Klasseromsmiljø

I helga nytta eg fridagane til litt etterutdanning. Ikkje av den formelle typen sjølvsagt, men av det ein kan kome over på det store Internettet. Stikkorda er: «Whole brain teaching«.

Whole brain teaching er ein teknikk for å få ro og orden i klasserommet og samstundes gje elevane moglegheiten til å få utfalda seg på ein meir barnsleg måte. Standarden i dei fleste norsk klasserom er vel i stor grad å nytta ordenskryss eller be elevar vere stille om dei sit og småsnakkar, vandrar rundt i klasserommet eller på andre måtar ikkje maktar å falle inn i dei reglane som gjeld på skulen.

Eg vil påstå at det Chris Biffle har kom opp med er ein revolusjon! No har jo eg ei beskjeden rekke med praksisår bak meg i skuleverket, så for alt eg veit kan dette vera noko andre har tenkt tidlegare. Men for meg er dette heilt nytt, og revolusjonerande.

Å seie det eg har skrive over no, tek vel omtrent den tida det skal ta å lesa med whole brain teaching. Difor vil eg ikkje skrive så mykje meir no, men i staden be deg om å sjå dei filmane (8 stykk) som er å finne nedanfor. Etterpå hadde det vore flott om du hadde teke deg tid til å skrive nokre ord om dei tankane du sit att med etterpå. Er dette bra, eller ikkje heilt passande i den norske skulen? Som dei seier på engelsk…you tell me!

Så enkelt at ein hund kan

Samskriving i barneskulen

I dag gjorde eg eit stunt. Tenesta typewith.me, ei klone av det Etherpad (som no er ein del av Google Docs), gjer det mogleg for fleire personar å delta i produksjonen av eit dokument samstundes. Personleg tykkjer eg dette er ei heilt fantastisk utvikling.

2. klassa eg er i har ikkje vore borti noko liknande tidlegare, og eg var naturlegvis litt skeptisk til korleis det skulle gå. Det gjekk føre seg på den måten at eg oppretta seks ulike dokument. Eit til kvar gruppe. Desse vart så lenkja opp i eit notat i It’s Learning. Dette gjorde at elevane kunne logge seg på sin konto på It’s Learning, velgje norskfaget og derifrå velgje dokumentet med sitt gruppenummer. Dette fiksa alle veldig greit.

Dokumenta hadde same oppstartstekst. Denne hadde eg lagd inn til dei. Oppgåva var ganske enkelt å skriva inn så mange vår-ord dei kunne. At dette gjekk smertefritt er å ta hardt i. Det gjekk ikkje lange stunda før skuldnadane flagra veggimellom om at XX hadde sletta det YY nettopp hadde skrive. Det er jo ein interessant observasjon å vera vitne til, for korleis YY kunne vera sikker på at det var XX som hadde sletta orda når dei var fysisk adskilde i ulike rom? Finurleg, og ganske morosamt.

Konklusjonen er altså at etter 15 minutt hadde dei små erfart at ein ikkje burde ta bort særs mykje av teksten, og om dei skulle gjere det, så burde det berre vere teksten som hadde sin eigen farge. For nokre ein hard lærepenge, men eg trur det gjorde godt.

Etter friminuttet hadde eg laga nye oppgåver til dei same gruppene. Denne gongen var det historieoppgåve. Elevane skulle skrive kvar sin setning. Det var fantastisk moro å sjå sjølvsensuren på stor bokstav og punktum! «Teiknet» på at det var nestemann sin tur, var jo sjølvsagt eit punktum.

Etter å ha teke opp kva erfaringar dei hadde gjort i førre time, var det heller ikkje nokon som klaga over at teksten forsvann. Det var også fantastisk å sjå den disiplinen elevane hadde i høve til når dei skulle skriva.

Alt i alt var dette noko av det mest suksessfulle eg har vore ute for i år. Læringskurva til elevane såg ut til å skyta rett til vérs høgare enn kva oskesky som helst. Då er det kjekt å vere både elev og lærer.

Bitstrips

Nok ei stripe frå Bitstripsbrukaren Branzeburg. Bitstrips har forøvrig moglegheit for lærarkontoar der ein lett kan gje tilgang til elevgrupper.

Klar melding ut

Lærarar i ei særstilling

Ein kan sei mykje om lærarstanden, men at yrkesgruppa vert vurdert som andre yrkesgrupper er vel å ta hardt i. Dersom læring ikkje skjer, vert dette ofte tabloidisert som om læraren ikkje har gjort jobben sin. (Jf. «10B».) Funder litt på denne i påskeferien (klikk på stripa for å sjå henne litt større);

Byråkratpedagogar

June Breivik kvitra om frykt for overvaking i den vidaregåande skulen i Vestfold her om dagen. Dette er nok eit eksempel på at politikarar og kommuneadministrasjon tek heile føringa for korleis IKT skal nyttast i skulen.

Eg har tidlegare teke fatt i nettopp dette temaet, og på leirplass i denne vekas Computerworld skriv Henning Meese om den (manglande) digitale kompetansen hjå lærarar. Meese tolkar Egil Børre Johnsen slik;

«Han mener den digitale satsingen har hatt liten effekt fordi lærerne ikke er skolerte i å ta verktøyene i bruk.»

Vidare vert det av Computerworlds skribent sagt at «Skolemyndighetene har hatt en overdreven tro på at pc-er og internett i seg selv skal gi pedagogisk gevinst.» -H. Meese (2009), Computerworld. Nøkkelordet her er for meg «skolemyndighetene».

Det finst neppe forsking på området, men det hadde vore eit interessant studium å sett på talet norske lærarar som sjølv har fått vere med å bestemma kvar datamaskinane skal vere, og ikkje minst, kva som skal vere på dei. Det dømet eg nevner i starten av denne bloggposten, er berre eit av mange eksempel på at byråkratiske krefter tek totalt styring over den digitale biten i eit klasserom.

Eg kjenner personleg til ein del tilfelle der politiske vedtak er det som ligg bak den digitale røynda i eit klasserom. (På merkeleg vis gjekk administrasjonen i dette tilfellet inn og overstyrte politisk vedtak, då det gjekk opp for dei at det politiske vedtaket nok ikkje var av dei beste.) Dette har eg problem med å akseptera som ein god ting, antan det no er politikarar eller tilsette i kommune/fylkesadministrasjon som står bak avgjerdene. Min påstand er at desse ikkje er i ein posisjon der dei fullt ut ser konsekvensane av dei vala som vert tekne på eit kontor, som kanskje ligg milevis i frå næraste klasserom.

I vidaregåande skule har kvar elev sin eigen berbare datamaskin, antan ein PC (Personal Computer), eller ein Mac. I grunnskulen er det ikkje slik. Der er PC synonymt med public computer, og dette gjer at alle har dei same rettane til å gjera endringar på maskina. Altså ingen rettar. Det er her litt av problemet ligg etter mitt syn. Korleis skal dei små lære kva som er galt, om ein ikkje har moglegheiten til å feile? På ein skuledata er det ingen konsekvensar for om ein gjer noko gale, nettopp av di ein ikkje kan gjere noko gale.

Det vert teknisk no kjenner eg, men bodskapen er denne;

Det er etterkvart fleire og fleire lærarar i skulen med meir digital kompetanse enn mang ein politikar. At denne er skulelærd er vel i dei fleste tilfelle tvilsamt. Det er likevel ei stor utfordring at mange ikkje har moglegheiten til å få utnytta sine kunnskaper. Du skal leita godt for å finna pedagogar som underviser heilt likt. Ein har alle sine positive og mindre positive eigenskaper, men når det kjem til den digitale skulen ser ein ikkje noko til tilliten mellom pedagogane og skulestyresmaktene. Dette er ein uting, og eg trur nok det er noko av grunnen til at me, sett bort i frå nokre datamaskinar til fellesbruk, ikkje har kome særleg langt dei siste 10 åra.

Det får vere dagens hjartesukk. Takk til @albaab for RT av @kyrkjebo

PS! Om «byråkratpedagog» er eit ord i den eine enden av skalaen, må ordet Johnny Eriksen har skapt vere i totalt motsett ende; «praktpedagog»

NB! Sjå også Espen Gruer sin bloggpost om nokonlunde same tema…

Attende til toppen