Eksamensironi

Eg står framfor eit val. Den 25 mai er siste innleveringsfrist for dei arbeida som skal vera gjort i mine tre IKT-emne. I to av desse (IKT122 & IKT126) skal eg ha mappeeksamen. Det tyder at nokre av dei arbeida eg har gjort i løpet av semesteret vert trekt ut og skal danna grunnlaget for min karakter. I det siste emnet, IKT123, går eksamen ut på at eg skal laga ein pedagogisk nettstad om eit eller anna og publisera denne på Internett. I tillegg skal eg ha ein munnleg presentasjon av denne. Den munnlege presentasjonen har vorte sett til 16 og 17 juni. Med andre ord bortimot ein månad etter at eg har siste innlevering, og ganske nøyaktig ein månad etter at eg er ferdig med siste obligatoriske undervisningstime.

På grunn av dette har jo ikkje eg lenger så mykje å vera att for her i Volda no. Skulen er ferdig, og då har eg ikkje meir som held meg her. Tanken var då å seia opp hybelen tidleg og pakka bilen for å returnere til mine kjære dalstroka innafor. Men…sjølvsagt er det eit men. Det er Høgskulen i Volda eg snakkar om. Eksamen vart altså sett den 16 juni. Det medfører at eg må ha ein stad å bu fram til då. Skulle eg hatt hybelen fram til den 16 måtte eg ha betalt full pris i juni månad. Men no har eg sagt han opp til den 15, så eg «slepp» med halve månaden. Sjølve eksamenen går ut på å munnleg presentera den nettstaden som eg har laga.

Difor føreslo eg for min lærar at eg som eit resultat av den situasjonen eg er i akkurat no, var villeg til å driva litt innovasjon her på Høgskulen i Volda gjennom å ta den munnlege presentasjonen via Skype. Den fyrste tilbakemeldinga var ikkje akkurat oppløftande. Læraren sette i gang å snakka om kvar ein kunne få den billegaste flyreisa frå…vidare nemnde han (etter å ha sett at eg har 38 som telefonnummer) at eg kanskje kunne få gjønomføra eksamen ved hjelp av Universitetet i Agder si videokonferanseløysing. Eg forklarte jo sjølvsagt at det nok ville vera enklare for meg å til nød dra til Stavanger, men at Skype for meg ville vera ei langt enklare løysing, og at teknologisk sett så ville det ikkje vera noko forskjell. Eg tvilar jo sjølvsagt, men for sikkerhets skyld spurde eg om det på ei slik framføring, der eg har produsert det eg skal presentere sjølv, var eit krav at eg var fysisk til stades. Svaret kom vel aldri.

I alle fall endte det opp med at eg fekk overtalt læraren til å gjere eit forsøk på å laste ned og innstallere Skype (noko han sjølvsagt ikkje hadde innstallert), og så gje meg eit lite vink når han hadde fått gjort dette. Slik kunne me testa denne løysinga eg føreslo.

Eg tykkjer berre det at det er ufatteleg ironisk at slikt skal vera eit problem på eit fag som heiter IKT i Læring der nettopp bruk av IKT i skuleverket er det som er kjerna.

10-20-30 regelen

Guy Kawasaki presenter her sin teori om korleis ein skal laga ein presentasjon (PowerPoint/Impress)

Våren er komen

Eg saknar inspirasjon. Han forsvann ei gong i vår trur eg. Dagane vert sløve for tida. Til tross for overraskande lyse dagar her på det fagre Sunnmøre. (eg hadde beint fram gløymt at det kunne vera så mykje lys).

Det går for siste gong for min del mot eksamenar og eksamensstress. Forskjellen i år vert berre at for fyrste gong skal eg ikkje sittja å sveitte klamt på fingrane medan eg omstendelig skribblar ned den settninga eg har brukt det siste kvarteret på å forma i hovudet…smaka på orda….finne rett ordstilling. Alt det som skal til for at eg får fram det eg ynskjer å seie, men som likevel ikkje er nok til å få toppkaraktar. Men det gjer ikkje noko. Eg forlangar ikkje anna av meg sjølv enn at eg får ståkarakter. Og same kor mykje eg les på ting, så har eg likevel ingen garanti for at sensor kjem til å lika måten eg formulerer meg på. Kanskje har han/ho ein dårleg dag? Kanskje er eg ein av dei siste ho rettar den dagen, og kanskje ser ho av statistikken sin til no at ho har vore uvanleg snill med karakterane. Kanskje nettopp difor set ho ein skikkeleg dreten karakter på mi oppgåve.

Men i år er det som sagt ikkje slik. Av dei tre emna eg tek, er ein av dei ein 3-dagars heimeeksamen. Dei to andre er mappeeksamenar noko som tyder at arbeid eg har gjort i løpet av semesteret vert trekt ut og legg grunnlaget for min endelege karakter.

Og midt oppi all denne avsluttningstenkinga skal ein samtidig leita rundt på NAV sine nettsider for å finna seg ein stad ein kan halde til når det atter ei gong nærmar seg mørketida. Og samtidig som at dette er slutten, så er det like fullt starten. På noko nytt. På noko ukjent. Og eg skal sansynlegvis nok ein gong settje meg i bilen og fara avgarde mot ein ny stad der auga skal få kvila på ein ny horisont idet sola glar ned om kvelden.

Men no er det på tide å starte for seg sjølv. Internatlivet får vere slutt no. Endå så godt eg likar det. Etter 8 år er eg bortimot internatisert. Det er på tide med nye utfordringar. Vaskemaskin innomhus. Eit kjøkken der eg sjølv er sjef og kan ha det oppvasksystemet eg sjølv vil. Og kanskje viktigast…eg skal ha meg ein skikkeleg kontorstol!

Kommunikasjon i skulen

Det er ei stund sidan eg leste om system i California som nytta seg av SMS/telefoni i kommunikasjon med skuleborn og heimen deira. [Eksempelvis Teleparent & Intouch Autodialer] For meg er dette eit heilt naturleg steg. Kvifor skulle ikkje skulen ta i bruk (mobil)telefoni og meldingar når det faktisk er den måten mykje av kommunikasjonen føregår elles i samfunnet?

Difor var det gledelig no i dag å kunne lesa på Herøynytt at det ser ut til å vere noko på trappene som kanskje kan vera med på å tilfredsstilla dei mange foreldre som skulle ønskje at det var kommunisert meir frå skulen si side. Mobilskole heiter bornet og er ei løysning for nettopp å letta dialogen mellom dei ulike partane i skulen. På sine eigne sider skriv dei følgjande;

Lærere, elever og foresatte i norske skoler etterspør økt kommunikasjon. Mobilskole.no tilbyr raskt, effektiv og enkel kommunikasjon mellom skole og hjem. Selskapet, som blir utviklet ved Universitetet i Oslo, ble startet i 2007.

Formålet med selskapet er å ta i bruk nye kommunikasjonsmetoder for å lette hverdagen til lærere, gjøre informasjon fra skolen lettere tilgjengelig for foresatte og hverdagen tryggere for elevene ved norske skoler. Mobilskole.no er støttet av Innovasjon Norge og holder til i lokaler ved Forskningsparken i Oslo.

Og det er nettopp det eg sjølv har gått og fundert på etter at eg leste om desse Amerikanske systema. Skepsisen min til å ta etter USA er vel ikkje akkurat fråverande, men akkurat her trur eg dei har skote gullfuglen. Difor har eg lenge sysle med tanken på at det då måtte vere mogleg å få til eit system her i Noreg og som gjorde akkurat det same. Tilbaud graits SMS/telefonkontakt mellom skule, elev og heim. Difor gleder eg meg altså storvegs over dette initiativet og eg kjem til å følgja med på korleis det utartar seg framover. På same tid oppmodar eg alle min lærarkjenningar til å ta eit initiativ på nettopp sin skule mot rektor med tanke på utvikling av skulen.

Eg applauderar i alle fall!

Ikkje A4 nyhende

Det gjer litt godt å få ei avveksling frå dei vanlege, standard nyhendene som varslar om verdas fatale hendingar til ei kvar tid. Ei kjærkomen perle kom i dag frå The Onion med eit lite sleivspark til Amerikansk skulevesen såvel som til internasjonal fordelingspolitikk. Diverre vert det inga direkte visning av innslaget denne gongen, men har du ønske om eit litt alternativt syn på verda er det fritt fram å fylgje lenkja direkte til sjølve filmen.

Biletoppdatering…

Bilete frå Penang kan sjåast i galleriet. (eller trykk på «Bilete»-fana over)

Lærarar og blogging

Leif Harbo har i sitt siste blogginnlegg kome med nokre antakingar om kvifor det ikkje er fleire lærarar som nyttar bloggar i si daglege undervisning. Og eg vil nok seie meg einig i dei forslaga han presenterer.

1. Fordi man ikke har egenerfaring som blogger
2. Personer over 30 er redde for publisering på nett.
3. Fordi man antar det tar for mye tid
4. Fordi man ikke synes det er en god ide.
5.Fordi man sluttet å skrive da man satte punktum for hovedoppgaven i 1987.

Attende til toppen