre forstyrrande element som er rundt teksten. Men dette er jo ikkje akkurat nytt om ein har slått opp ei avis eller eit vekeblad i den seinare tid?
Det skremer meg eigentleg litt at ein kan koma med utsagn over om at «teksten beveger seg ikke i forhold til mediet på papir. Det gjør den på skjermen.» Tekstforfattaren kan ikkje ha særleg store lese og skrivevanskar! Er det noko ein får høyra om nettopp individ med dysleksi, så er det jo nettop det at teksten flyt saman. Og eg har vondt for å tru at Anne Mangen, forfattaren av Aftenbladets artikkel, nokon sinne har lese ei bok eller ein artikkel i fullskjermvisning på ei datamaskin. Om ein plent vil det, er det jo ikkje noko problem å få ei og ei side på skjermen utan at det er andre ting rundt. Navigeringa til neste side inneber då å trykke på ein knapp! Samanliknar ein med ei bok, kan det jo av og til vera vanskelig å ble om til neste side om ein har litt tynne blad i boka.
Sitatet over nemner også noko om «en fysisk substans som gir en annen ro». Denne fysiske substansen verker for meg å vera ganske svevande. Er det vekta av boka i hendene ho tenkjer på, eller er det sjølve det å fysisk ta tak i eit ark og blad om til neste side? Om det er det fyrstnemnde, så kan vel vekta av ein berbar datamaskin vera like tung som ei bok. Er det derimot det siste, kan eg i alle fall for eigen del seia det at eg ikkje opplever merkbart større læring av om eg må bla eller ei. Det kan jo tenkjast at Mangen tenkjer på dei trykte bokstavane også, men verkeleg fysisk substans får vel ikkje bokstavane før ein trykkjer dei i blindeskrift!
Og ein har jo lydbøker no. Det vil sei…ein har hatt dei i nokre år…på kassett. Kanskje på LP før den tid, og kva veit eg, kanskje hadde ein voksspolar med lydbøker før det igjen? Poenget er; gjev lydbøker mindre læring enn skrivne bøker berre fordi dei er berre lyd?
Det er vel fleire enn underteikna som har kjend auga verte tyngre og tyngre av å sittje å lese det som ikkje alltid er like sprudlande pensumlitteratur. Nokre nyttar til og med bøker for å få sove på nettene! Kva signal gjev dette om bøker? Jo, at ein vert trøytt av å lesa. Det er vel ei kjennsgjerning at god læring sjeldan føregår når ein er trøytt!
Me har etterkvart vorte ein del personar på denne jorda. Og det er nå ein gong slik at ikkje alle er like. Me har blinde, døve, folk som har dysleksi, folk som ser dårleg, folk som ikkje er i stand til å lesa tekst på vanleg kvit bakgrunn og tru det eller ei, men det finst folk som les betre på ein skjerm enn i ei bok. Trur eg. Hovudpoenget er vel at om ein skal læra noko, så må ein tykkja at det ein les er interessant. Slik sett fungerer forskinga til Anne Mangen perfekt for meg, sjølv om eg les han på ein skjerm.
Øyvind Solstad bloggar flott om korleis terskelen for kva ei nyhet er i dagens mediebilete er blitt. Og det er eigentleg rart at nivået, eller kravet til ei nyhende er så usigeleg lågt no i desse dagar. Verda har vel aldri vore mindre enn ho er i dag, og på same tid har det vel neppe vore fleire tilsette i mediebransjen enn det er no. Slik sett skulle ein tru at kvaliteten på nyhendene ville vera ganske høg.
hendelse, begivenhet som gjøres kjent for første gang.
Solstad sluttar innlegget sitt med følgjande setning:
At noe har skjedd med fire personer betyr ikke at det er en epidemi.
Det minner meg om då eg i 2003 levde livets glade dagar som ryggsekkturist i Thailand/Malaysia. Begge desse landa er naboland til Singapore som vel etter det eg fekk med meg då var eit kritisk land med tanke på spreiing av SARS (Sever Accute Respiratory Syndrome). Med eitt dukka det opp munnbind på nokre av folka i gatene. Ikkje mange, men nok til at eg beit meg merke i det. Eg hadde tidlegare merka meg at slikt vart nytta i austen, men då med tanke på forureining i dei store byane. Ikkje i eit turistmekka.
Uansett…nokre dagar seinare les eg avisar på nett frå heimlandet. Store krigsoverskrifter møter meg med advarslar om SARS. Eg oppfatta det bortimot som om Noreg var stengt totalt ned. Asiatane var ikkje like redde.
Sidan april 2005 er det omkome drept ca. 52.000 Irakarar. 14% av desse er har vore soldatar/politi. Verdas helseorganisasjon har rekna på tal frå 29 land, og kome fram til at av over 8000 moglege SARS-tilfelle har 810 av desse tilfelle resultert i dødsfall. No skal eg ikkje seie at media ikkje skriv nok om krigen i Irak. Eg berre nemner det sånn i forbifarten…at det nok kunne ha vore gjort ein del. Benjamin Zander er dirigent for Boston Philharmonics. I videoen under har han eit godt poeng om det å ha dialog og to ulike perspektiv, eller det han kallar «reflections of attitude». Han er ein halv time lang men det er langt i frå bortkasta tid. Spesielt interessant er det kanskje 7.30 ut i videoen…:
Ironien ligg tjukt utanpå. Øystein Johannessen blogga alt rundt juletider i fjor om at svenskane kikkar over grensa til Noreg. Heldigvis var han også påpasseleg med å nemna at me ikkje må gløyma å sjå på kva svenskane finn på. For broderfolket har noko som ikke me har…eit høveleg system der ein kan finna gode ressursar på nettet alt etter tema. Dei er i det heile teke langt framme når det gjeld IKT synest det som.
Eg undrar meg litt over om det verkeleg er satsing på skulen og IKT me held på med her til lands, når det som skil gode moglegheitar for pedagogisk opplæring på og med IKT, er firkanta byråkratar og reglar i kommunenoreg! Eit døme frå røynda;
Eg slit med å få 26 datamaskinar på nett samtidig. Eg har 26 elevar. Eg har oppretta 26 Gmail-kontoar til desse, og dei er allereie i god gang med å læra seg korleis dei nyttar seg av dette nye vektyget. Ein elev kunne mellom anna fortelje meg dette i ein nettpratsamtale eg hadde med han inne på Gmail:
Elev: det ekonge me gmail
Slikt varmar. Det som derimot ikkje varmar er når eg vert sittjande å feilsøka og oppdatera datamaskinane i to skuletimar medan elevane gong på gong på gong på gong spør meg om eg kan hjelpa dei med å koma inn på maskina. Ein skulle tru auga dei limte på julekorta her om dagen var deira eigne, for eg sit jo midt i ein haug med maskinar som eg allereie slit med å rekkje over før dei to datatimane dei eigentleg skulle ha er over.
Det er trist at alt strandar på sikkerhet og ein manglande trådlaus router til nokre hundre kroner. Ein kan sjølvsagt ikkje ha ope trådlaust nett av ein eller annan grunn. Og ein kan heller ikkje har kva slags trådlaus routar. Nei…ein spesiell må det vera! Ein som kostar så mykje at ikkje ein gong høver inn på ynskjelista til skulen på denne sida av 2010. Satse på skulen??
Men attende til kva svenskane gjer. I dag leverte Foxit Reader meg fylgjande lenkje. Sebran frå Wartoft Software. Marianne Wartoft er ein programutviklar som sidan 1995 har utvikla pedagogisk programvare. Fyrst som shareware, men etterhvert har ho gjort alle programma sine gratis! Det beste av alt er at til dømes Sebraner tilgjengeleg på norsk og. Og dette må me altså til Sverige for å finna?
I tillegg kom eg også over ei fantastisk kjelde til pedagogisk digitalt materiale. Länkskafferieter jo som ein formel 1-bil å rekna i høve til vår eigen Fiat Punto…eller skolenettet.no som dei i Utdanningsdepartementet har velt å kalla det. Nei Solhjell…her må du kasta sølvpussekluten og ta fram ein skikkeleg skureklut. For det trengs ein oppvask av solide dimensjonar! Og eg har løysinga for 26 av desse håpefulle. Det er berre det at dersom dei skal få merka noko til denne satsinga før dei vaknar opp att frå russefylla, så treng eg nok hjelp frå oven.
Kristin Clemet har skrive ein artikkel i Aftenposten der ho set fokus på valprosessen i USA vs. Noreg. Dvs. korleis ein til slutt står att med ei liste kanditatar som er aktuelle til val.
Ho trekk fram den nyleg avslutta valprosessen i USA. For uinnvidde er prosessen i korte trekk slik (visualisert);
Altså ikkje heilt likt som her til lands. Amerikanske velgjarar har større påvirkningskraft på kandidatane enn det vi har her til lands.
No skal det seiast at eg ikkje meiner at USA har ein perfekt modell for korleis ein skal velgje sine tillitsvalde for å styra landet i dei neste fire åra. Milliardforbruk på kampanjar er ikkje heilt min smak. Men meir om det seinare.
Eg seier berre at Noreg sitt system kan, og bør gjerast betre for å unngå den verste politikarforakta som eg tidlegare har vore såvidt borti. Eg omtalte det då som ei distansering frå det verkelege livet, men ein kunne altså like gjerne ha kalla det politikarforakt.
Det er kun eit lite antall personar som velgjer ut dei listene me som velgjarar kan røysta på. Det er heller ikkje på plass nokon slags form for mekanisme for å unngå at politikarane me velgjer vert sementert i dei posisjonane dei får.
Om ein klikker litt inn på relevante sider på nettet, kan ein finna nokre ord om korleis listene me kan stemma på vert sett saman;
Man stemmer på lister med kandidater fra de enkelte partiene. Hvem som skal stå på listen til de forskjellige partiene, er det deltakerne på partiets nominasjonsmøte som avgjør. Selv om velgerne kan «rette på stemmesedlene» ved å endre rekkefølgen på kandidatenes navn og stryke kandidater, er det i praksis små muligheter for å påvirke personsammensetningen. Den rekkefølgen partiene har satt opp, blir helt avgjørende.
- Stortinget.no
Her seiest det jo akkurat det eg er oppteken av. Det same er Kristin Clemet når ho omtalar det ho kallar politisk innavl.
Det er altså en stadig mindre klikk som bestemmer hvem som skal få være politikere. Da er det kanskje ikke så rart at det kan bli mye «innavl», flere karrièrepolitikere og en sterk profesjonalisering av politikken. Generøs statlig finansiering av partiene bidrar antagelig heller ikke til at det luftes mye ut. I stedet eser det ut.
- Kristin Clemet
Setje bukken til å passe havresekken altså? Om ikkje anna, så har ein i alle fall lasta havresekken godt fast til ryggen på bukken!
Det er skremande å ta inn nok eit eksempel frå USA her kjenner eg, men det får heller gå. Ein god idé kan jo like gjerne dukke opp frå den kanten. Fakta er at senatorane i USA vert rullert i periodar på seks år. Kvart andre år er det val på 1/3 av dei tillitsvalde i senatet. Dette medfører i teorien ei rullering av embeta, og burde medføra ei sunn utlufting.
Eg trur også slikt ikkje berre er bra for å unngå profesjonalisering av politikarrolla. I tillegg ser eg det som ein naturleg reaksjon at dette ville resultert i større interesse for politikk hjå folk flest.
Kristin Clemet skriv også nokre ord om det føreståande valet her til lands;
I 2009 er det stortingsvalg. I månedene som kommer, skal partiene nominere sine kandidater. Da bør partiene åpne seg mer opp. De behøver ikke å kopiere USA og innføre åpne primærvalg med flagg, konfetti og ballonger. Relativt enkle tiltak kan gjøre den norske nominasjonsprosessen mer inkluderende, demokratisk og interessant for folk flest.
- Kristin Clemet
Innføring av konfetti og ballonger ville i alle fall for min del medført at eg hadde fått endå mindre sans for politikken. Barack Obama har sett ein voldsom rekord i innsamla kronasjar i år. Og eg trur han kan prisa seg lukkeleg for at han valde å ikkje gå for ein statsfinansiert, og dermed avgrensa kampanje. Mellom anna VG melder om at Obamas kampanje har passert ikkje mindre enn 7 milliardar kroner i innsamla private middel. Det skal jo seiast at han i hovudvalrunden likevel tok i mot offentleg finansiering. Men trass i dette har han likevel sett ny rekord for private donasjonar til sin valkamp.
Ironien i debatten om offentleg finansiering, er jo at John McCain takka ja til dette. Han som jo er for privatisering.
Til slutt ein liten video av Obama’s visepresidentkandidat Joe Biden. Ho vert intervjua av WFTV si Barbara West. Høgdepunktet er ca. 4 minutt og 24 sekund ut i videosnutten der Ms. West synes ein framifrå observasjonsevne av verda omkring seg!
Ein har i fire år no hatt ei satsing på IKT i skulen, Digital kompetanse 2004-2008. Denne skal snart fasast ut, men eg må seie at eg ikkje er særleg imponert over det som har skjedd dei siste fire åra sidan eg tok til på mi lærarutdanning. Som eksempel på nokre av hovudutfordringane programmet har hatt, kan mellom anna desse nemnast;
utvikle digital kompetanse gjennom daglig bruk i læringsarbeidet
utvikle læreres og skolelederes digitale kompetanse
Flotte ord. Som vanleg når planar kjem frå statleg hald. Men det er mest alt det er!
Ok…så er eg i den heldige situasjon at eg har projektor i klasserommet. Eg har og høve til å gje kvar elev i gruppa mi ei datamaskin kvar…to timar i veka. Eg kan ikkje anna enn å gjenta at eg ikkje er særleg imponert. Me bur trass alt i eit av verdas rikaste land og burde ha råd til å sørge for at skuleborna får den digitale kompetansen dei treng i livet utanfor skulen. For det er noko som ikkje heilt gjev meining på dette området…
Youtube og Facebook er to døme på farsottar som har spreia seg voldsomt på Internett i den seinare tid. Det som diverre ser ut til å vera skulane sin reaksjon på dette, er å sperra sidene for borna når dei er på skulen og nyttar seg av skulen si nettilkopling. Men kva med tida dei er på når dei ikkje er på skulen?
Eg tek vel ikkje i om eg seier at eg ser på meg sjølv som ein tålig greit digitalt kompetent ung mann, og er såleis godt representert på begge av dei nemnde nettsamfunna. Heilt sidan min fyrste praksis i 2004 har eg vorte spurd av elevar om eg «har MSN?». Dette skjer i 2008 og, men i tillegg er ei erfaring eg har gjort meg at elevar som er under Facebooks lågast godkjende alder for registrering på deira nettsamfunn, har forsøkt å leggje meg til som ven her.
Youtube har ein liknande avtale for bruk som du godkjenner når du oppretter konto her.
«In any case, you affirm that you are over the age of 13, as the YouTube Website is not intended for children under 13. If you are under 13 years of age, then please do not use the YouTube Website.»
Trass i dette har eg motteke kommentarar og invitasjonar til å verte ven med born som er under denne alderen på begge desse foruma. Eg har difor kome fram til at det er nokre spørsmål ein må tenkje på angåande dette:
Kva skal ein som lærar gjera i slike situasjonar? Korleis vil eleven reagere om du som lærar ikkje vil vera ven med han/ho?
Skal ein kanskje akseptera førespurnaden? Korleis vil då foreldra reagere om dei får greie på det? (Det er vel ikkje sjølvsagt at den mindreårige poden har nevnt for foreldra at Facebook er ein stad han/ho «heng»…)
Kvifor har eg ikkje lært noko som helst angåande dette under mi fireårige utdanning til fleire hundre tusen norske oljekroner?
Kvifor har eg ikkje kome over nokre råd frå Utdanningsdirektoratet angåande denne tematikken?
Skal elevane finna ut av desse spørsmåla på eiga hand, medan skulane, med kommuneadministrasjonane i spissen, stengjer ned nettstader som «ikkje er passande i ein undervisningssituasjon»?
Ironisk nok er sjefen sjølv og mannen som er ansvarlig for ståa i skulen sjølvpå Facebook, og jammen er ikkje også Jensemann å finna på Youtube og. Vil dette seia at Facebook ikkje er sperra på Stortinget? Sjølvsagt er dette hendig når han må inn å sjekka kva kaviar Kjetil og Kari valde seg på bryllupsreisa!
Eg tenkjer i mitt stille sinn at i desse raudknapp-tider…er det ikkje desto viktigare at me lærer elevane korleis dei kan ferdast trygt i Internettjungelen, framfor å stenga ned tenester som dei likevel kan nytte seg av på datamaskina heime?
Eg har lyst til å kome med nokre tankar omkring det nynorske språket i eit verdsperspektiv no. Bakgrunnen er at eg gjekk og høyrde på Språkteigen si sending frå den 26.10 på veg til arbeid i dag. Etter kvart kom dei inn på eit tema som ein kanskje kan kalla det norske språk i verda?
Ei rekkje institusjonar, her i Noreg representert av HiB, er med på eit EU-sponsa prosjekt som er kalla Double Bubble. Målet, eller måla til dette prosjektet er slik;
• å vekke interesse for språkene tysk, svensk, norsk, dansk og islandsk.
• å bruke lekende og overraskende metoder for språkinnlæring.
• å øke interessen for språkkurs.
• å nå fram til målgruppen, unge mennesker mellom 18 og 30 år.
Prosjektet tek sikte på å nå dei i aldersgruppa 18 til 30 år som kanskje ikkje er særs interessert i å læra språk. Det er og snakk om dei framandspråka som kanskje ligg nærast opp til Norsk. Slik sett passar kanskje ikkje tankane mine heilt inn, men eg trur likevel at desse funderingane mine har eit poeng. Men la oss høyre litt på kva det går i når dei snakkar om å læra andre språk;
Audio clip: Adobe Flash Player (version 9 or above) is required to play this audio clip. Download the latest version here. You also need to have JavaScript enabled in your browser.
Det eg tykkjer er mest interessant her er noko av det siste som vert sagt:
«…utnyttar du den språkkompetansen som du sit inne med frå tidlegare. Det er nokre grammatiske strukturar som har inne i deg og som du utnyttar.»
For det er akkurat dette eg tenkjer på når eg meiner at det å læra nynorsk som hovudmål vil vera ein ufatteleg fordel for alle når ein seinare skal ta til å læra andra språk. Eg er diverre ingen forskar og kan sjølvsagt ikkje dokumentera noko slikt. Men så kan ein spørje seg…må ein vera doktor for å forstå at ein må ete for å overleve? Eg har altså ei magekjensle, og den seier meg at om ein lærer nynorsk som hovudmål i Noreg i dag så vil ein oppnå fleire effektar;
ein får større ordforråd
ein får bokmål «gratis»
ein får større evne til å forstå andre dialektar/språk
ein får betre evne til å fungere språkleg i samfunnet
Med tanke på at fleirspråkleg kompetanse er meir og meir etterspurd i arbeidsmarknaden no til dags, kan eg verkeleg ikkje skjøna at ein ikkje skulle ville ynskje å kunne fleire språk antan dette no er nynorsk, bokmål, samisk, teiknspråk, svensk, engelsk, tysk, fransk, spansk eller for den del arabisk!