Eigentleg hadde eg tenkt å skriva litt om ungdom, chattespråk og digitalhistorie inspirert av Liv Marie Schou. Men etter ei interessant hending i dag vert det i steden fokus på eit anna område som er vel så interessant. Bruk av bilete og opphavsrett. Ein tur innom datarommet på skulen i dag gjorde at eg sette [...]
No er det ikkje mange dagane til årets lengste kø på jæren tek til; Nordsjørittet! I den sammanheng er det ein del godt vaksne gutar som har lagt ned mang ein sveittedråpe langs sykkelvegane i Rogaland. Dei store gutane er gjerne, om ein skal tru stereotypien, mannfolk i 30-40-50-åra. Desse har gjerne det flottaste og [...]
I helga nytta eg fridagane til litt etterutdanning. Ikkje av den formelle typen sjølvsagt, men av det ein kan kome over på det store Internettet. Stikkorda er: “Whole brain teaching“. Whole brain teaching er ein teknikk for å få ro og orden i klasserommet og samstundes gje elevane moglegheiten til å få utfalda seg på [...]
I dag gjorde eg eit stunt. Tenesta typewith.me, ei klone av det Etherpad (som no er ein del av Google Docs), gjer det mogleg for fleire personar å delta i produksjonen av eit dokument samstundes. Personleg tykkjer eg dette er ei heilt fantastisk utvikling. 2. klassa eg er i har ikkje vore borti noko liknande [...]
Nok ei stripe frå Bitstripsbrukaren Branzeburg. Bitstrips har forøvrig moglegheit for lærarkontoar der ein lett kan gje tilgang til elevgrupper.
Ein kan sei mykje om lærarstanden, men at yrkesgruppa vert vurdert som andre yrkesgrupper er vel å ta hardt i. Dersom læring ikkje skjer, vert dette ofte tabloidisert som om læraren ikkje har gjort jobben sin. (Jf. “10B”.) Funder litt på denne i påskeferien (klikk på stripa for å sjå henne litt større);
