Krav i skulen

Kven stiller krav til dei høge herrar som aller nÃ¥digast let norske lærarar fÃ¥ tilgang pÃ¥ verdsveven? Eg kjenner ikkje mange som har engasjement til overs for Ã¥ ta opp ein “kamp” med sin arbeidsgjevars IKT-garde for Ã¥ betre dei digitale tilhøva i skulen. Gjer du?

Det provoserer temmelig mykje, ca. 1000 faktisk, at lærarar fortsatt vert sett på som ein stereotypi: ein gjeng med digitale naut. Eit tiår er gått sidan det verkeleg begynte å ta av, men endå er det inga opplett å spore i horisonten.

Ein start ville vere Ã¥ spørje; “Kva treng de?” I staden lev og Ã¥ndar ein etter den gamle regla om at “du fÃ¥r ta det du fÃ¥r.”

For Ã¥ svare pÃ¥ mitt eige spørsmÃ¥l: eg treng eit verkty som eg kan gjere det eg sjølv vil med…utan at det kjem reimer og gaffateip med pÃ¥ kjøpet, som eg mÃ¥ stroppast fast i før bruk. Pretty please?

Er det så effektivt?

Eg har lyst å ta deg med på eit tankeeksperiment. Sjå for deg dette. Kvar dag før du kan ta til med dagens arbeid, er du nøydt til å vente 4 minutt på at verktyget ditt skal verte operativt. 4 minutt er då ikkje mykje seier du. Men alt handlar om å sjå ting i perspektiv.

4 minutt er sjølvsagt ikkje mykje i det lange løp. Men multipliserer ein dei 4 minutta med 30 (talet på lærarar på ein tåleg stor skule) er ein oppe i 120 minutt. Det er lengre enn ein fotballkamp med innlagd pause og tillegg i tida. Men dette er berre i løpet av ein dag.

Gang dei 120 minutt med talet på arbeidsdagar, altså 5, og ein luktar ganske snart på eit halvt døger. Ta dette att, og gang med talet arbeidsveker i ein månad, og ein er med eit over dei 37,5 timane som ei normal arbeidsveke inneheld. På eit skuleår vert dette 400 timar.

SÃ¥ er spørsmÃ¥let…tykkjer du det er greit Ã¥ nytte 400 timar i Ã¥ret pÃ¥ Ã¥ vente pÃ¥ at hamaren skal verte hamreklar, eller at kassaapparatet skal snurrast i gang? Eg plagast i alle fall med ein slik situasjon.

Eva Bratvold etterlyser ein personleg datamaskin i sin bloggpost “Jeg vil ha en revolusjon (tror jeg)“. For sjølv om det er meir datamaskinar ute i skulenoreg enn nokon gong, sÃ¥ er det langt i frÃ¥ at realiteten er at det er ein personleg datamaskin til kvar elev. Som ho skriv;

“Hvis jeg pÃ¥ jobb skulle ha tilgang et par ganger/et par timer i uka til data – og jeg i tillegg skulle være avhengig av Ã¥ dele maskin med andre; da hadde det blitt lite effektiv jobbing for min del. Jeg er nødt til Ã¥ la bruk være en naturlig del av dagen, mitt arbeidsverktøy – og  jeg vil gjøre de innstillinger som jeg vil ha for at det fungerer best for meg.”

Nettopp denne problemstillinga vart nok ein gong aktualisert for meg i dag, då lærarrommet fekk nok ein kollega inn dørene. At me vart ein meir er berre fint tykkjer eg, men det fylgjer ikkje ein PC med kvar lærar. Dette betyr at opp mot seks vaksne må dele tre stasjonære datamaskinar. Langt i frå optimalt, og noko ein kunne ha skrive ein eigen bloggpost om forsåvidt, men det får bli på oppmoding i så fall.

Det hadde vore artig å visst om Jens, Kristin, John hadde vore nøgde med slike arbeidstilhøve?

Eg endte opp med å filma heile seansen i dag. Hugs også at det tok 80+ sekund å få datamaskina til det punktet der videoen startar. Det er med andre ord ikkje råd å sette han til å starte automatisk på ei gitt tidspunkt.

15 minutt i rampelyset

Note to self: Takk vere Askild som drog meg med, og Sandra som knipsa bilete, har eg i dag fenge mine 15 minutt i rampelyset. Midtsida i VG var pryda av stussane til (fortsatt) unge Sinnes, Kjensberg og Bø. Slikt hender ikkje kvar dag, og det var difor obligatorisk med ein kommentar på nettboka mi.

Me nÃ¥dde til og med VG Nett si framside, trass all tragedien…:

Den digitale skulen – eit tiÃ¥r etter

No om dagen er det full rulle i London med BETT, eller British Education and Training Technology. BETT er ein åreviss konferanse om teknologi i utdanningssektoren der ein kan få eit innblikk i det som rører seg av teknologi innan utdanningssegmentet, og det er ikkje lite. Då den fyrste konferansen fann stad var det 112 utstillarar. Sist år var det 700, og desse vart vitja av nær 29.000 tilskodarar.

BBC har i dag ein interessant artikkel om nettopp BETT. Eg beit meg spesielt fast i dette utsagnet;

“Teachers need access to innovative services. We must prepare pupils for the future workplace.”
[BBC (2010), Schools must embrace mobile technology]

Mannen bak sitatet er Storbritanias utdanningsminister Vernon Coaker. Eg trur han her seier det mange lærar tenkjer. Ei stund var maskinparken den store bøygen Ã¥ koma over i skuleverket. No har ein etterkvart fÃ¥tt god dekning av datamaskinar rundt om i landet, men det finst vel endÃ¥ dei som slit med gamle CRT-skjermar og maskinar utan nettverkskort fordi “1. klasse treng ikkje nettverk.”  Dei har mi medkjensle!

Eit av hovudfunna til ITU i var at “Lærerne rapporterer om forholdsvis begrenset bruk av digitale læringsressurser.” [ITU Monitor 2009] At desse to sitata heng saman er ikkje heilt utenkjeleg etter mine omgrep. La meg ta eit rykande ferskt eksempel frÃ¥ min skuledag i dag.

For tida er verdsrommet tema i samfunnsfag/naturfag i mi 2. klasse. Her om dagen var me ute og såg på soloppgangen, men stjernehimmelen var litt for lys til å få det heilt store biletet av stjernehimmelen som eigentleg var perfekt i den kalde vinternatta. Eg tenkte at då fekk ein la stjernehimmelen koma inn i klasserommet med å nytta antan Google Earth, eller Stellarium. Rett nok må ein ha ledig plass på datarommet, men dette hadde eg allereie ordna. Utfordringa kom då eg skulle installere desse programma på maskinen med tilkopla projektor. Det som møtte meg var det grellaste eksempelet på bakstreversk tankegang som finnst, og som land som Kina er i teten av: begge nettsidene eg skulle lasta ned programma frå var sperra av kommunens filter!

Me ha lagt eit decennium av 2000-talet bak oss, og den dag i dag er dette ein taktikk som vert nytta av alt for mange kommunar. Grunngjevinga er sjølvsagt trumfkortet som kan få ein kvar kongress til å kasta dollar etter hæren; tryggleik. I ein tidlegare bloggpost nytta eg nokre kilobyte på verdsveven til å seie kva eg meinar om nett slik ein taktikk.

Ein kan trygt sei at pÃ¥ det halvÃ¥ret som har gÃ¥tt, sÃ¥ har eg ikkje vorte mindre sterk i trua pÃ¥ at eit kommunesentralisert diktatur av IKT i skulen er eit skot for baugen for heile utviklinga. Det vil kome fleire IKT-kompetente lærarar enn nokon gong fÃ¥r klekkeria i tida som kjem. Likevel vert all entuasiasmen og gløda til Ã¥ skapa god læring som kan strekka seg utanom klasserommet torpedert av tryggleikskrav frÃ¥ kommunale IKT-høvdingar rundt omkring i landet. Det hadde vore interessant Ã¥ sett korleis diverse regjeringsmedlemmer [1 & 2] hadde teke det om ein ikkje fekk bryta fartsgrensa berre bittelitt…kva om tryggleiken faktisk var gjeldande for desse og?

Mitt poeng er (igjen) som følgjer. No nÃ¥r maskinparken sÃ¥ smÃ¥tt er pÃ¥ plass i skulenoreg, sÃ¥ er det tragisk Ã¥ sjÃ¥ at ein pÃ¥ ny mÃ¥ kjempa for Ã¥ fÃ¥ pÃ¥ plass programvara ein ynskjer Ã¥ nytta i skulekvardagen. Utan It’s Learning ville til dømes ikkje eg kunne vist elevane video pÃ¥ Youtube av akedagen me hadde. It’s Learning bidrog altsÃ¥ til ein god ting der. Elles kunne ein ha nytta meir enn ein bloggpost om akkurat den LMS’en. Blogg vert nytta pÃ¥ høgare skuletrinn. Kvifor kan ein ikkje nytta seg av Twitter pÃ¥ dei smÃ¥ trinna? 140 teikn er dÃ¥ meir enn nok for ein elev pÃ¥ 2. trinn. Men nei. Twitter er sosial programvare, og dermed fandens verk! Eg seier som trollet: eg trur snart eg sprekk.

Ubuntu i klasserommet

Eg har tenkt å fylla eit 1.klasserom med datamaskinar med Ubuntu på. Eg gler meg. Hovudgrunnen til dette er at maskinane som er der no kjører Windows 98, ikkje er på nett og no har begynt å skapa seg.

Så langt er berre ei maskin installert med Ubuntu. Den går som ei kule! Den har heile systemet installert på eigen harddisk. Eg leikar med tanken på å sette opp ein LTSP-servar, altså ei tynnklientløysning.

Grunnen til at det kanskje ikkje er heilt realistisk, er at ein ikkje kan settje opp kva slags maskinar ein vil på ein skule. IKT-biten er drifta frå kommunehus/rådhus, og dermed må alle maskinar autentiserast. Å få autentisert ei maskin som kjører linux på dette nettverket, synest å vera ei større utfordring enn å halda jernbanen på tida. Med andre ord ikkje ein let jobb.

Dermed luktar det fort standaloneinstallasjonar pÃ¥ 10 maskinar som ikkje har nettverkstilkopling. NÃ¥r hovudgrunnen til Ã¥ nytta Ubuntu Linux i ei 1. klasse er Ã¥ nytte GCompris. Denne er ikkje med pÃ¥ installasjons-cd’en, og ein treng difor ei nettilkopling. Utan denne evinnelege nettverksautentiseringa er ikkje dette noko problem, men med er det eit sant !¤”!%”.

Det vert i alle fall spanande å sjå kva ein kan få til, og korleis 1. klassingane vil ta i mot den nye, opne verda.

Vinteraktivitar i Stavanger

Søndag før ferien er slutt. Angst! DÃ¥ mÃ¥ ein gjera det ein kan for Ã¥ fÃ¥ tankane over pÃ¥ andre ting…

Juleånd i Sirdal

I dag starta eg dagen med å lesa om korleis folk kastar fullt brukbare saker, for å få plass til julas nyerhverva duppedittar. At folk kan kvitta seg med så mykje brukbare sakar og ting berre fordi dei ikkje er siste skrik, det er for meg ufatteleg.

Ironien er difor til Ã¥ ta og føle pÃ¥ nÃ¥r det, medan eg skufflar bort siste snøfall, kjem ein BMW Suv opp i tunet. Døra gÃ¥r opp, og hyttemannen slenger ut om eg har behov for eit gamal fjernsyn til ei utleigehytte. Tanken hans er jo i utgangspunktet god, for all del. Men likevel tykkjer eg det syner litt av haldninga til “byfolk”.

Det mÃ¥ ogsÃ¥ seiast at dÃ¥ eg takka nei, kvitterte han ut med at “DÃ¥ kast’eg an der ude.” “Der ude” vil i dette tilfellet seie Sirdals flott velkomst til alle tilreisande; 5 flotte, grøne kontainarar som er plassert midt i Ã¥synet pÃ¥ ein nÃ¥r ein kjem fram til Sirdal.

Eg føreslo Fretex, men i trÃ¥d med generell norsk giddalause og forbruksmentalitet, er det nok for mykje stress bak eit slikt initiativ. DÃ¥ er det betre Ã¥ slenga “den gamle driten” i containaren som stÃ¥r sÃ¥ lageleg til, slik ein gjer med alt anna ein ikkje vil ha.

Det er altså to tankegangar eg slit med å ta til meg;

  1. Kvifor kaste fullt brukbare saker på dynga?
  2. Kvifor har ikkje Sirdal kommune sortering av hytterenovasjonen?

Pr. i dag vert avfall som er for tungvindt å kvitte seg med i meir urbane strøk, dumpa i utkantsstroka fordi det er lettvint. Slikt ser ein i Afrika, og slikt ser ein i Sirdal. Heilt glittrande. Ha ei fortsatt god jul.