I dag gjorde eg eit stunt. Tenesta typewith.me, ei klone av det Etherpad (som no er ein del av Google Docs), gjer det mogleg for fleire personar å delta i produksjonen av eit dokument samstundes. Personleg tykkjer eg dette er ei heilt fantastisk utvikling. 2. klassa eg er i har ikkje vore borti noko liknande [...]
Nok ei stripe frå Bitstripsbrukaren Branzeburg. Bitstrips har forøvrig moglegheit for lærarkontoar der ein lett kan gje tilgang til elevgrupper.
Ein kan sei mykje om lærarstanden, men at yrkesgruppa vert vurdert som andre yrkesgrupper er vel å ta hardt i. Dersom læring ikkje skjer, vert dette ofte tabloidisert som om læraren ikkje har gjort jobben sin. (Jf. “10B”.) Funder litt på denne i påskeferien (klikk på stripa for å sjå henne litt større);
June Breivik kvitra om frykt for overvaking i den vidaregåande skulen i Vestfold her om dagen. Dette er nok eit eksempel på at politikarar og kommuneadministrasjon tek heile føringa for korleis IKT skal nyttast i skulen. Eg har tidlegare teke fatt i nettopp dette temaet, og på leirplass i denne vekas Computerworld skriv Henning Meese [...]
Jeg tror mange er litt engstelige for å prøve ny programvare. De er redd for at de skal ødelegge noe, men sånn er det jo ikke. Man må våge å prøve. -Eva Brattvold Eg opnar med det sitatet berre for å slå ein ting fast med ein gong. Eg er ikkje blandt desse. I dei [...]
Aftenposten kjem i dag med ein artikkel som gjer at det byrjer å syde og koke inne i meg. Med den kraftig provoserande overskrifta “Pedagoger lider av datafobi“, har Kristin Jonassen Nordby utført sin misjon. Jonassen Nordby siterer Odd Arild Olsen, spelsjef hjå Barnevakta.no; Skolen kan og bør bruke dataspill langt mer enn de gjør [...]
