Bilfri dag

I dag vart årets bilfrie dag markert. Og ja, eg kjøyrde nok ein gong til arbeid. Det gjorde Stavangerordføraren og. Eg stolar rett og slett ikkje nok på Kolumbus til å settje meg på bussen. Plutseleg kan det hende at han stoppar opp ein stad! I alle fall. Eg fann denne småartige stripa på seppo.net;

Meir enn ein veg til Rom

Denne veka var eg heldig og fekk ha nokre vikartimar på 7. trinn. Matematikk. Gjerne ikkje det ein helst ynskjer seg med nokre minutts varsel, men takk vere god planlegging frå elevanes faste lærar, så var opplegget spikra.

Temaet i dei timane eg skulle ha dei, var divisjon. Og elevane var flinke. Dei hadde jamnt god orden, og var flinke til å vise utrekning…rett nok kladda dei utrekninga på ei ark ved sida av, og skreiv kun svaret i boka, men dei nytta i alle fall kladdarket til det fulle.

Det som var artig å sjå, var på to elevar som hadde amerikansk og russisk bakgrunn. Desse to hadde utrekningsmetodar som resten av elevane aldri hadde sett trur eg. Eg let ditfor desse to få visa fram sine måtar å gjera det på. Så kan ein spørre seg; vert det mest forvirrande for resten av flokken?

Vel, eg trur at akkurat denne gongen var det ei positiv oppleving, både for «dei unormale», og for resten av gjengen som fekk sjå at det var meir enn ein måte å gjera ei utrekning på. Dei var i alle fall imponert over kva medelevane med utanlands bakgrunn kunne visa fram.

Og medan eg var på veg heim til helg, kom eg til å tenkje på ein annan måte eg har sett tidlegare. Ein grafisk måte:

Web 2.0 og skulekvardagen

Alt dette…og likevel nektar politikarar rundt omkring i landet å tillate web 2.0-innhald i skulane. Dei burde skjemmast. Det er på tide at dei innser at om ein ynsker at elevar skal stille førebudd til det livet som møter dei utanfor skulen, så høyrer ikkje slike avgjersler heime i byråkratiet. Det er rett og slett ikkje system med samme tidsperspektiv!

Grassat moro

Det er etter kva eg kan skjøna mykje rart småbarn finn på, som aldri vert dokumentert. Dokumentasjonen er vel gjerne i ferd med å verte det minste problemet i desse digitale aldrar, og i staden for å glede seg over moglegheitene dette gjev, uroar folk seg i stor grad for kva slags negative ting som kanskje kan verte gjort med bilete og film.

Personleg tykkjer eg slikt uttrykkjer ei haldning til menneskja som er alt anna enn positiv. Det er mest ei fallitterklæring til sine medmenneskje. Sjølvsagt er sjansen der for at noko galt skal skje, men eg trur at ein ikkje skal ta sorgene på forskot…akkurat slik ein ikkje går rundt og reknar med å døy, sjølv om alle veit at det skal ein jo ein dag.

Eg har to brør som har hatt ein del kreative forslag oppigjennom. Eit av dei er dette; då plenen nett hadde vorte frisert og graset fortsatt låg lageleg til, fann desse innovatørane ut korleis ein lett kan byggja kropp utan evinneleg med trening og ein stram plan for dagleg inntak av mat og væske.

tas0007


Litt for mykje drama i kvardagen

I dag var eg ei hårsbreidd i frå å mista lillebror min. Han har diabetes. Det er mange år sidan han fekk sjukdommen, og det er stort sett ikkje noko problem korkje for han sjølv, eller for folk rundt han. (Sjølv om kosthaldet hans nok til tider skulle tilseie at han ikkje har denne sjukdomen.)

I dag tidleg gjekk det derimot ikkje så godt. Han vakna opp til eit anfall etter at blodsukkeret hadde falle til eit nivå der det ikkje skulle vere, og han endte opp i eit diabetisk anfall med krampetrekkningar og etterkvart vart han også medvitslaus.

Då sjukebil, doktor og luftambulanse etterkvart kom til staden, var han i ferd med å koma til seg sjølv att. Likevel er det ei skremande oppleving, og det er langt i frå sikkert at alle faktisk er klar over at det er ei medisinsk årsak bak anfalla. Då eg var liten og kom til å slå meg, blåste mi mor alltid på staden eg hadde slått meg og sa «det vil helst gå godt». Det gjorde det heldigvis også denne gongen. Likevel kom eg til å tenkje på noko.

Her i dei grisgrendte stroka skjer det ting utanom det vanlege nokre berre få gonger i året. Då aukar folketalet dramatisk, og saman med det, også sjansen for at livstruande situasjonar skal oppstå. Nett slik som i tilfellet til min bror.

I vinter og påskeferie er Røde Kors til stades med sine friviljuge. Det er også meir helsepersonell til stades. Men resten av året er ein avhengig av ein lege som er 30-40 minutt unna. I tillegg finst det ein hjartestartar på Sinnes skule. Men skulen er jo stengd i helgene.

Det var berre ein tanke som slo meg, men kvifor er det ikkje stasjonert ut ein ekstra sjukebil/lege i Øvre Sirdal dei få helgene/dagane i året det faktisk er ein del folk er? Har dette spørsmålet vore oppe til diskusjon i det heile tatt? Hvis ikkje så vil eg mest påstå at det er på tide. For det er langt i frå sikkert at det vil gå like godt neste gong noko livstruande hender.

Til slutt vil eg gje helsepersonellet som dukka opp all honnør for deira ro, gode råd og gode evne til å handtera situasjonen!

Filmtrailer: «No impact man»

Ein film eg utan tvil skal sjå!

Om kvar skoen trykkjer

Eg trur eg har ergra over bruken av IKT i skulen sidan eg slutta i grunnskulen. Det er 12 år sidan. Etter det har eg stort sett hatt meir peiling på korleis ting kan gjerast enn det lærarane har hatt.

No, eit dusin år seinare, er eg sjølv altså lærar og eg vert altså av media stempla som ein udugeleg brukar av IKT. Rett nok har ingen endå sagt det direkte til meg, men det er klart eg tek det til meg når slikt dukkar opp i overskriftene til stadigheit. Litt på same måten som at ærlege rumenarar vert eitrande forbanna over at dei fer skylda for å kriminalitetsbølgja som nokre få råtne blad stod for i sumar. Det er ikkje kjekt.

Men eg gjer så godt eg kan. Eg gjer det eg maktar for å utdanna mine kollegaer, og eg gjer det eg kan for å utdanna elevane. For å gje dei alle eit lite drypp av auka digital kompetanse. Og reint bortsett frå at nokre heilt sikkert helst hadde sett at eg hadde fiksa problemet for dei og forsvunne  slik at dei kunne gjera ferdig vekeplanen, så våger eg å tru at dei på eit eller anna tidspunkt vil sjå attende og vera takksame for hjelpa. Noko dei sjølvsagt er der og då, men eg er ikkje alltid overtydd om det er ekte takksemd, eller berre god danning…altså høfligheit.

ITU kunne i 2007 melde om at 3 av 4 lærarar sjeldan nytta IKT i undervisninga. ITU er ein «nasjonal FoU-enhet innen feltet IKT og utdanning«, så dei burde veta det. 19. august i år legg så NRK skylda på lærarane. Det er lærarane si skuld at den digitale kompetansa som skuleelevane skal læra seg er på slikt eit skralt nivå…

TULLPRAT, seier eg!

Det som hindrar utviklinga av bruken av IKT i skuleverket er ikkje lærarane. Fleire lærarar enn ein skulle tru har eit ynskje om å nytta IKT i undervisninga, men det stoppar i mange tilfelle med at dei vert møtt av ei kommunalt IKT-byråkrati/hierarki som har linjer som eit spindelvev på Runde etter at siste hauststormen nett har fore oppover vestlandskysten.

Eg har endå til gode å treffa på ei sentral IKT-avdeling som tek i mot tips frå lærarstanden, og hiv seg rundt for å prøva noko nytt. Ikkje ein gong på høgskulenivå under mi fireårige utdanning var det tilfelle.

I Sirdal talte eg, og andre, sjefane midt i mot då dei ville kjøpa inn «mediumterminalar» til heile ungdomsskulesteget i kommunen. Etter å ha vedteke innkjøp av stasjonære maskinar i kommunestyret, gjekk likevel IKT-sjefen, i strid med sitt eige tidlegare gjevne råd, inn for å handla inn berbare datamaskinar.

I Sandnes krangla eg etter mitt syn for lenge for å få fram poenget om at det var for mykje sikkerheit for å kome på nett med dei berbare datamaskinane dei hadde der. Ei pålogging kunne ta opp mot 20 minutt….om du var så heldig å koma inn i det heile. Etter mykje mas, og etter å ha gjort meg tåleg upopulær hjå IKT-folka på rådhuset, fekk eg innvilga ei vitjing frå dei høge herrar til min ringe skule. Og etter ein del fram og attende, så vart det til slutt prøvd ut eit nytt system for dei trådlause maskinane.

Siste skot på stamma er at eg såg meg nøydt til å overføra nokre bilete frå mi private datamaskin etter at eg nytta mitt eige kamera for å ta nokre bilete i arbeidssamanheng. Letaste måten å gjera dette på, er å lasta opp bileta til Google-kontoen via Picasa. Problemet er berre at eg ikkje;

a) Har lov til å installera Picasa på jobbmaskina
b) Har tilgang til Picasaweb
c) Har lov å lagra store biletarkiv på skulemaskina

Nettopp. Så kva vert eg rådd til å gjera? Det er mest så ein må ta seg saman for ikkje å krampele, men faktum er at eg i 2009 vert beden om å ta med meg bileta til skulen via minnepinne, cd eller diskett. Ja du les rett. Eg vert frå sentralt hald i kommuna beden om å frakta med meg bileta til arbeid i eit format som ikkje har hatt livets rett sidan 90-talet.

Eg tek meg sjølv i å undra over kva slags form for digital kompetanse dei sit med. Ikkje ein gong ein lærar i den norske barneskulen ville ha kome på ideen om å nytta diskett til å kopiera bilete frå ei maskin til ei anna! Den påstanden vågar eg.

Kvifor skal eg vera så vanskeleg, i staden for berre å kopiera bileta på ein minnepinne eller ei cd-plate då? Vel. Argumenta er mange. Her er nokre av dei;

Minnepinne

  1. Forsvinn
  2. Knekk lett om ein er litt snar i svingen
  3. Pinnen min vert nytta til andre ting enn filhandsaming

CD-plate

  1. Er i ferd med å fylgje etter diskettane
  2. Er ikkje noko eg tilfeldigvis har liggjande rundt
  3. Knekk lett
  4. Forsvinn

I tillegg til dette, så kjem sjølvsagt det obligatoriske med at, om ein samanliknar med til dømes kommunikasjon, det er like fornuftig å frakta bilete på portable lagringsmedium som det er å skriva ein SMS og senda telefonen i posten til mottakaren!

Så stikk i strid med det NRK meiner, seier eg at det ikkje er lærar som er flaskehalsen, men derimot byråkratiet i kommunenoreg. Ein kan ikkje halda på med ei godkjenningstid på 2 år for programvare som skal vera tillate i nettverket når det innan den tid det vert godkjent har kome to nye oppdateringar som vil krevje nye godkjenningstiltak. Mitt råd er; opne opp! Slepp til alt. Nokre dokument vil kanskje forsvinne ut i det store internettholet, men slikt lærer ein av. Det heiter på fint digital kompetanse. Å unngå å få virus på maskine som ikkje har antivirussprogramvare installert…det er og digital kompetanse. Du treng nemleg ikkje fleire vevhotell frå John i Kina, så la ver å trykk på nettopp den e-posten.

Attende til toppen