Det ovantsåande er eit velkjend utsagn blandt eldre folk frå øvre Sirdal. Ein kan jamvel også høyra bortimot same utsegnet på flatlandet på jæren. RSS har i mange år vore ei av mine hjartesaker. Heilt sidan Google fortsatt var heltar, og stod bak kanonprogram som Picasa og Google Reader, har eg vore ein fast brukar […]
RSS i 2025
Store Norske Leksikon har ein artikkel om RSS som eg tykkjer treng litt oppdatering. Så eg sende artikkelforfattaren ein liten notis. Så får ein sjå om det har noko å seie…
RSS – eit nettliv utan reklame
RSS er måten eg held meg oppdatert på store og små ting via nettet på. Det har det vore i mange år. Alle fyrst var det Google Reader som gjaldt. Det var før Google vart…onde? Så la dei ned Google Reader. (Picasa, verdas beste bilethandsamingsprogram og, men det er ein anna bloggpost). Ut av det […]
I nauda et fanden floger
I juni vedtok Stortinget ei lovendring som inneber skjerpa kompetansekrav til fag ein lærar underviser i på skulen. I og for seg greit nok. Men vedtaket fekk tilbakevirkande kraft, noko som resulterte i at lærarar i det ganske land no er i harnisk over denne degraderinga av kompetansen til nær 30.000 norske lærarar. Utdanningsforbundet er også […]
#Likmeg – ?
#Likmeg er det nye skigardsteiknet frå NRK rett før sumaren etter alle spådomar skal ta til. Om dette nøkkelordet seier NRK sjølv: NRK setter søkelyset på utseendepresset mange unge føler, konsekvensene av det og årsakene til det. Gjennom #likmeg har alle som vil mulighet til å dele meninger, kommentarer, opplevelser og bilder. På vegne av […]
Brød og sirkus til folket
I 9 måneder har media gjenge svanger og venta på den forløysande rettssaka etter massemorda 22. juli 2011. Det var difor på høg tid at ein no omsider kunne ta fatt på den festen det må vera for media å fråtse rundt i dei alle minste detaljar som desse 9 månadane har resultert i av […]
Skuleutfordringar også i Sverige
Denne bloggposten tek føre seg tre noverande eller førståande hendingar. Tariffhøyring 2012 for KS-området, Kunnskapsdepartementet si høyring om endring av opplæringslova, og ein artikkel som fem svenske lærarar har publisert hjå Svenska Dagbladet. Til våren tek nye forhandlingar fatt for arbeidarar i kommunal sektor. Arbeidet er alt i gang rundt omkring, og innspel vert sent […]
Politikarforakt
At eg har ei viss form for politikarforakt er vel gjerne ikkje heilt ukjend. Noko av bakgrunnen for dette er mellom anna at det har vorte normalt å gjera karriere som nettopp politikar. For samfunnet sin del trur eg ikkje det er eit klokt val. For som det vert sagt i Høgre sine nettsider; Det […]
Ja de penga, ja de penga…
Knut Storberget vert i Dagens Næringsliv sitert med følgjande kommentar: – Jeg har vanskelig for å forstå at man kan si nei til dette Kommentaren kjem etter at Unio valde å ikkje godta tilbodet som kom frå Storberget & co i årets lønnsforhandlingar med politiet. Tilbudet ville gjeve fleire tusen polititenestemenn- og kvinner 40.000,- meir […]
Har vi noko val?
Kristin Clemet har skrive ein artikkel i Aftenposten der ho set fokus på valprosessen i USA vs. Noreg. Dvs. korleis ein til slutt står att med ei liste kanditatar som er aktuelle til val. Ho trekk fram den nyleg avslutta valprosessen i USA. For uinnvidde er prosessen i korte trekk slik (visualisert); [youtube:v=Dmwyop8mKXw] Altså ikkje […]