Vår kunstige utdanningssituasjon

Mange meiner mykje om det Norske utdaningssystemet. Eg er ein av dei. No kom eg til å tenkje på sjølve kvardagen. Korleis borna er organisert for å læra. Det heiter jo ikkje klassar lenger, men grupper. Nytt ord. I mange tilfelle same forskjell. Altså ingen.
I L97 sin generelle del som ikkje vart endra med ny læreplan heiter det;

Opplæringen skal kvalifisere for produktiv innsats i dagens arbeidsliv, og gi grunnlag for
senere i livet å kunne gå inn i yrker som ennå ikke er skapt.

Og la oss ta ein kort kikk på dagens arbeidsliv. Det kan jo vera interessant nok i seg sjølv det, men av alle ulike jobbar du kjenner til, kor mange er det som inneber at ein må arbeida i 45 minuttsintervallar. Kor mange er det som inneber at du sit på ein pult klemt inn mellom 25 andre pultar og deira tilhøyrande hyller på snaue 50 kvadratmeter?

For slik er det i skulen.

Opplæringslova fortel oss dette;

Elevane kan delast i grupper etter behov. Gruppene må ikkje vere større enn det som er pedagogisk og tryggleiksmessig forsvarleg. Organiseringa skal vareta elevane sitt behov for sosialt tilhør. Til vanleg skal organiseringa ikkje skje etter fagleg nivå, kjønn eller etnisk tilhør.

Den siste setninga der er jo verdt ein blogpost i seg sjølv, så det tek eg ikkje meir av no. Men at elevane kan delast i grupper etter behov burde jo heller vore formulert som eit skal spør du meg. Ikkje ein gong ei grisemor klarar å handtera så mange born på ein gong som det ein lærar må gjera til dagleg. Og så snakkar ein om pedagogisk forsvarleg?

Folk er ulike, men i den Norske skulekverna anno 2008 vert dei alle kasta i same støypeform sjølv om dei alle har krav på tilpassa opplæring. Den tilpassa opplæringa skal ikkje vera meir tilpassa ser du, enn at ho kan fungera innanfor eit felles rammeverk som skal gjelda for alle.

«Navarsete sier nei til lyntog»

Det er krifsoverskrifta som grin mot meg på Aftenposten sine vevsider i dag.

Jeg vil ikke avvise at det kan bli aktuelt, men da blir det eventuelt i et lengre tidsperspektiv enn den neste tiårsperioden, sier samferdselsministeren til VG.

Huff. Eg kan ikkje anna enn å håpe på at nokon set denne forvirra vestlendingen på fyrste fly til Tokyo og sender ho avgarde mot Hiroshima med Shinkansen-toget. Og er me eigentleg så dårleg stillt her til lands at det er eit spørsmål om antan dobbeltspor eller høghastighetstog? Kan ein ikkje satsa på begge?

Andre land konstruerer store byggverk. «Wonders» som nok unge Leine ville ha kalla det. Kva skjer her til lands? Skal eit Operabygg i Bjørvika vera det me har å visa verda?

Er me blitt så høgkulturelle og fine på det at me ikkje kan byggja noko som kjem til nytte for framtida og folket? Sjå berre på kva Romarane gjorde då dei bygde aquaduktane, eller russarane/kinesarane då dei bygde den transsibirske jernbana tidleg på 1900-talet. Eller kva med Engelskmennene/Franskmennene då dei byrja å bygge togtunnellen under den engelske kanal i 1988?

Det er mest litt flaut å vera norsk, når det beste me kan få til er ein lekk romeriksport.

NRK inn i skulen

Det finst utan tvil dei som har fått tildelt betre fortellarevner enn meg. «Slik er det, og slik har det alltid vore» som Jon Fosse ville sagt det. Når eg då ikkje heilt når opp til dei høgder som ein gjønomsnitteleg standupkomiar gjer, må ein søkja andre arenaer å formidle bodskapen på. Og det er det eg forsøker å gjera med min bruk av IKT i undervisninga.

For det finst mykje flott på Interwebben! Ikkje minst radioprogram. For tida er eit tema på skulen norske rovdyr. Tilfeldigvis høyrde eg ei reportasje på NRK’s «Verdt å vite» for nokre veker sidan om akkurat det. Eg tenkte med ein gong eg høyrde det at dette måtte jo vera fantastisk å få brukt i ein undervisningssituasjon! Problemet er berre ei lita sak som heiter «opphavsrett». NRK sit jo sjølvsagt på alle rettane til programma dei lager og sender ut på eteren. I utgangspunktet kan eg sjå for meg at ein kommersiell aktør som sjølvaste Rikskringkastinga ikkje ville vera særs begeistra over å at åndsverket deira vart redigert om ein annan av ein tilfeldig grunnskulelærar. Eg tok likevel sjansen, og sendte avgårde ein e-post til Verdt å vite-redaksjonen der eg hinta litt frampå om det kunne vera ein mikroskopisk sjanse for at eg kunne nytta dette materialet i undervisninga. Resultatet var gledeleg overraskande!

Så ein hjarteleg stor takk til Hr. Grydeland i NRK. Hadde ein berre organisert dette frå Statleg nivå så samtlege lærarar i Noregs land kunne nytta seg av materialet som NRK produserer, trur eg at me kunne sett mykje flott i skulen, og kanskje også sett ein framgang i resultata. For eg ser i alle fall det med mi klasse…dei fylgjer mykje betre med når det er ein video som vert avspelt enn når eg står og teiknar og forklarar. Men dette er berre ein særs subjektiv observasjon. Kan hende tek eg feil…

Byråkrati i praksis

Norge er eit heldig land med enorm tilgang til vassressursar. Ei energikjelde som ein i utgangspunktet kan nytta om att i det uendelege.

Då eg var i Australia hausten 2007 hadde Brisbane by innført sparetiltak. Ein hadde til dømes ikkje lov å vatna plenen om ein hadde slik. Krana skulle også helst skruast att medan ein pussa tenner. Strengt tatt så ville vel styresmaktene helst sett at ein skulle dusja saman fleire på ein gong og, og det ville utvilsomt vore gunstig for å skapa tette og gode relasjonar mellom folk, om det kanskje ikkje hadde vore så praktisk.

I Malaysia var det ikkje betre. Sjølv om vasstilgangen her var på den andre sida av kriseskalaen, kan ein ved Air Itam vassreservoir utanfor Georgetown på Penang sjå ein diger plakat med ei pil som syner den aktuelle vasstanden. Her var det derimot godt og fullt då eg sveipa innom ein varm haustdag i oktober.

Men så til poenget. I Amerika gjer dei jo som kjent mykje merkeleg. Dei er eit forbrukssamfunn utan samanlikning, men samstundes har dei ein del godt å koma med når det kjem til miljøsatsing. Ein måte å klara seg på er jo som dei gjer det i Australia…at ein sparar på vatnet. Dette gjer dei også i junaiten, og det i mange ulike skalaer. I privatheimar setter dei ut tønner som samlar regnvatn. Stader der ein kan vaske bilen sin tenkjer miljø dei og og har putta store kummar under asfalten der dei samlar regnvatnet. Dette vert så nytta i flunkande nye vassparande vaskemaskinar.

Men så skjer det, at ein eller annan paragrafryttar hjå dei lokale styresmaktene finn ut at slik kan ein ikkje ha det. Staten det er snakk om er Utah, ein av statane med minst nedbør. Ein har difor lovar og reglar som går på vassrettar. Og har ein ikkje vassrett, så har ein heller ikkje lov å utnytta vatnet med f.eks å endra det naturlege løpet til dette.

What type of work constitutes a stream
alteration?

In general, if the work
conducted has the potential to adversely
affect the natural stream environment,
recreational uses of the stream and
adjacent areas, aquatic wildlife, channel
capacity, or water rights a stream
alteration permit will be necessary.

Stream Alteration Violations

Så då denne byråkraten fekk det føre seg at det å samla opp regnvatn i større skala enn i ei tønne gjekk han like godt etter bilforhandlaren som trudde han gjorde noko godt for miljøet ved nettopp å spara på vatnet.

You need to a flashplayer enabled browser to view this YouTube video

Politikk og pensjonsordning

Omsider tek media tak i noko eg har meint noko om i mange år no. Pensjonsordninga til politikarar som sit på Stortinge. Eg trur det var heilt attende i 2001 eg kom borti det fyrste gongen. På eit eller anna vis fekk eg høyre om den, for dei, flotte pensjonsordninga der dei fekk opparbeida seg full pensjon etter berre 12 år på tinget.

Ein pensjonert politikar som har site i tre periodar på Stortinget, kan med dei reglane som gjeld i dag belaga seg på ei årleg inntekt på over 430.000 blanke, Norske oljekroner rett inn på konto. Dette tilsvarer 66% av den årlege lønna til ein Stortingspolitikar. Aftenposten har i den same artikkelen gjort nokre kalkuleringar av korleis pensjonen vil verta for særs unge folk og utan at eg vil bry meg meir med akkurat den vinklinga her og no.

Eg fekk faktisk ein gong moglegheiten til å samtala med ein som på det tidspunktet sat på tinget omkring dette temaet. Eg kan ikkje ta igjen kva argument eg nytta. Men eg hugsar godt at rettferdsinstinktet mitt sa klart i frå at det å kunne bruke 12 år av sitt liv, og så kunne håve inn ei slik abnorm årslønn resten av livet…ja det var det ikkje særleg mykje rettferd i. Sosialdemokrati meg her, og sosialdemokrati meg der! Ingen fortener vel ein halv million i året etter å ha jobba 12 år! Ikkje ein gong dei som sat i dei rette kommiteane då den fyrste oljeleidninga vart sluppe ned ute i Nordsjøen seint på 60-talet har gjort seg fortjent til det. Men mine debatantiske evner strakk ikkje til på den tida, om dei no gjer det den dag i dag, så eg tapte den diskusjonen med glans. No ser det likevel ut til at mine motforestillingar mot ei slik ordning omsider vinn fram!

Eg har difor eit forslag. Aftenposten nemner at dei som har motteke for mykje i pensjon nok vert nøydt å betale attende til staskassa. Forslaget er vel strengt tatt å rekne som ei tilleggsstraff. Ein kan jo rekne med at dei uheldige ikkje visste kva dei gjorde, men eg er ikkje Jesus heller! Og toppolitikarar er ikkje dumme. Det er på ein måte ein grunn til at dei sit på tinget. Så difor, utan meir krimskrams: set dei opp som assistentar rundt om i Noregs mange underbemanna skular! Eg er sikker på at Kjell Magne hadde vore ein aldeles fortreffeleg RLE-lærar. Elles så kunne eg godt ha teke i mot Anders Talleraas som hovudlærar i mine historie og engelsktimar. Og så kunne eg tenkt meg Magnus Stangeland som papirhandsamar for meg slik at eg berre kunne konsentrera meg om Norsk, Matematikk, Gym og Naturfag for mine 26 elevar.

Men attende til utgangspunktet. Pensjonsordninga var og utgangspunktet for mitt argument om at ein bør innføre ei rotasjonsordning på Stortinget. Eg er av den oppfattning at ein mister heile kontakten med det verkelege liv om ein sit i ein slik posisjon for lenge. Trur du meg ikkje? Ta ein prat med ein heilt tilfeldig fulltidsstudent på ein av Noregs Høgskular! Røyndomsbiletet er nok like forkvakla der i garden som for ein politikar som har vore på tinget sidan han vart 25! Eg er strengt tatt litt forundra over meg sjølv, og at eg vel å kasta meg på ei amerikansk linje her. Eg tek han likevel eit steg lenger, og meiner at etter 6 år på tinget, bør ein ikkje lenger vera eit alternativ på vallistene. Eg ser ganske enkelt for meg at ein vil kunne oppnå minst eit par fordelar med dette;

  • «Uheldige» forhold mellom politikarar og næringsliv vil ha mindre rett til til liv
  • Ein får betre levekår for det representative demokratiet
  • Sakene til partia vil måtte få eit større fokus enn «trynefaktor»

Så ja. Eg er vel glad for at det no endeleg ser ut til å bli slutt på denne skeive ordninga. Ein plass på Stortinget er jo fyrst og fremst ei tillitserklæring frå dine medbogarar. Dernest er det heilt friviljug. Og når politikken har vorte så innvikla at ein som utdanna bakar ikkje skal kunne ha evnene i orden til å vera med på å styra landet, då er det på tide å gå attende til røtene spør du meg. Ein elite som styrer landet…minner meg fælt om noko anna eg helst ikkje vil tenkje på!

Ein ubetinga revolusjon!

Google er etterkvart eit kjend merkevarenamn. Me kjenner vel alle Google Search. Me har og Google Earth, Google Maps, Google Mail, Google Video, Google Reader og sist men ikkje minst, Google Docs! Sistnevnde har eg drive å fikla litt med i dag.

Eg oppdaga eit nytt val i menyane til Docs som eg ikkje hadde sett før i går kveld. «Form» heitte det. Norsk omsetjing vert altså «skjema». Og det heile er eigentleg ufatteleg genialt!

Når du klikker på menyvalet, vert du teken til ei ganske enkel side der du skriv inn spørsmålet, og vel mellom eit lite utval av svarformer. Kortsvar, lengre svar, fleirval, avkryssing, val frå liste og skalering. Noko for ein kvar smak, og noko som kan vera gunstig til dømes i ein undervisningssituasjon. Ikkje alle elevar er like glad i å skriva lange avhandlingar veit me jo som kjent, så då kan gjerne eit par fleirsvarsoppgåver gjera det heile kjekkare.

Men så kjem me til det som er veldig greit. Når ein har laga ferdig alle spørsmåla kan ein velje å antan sende ut skjemaet til e-postar, eller ein kan implementera skjemaet på ei vevside. Magien kjem fram når den fyrste respondanten har sendt avgarde svaret sitt. Vips, så dukkar det opp eit rekneark med svara som folk skriv inn. Ufatteleg greit med tanke på oversikt, men og når det gjeld dokumentasjon av arbeid. I tillegg slepp ein unna haugevis med papir og har alt på ein stad.

Nedanfor er eit lite spørjeskjema eg laga på fem små minutt. Test det ut! Det ligg også ein video heilt nedst her som kan vera nyttig å sjå på om du funderer på å ta i bruk Google Docs i undervisninga.

You need to a flashplayer enabled browser to view this YouTube video

Marknadsføringsstrategi

Sirdal kommune slit litt med folketalet. Det er kome fleire uttalelsar omkring denne utfordringa. Kommunen har sett seg som mål å verta 2020 innbyggjarar innen 2020. Kor seriøst det målet er gjenstår no å sjå. Eg tykkjer i alle fall ikkje dei gjer seg make med å tiltrekkja seg nye, faste innbyggjarar, men det er no meg.

Gunnar har kome med eit forslag om å ta i mot 100 flyktningar innan 2010 noko som eg vel må sei er av dei meir kreative! Men det bleiknar likevel i høve til den strategien som Mt. Isa i Australia ser ut til å gå for (dei opplever fråflytting av jenter/kvinner);

UGLY girls are in luck: Mount Isa’s mayor says there’s a shortage of women in his town, and not-so-attractive maidens would do well to head there.

The Courier-Mail

Ordføraren i Mt. Isa, som har ein økonomi basert på gruvedrift, tek altså her fatt i ei utfordring på ein særs kreativ måte. Han vil ha stygge jenter til byen sin for å dekka opp om behova til gruvearbeidarane og for at dei skal få eit betre sjølvbilete! Det at Mt. Isa i hovudsak baserer seg på gruver og då altså (i hovudsak mannleg) arbeidskraft som kjem til byen midlertidig gjev meg to tankar;

  1. Det som jo må seiast å vera eit litt diskriminerande utsagn frå Ordførar Molony, gjer vel neppe Mt. Isa meir populær blandt kvinner.
  2. Det er visse likskapar mellom Mt. Isa og Sirdal…begge stadar grev ein i fjellet…begge stader er fråflytting eit problem…begge stader har ein god del arbeidskraft som er tilreisande f.eks…

I alle fall…ein finurleg måte å få nye sambygdingar på frå down under der altså!

[For meir lysteleg lesing om saka, jfr. Townswille Bulletin]

Attende til toppen