dalstroka-innafor.net
…ikkje akkurat winterwonderland lenger
Ein skriblestad på verdsveven.
Danmarkstur
Forfatta av Torger Åge | 02.07.2008 | Kategoriar Reise
Sist veke var eg for fyrste gong i mitt liv i Danmark. Nokre vil vel seie at det var på tide, medan andre kanskje ikkje synest at det er så mykje å sjå. Okke som….i galleriet er nokre glimt frå mitt opphald. Og tusen hjarteleg takk til Alvin som var tidenes beste vert!!
Biletoppdatering…
Forfatta av Torger Åge | 23.11.2007 | Kategoriar AA-studiar, Generelt, Reise, Utdanning
Bilete frå Penang kan sjåast i galleriet. (eller trykk på “Bilete”-fana over)
Verveprememie
Forfatta av Torger Åge | 27.06.2007 | Kategoriar Friluftsliv, Personleg, Reise
Idag fekk eg mi beste velkomstgåve nokonosinne i posten. Eg har meldt meg inn i Bokklubben, og i den samanheng kunne eg velgje tre bøker, men best av alt, ein reiseradio. Nå er kanskje ikkje det så mykje i seg sjølv. Men når reiseradioen er ein vasstett, inneheld lykt, fm/am band, kan drivast på vanleg ledning, batteri….og *trommevirvel*…dynamo, ja då er han genial. For tjue minutt sidan sveiva eg i fem minutt, og eg sit endå å høyrer på P3 sine sprakande, analoge signal. Fantastisk sak!
Nye bilete
Forfatta av Torger Åge | 14.05.2007 | Kategoriar Morro, Personleg, Reise
Denne gongen frå kajakktur med Natura. Trykk deg inn i galleriet, eller klikk på lenkja her.
Lokalkjennskap
Forfatta av Torger Åge | 04.05.2007 | Kategoriar Personleg, Reise
Det tok meg berre snaue tre år, men omsider kom eg meg over på andre sida av fjorden. I dag tok eg rett og slett og skulka skulen for å ta ein tur med ferga til Lauvstad med vidare sikte på Hoddevika og Vestkapp på Stadtlandet. Det var godt å få utvida min lokalkjennskap om Sunnmøre…
[youtube 5En2MQCQy9Y]
Bilete litt også i galleriet mitt.
Avstemmingar
Loading ...