Spekulativt og billeg

Dagbladet slår i dag opp «grunnen» til den triste hendinga på Albertville Realschule i Tyskland i går med følgjande overskrift;

- Tim satt mye hjemme og spilte Counter-Strike

Er det berre eg som tenkjer at Dagbladet her har teke tak i eit tilfeldig utsagn og bles dette opp med krigsoverskrifter for å selje avisar? Er det verkeleg slik at vi fortsatt er på eit 80-talsnivå når det kjem til å forklarar voldelege handlingar? Då eg vaks opp, vart ein voldsmann av å sjå voldelege filmar. At me ikkje hadde anna enn NRK på skjermen heime og mangla VHS-spelar, har nok gjort sitt til at eg ikkje har vorte ein kaldblodig drapsmaskin. Slik sett skulle nok norske styresmakter hatt pris for å ha forhindra mang ein skulemasaker!

Når eg tenkjer meg om spelte eg rett nok på eit tidspunkt ein del Duke Nukem 3D, så kanskje eg ikkje skal anta noko for tidleg…?

Nei for å vera litt seriøs og. At Dagbladet nok er særs medvitne i sitt val av overskrift her i denne artikkelen og på den måten spekulerer i å utnytte den tragiske hendinga for å selje avisar, trur eg ikkje er tilfeldig. Overskrifter som «- Tim likte å dra vengjer av floger» eller «- Tim ødela alltid maurtuer han kom over» ville ha vore like aktuelle…ja kanskje til og med meir sidan det her er snakk om øydelegging/tortur av levande skapningar i motsettnad til kva ein kan få til i eit dataspel som Counter-Strike!

Nei, Dagbladet…her må de nok stikke fingeren i jorda og kome dykk vidare frå tabloidoverskrifter som høyrer førre årtusen til. Nytt nokre minutt, og tenk på kva de presenterer, og ikkje minst korleis! Tenk berre på dette: «- Tim leste alltid Dagbladet. Etterforskningen har vist at den 17 år gamle gjerningsmannen hadde flere hyllemeter med utklippsbøker med artikler fra ulike skolemassakrer rundt om i verden.»

Automobil

Eg kan merke at mykje av bloggeviljen gjekk i do saman med min kjære iPhone. I dag kom likevel litt av gnista attende, då eg kunne lese om ein ny type mobil. Ein automobil!

Eit svensk selskap, Vehiconomics, tek opp arva etter Volvo og Saab. Dei har ikkje trua på digre bilar i bybilete og lanserer i morgen ein ny (gamal) versjon av eit mobilt transportmiddel.

Vidunderet ser slik ut. Har tre hjul, går på straum, ethanol eller tilsvarande. Maks hastigheit er frå 40 til 90 km/t, noko som skulle passa den jamne køpendlar godt.

Til ein pris av 39.000 NOK, vel og merke før Staten har lagt til sine avgifter, er dette slettes ikkje ei dårleg investering for nokon trur eg.

Umoderande med analog telefon?

Spørsmålet som kverner rundt i hovudet mitt no, er følgjande;

Burde eg gå til innkjøp av ei god gammaldags analog telefonlinje?

Grunnen til det er at eg for andre gong på 2 månadar har klar å drukna iPhonen min. Denne gongen var det litt meir enn litt fukt slik det var sist. Heile sulamitten gjekk rett til botnen av doskåla, og det var vel meir flaks enn uflaks at han ikkje forsvann ned i røyrsystemet under Sandnes City!

I alle fall…eg forta meg i sakte film å fiska han opp att. Panikken greip meg litt, så eg vart ståande og glo litt apatisk på heile greia, men fekk etterkvart samla tankane og drege han på land. No er min kjære til tørk på baderomsgolvet, og sjølv om eg vanlegvis er sterkt i trua har eg vel  mine tvil for augneblinken.


Bård Vegard skiftar fokus…

Tidlegare denne månaden kommenterte eg utdanningsminister Solhjell sitt fokus når det kom til dei skulebloggane han presenterte i sin eigen blogg.

I kveld viste det seg at kommentaren har hatt noko for seg. Kjempeflott. Seks månadar ute i mi lærargjerning, og eg har makta å få sjefen sjølv i tale skrift. Heretter kan det berre gå ein veg…nemleg omtrent som børsindeksen dei same siste månadane.

Men huttetu så kjekt det føltes å få tilbakemelding på det ein skriv! Når det er sagt, treng du sjølvsagt ikkje vere utdanningsminister for å kommentere ting som dukkar opp her. Det er fritt fram for alle!

Statistikken er har laga meg er no oppdatert med dei siste bloggane. Godt å sjå ei auke hjå dei blå og!

Feriearbeid

Mandagen er komen. Fyrste dagen i vinterferien min, men likevel sit eg her og tenkjer skule. Men snart skal eg koma meg ut og avgarde opp mot snøen heime!

Fyrst skal eg berre tipsa litt om ein ny, genial å lage ein «powerpoint» på. Stikkordet er Prezi.com. Dette er ein måte å presentere tankar og idear på som skiller seg ganske drastisk frå den tradisjonelle måten å laga ein presentasjon for eit publikum på.

Dagdraum

For å sitera Vamp:

Det sko ha vore sommar nå!

Rast ved Rågelone, Sirdal

Bård Vegards skulefokus?

Utdanningsdepartementet med Bård Vegard Solhjell i spissen satsar på skule. I alle fall er det det rykta seier. Med sjukelister lange som ein skuletrøyt tiandeklassings siste skuledag før sumarferien, underskot som relativt sett dankar ut det verste Island har sett og generell mangel på tilsette til å fylla opp dei manglande postane som burde vore på plass i ein ufatteleg hektisk skulekvardag kan denne satsinga synast som eit spel for galleriet.

Men ein ting skal Solhjell ha. Han er flink til å nyttegjera seg av moderande uttrykksformer. Han bloggar. Og det er han flink til. Det siste prosjektet i rekkja hans om dagen er å presentera nokre av dei bloggane han kjenner til som finst ute i bloggosfæren. Slikt er prisverdig. Lærarar som vert presentert på bloggen til utdanningsministeren tykkjer utan tvil at det er stas.

Og kan hende det var nettopp difor eg tok på meg dei kritiske brillene og gjekk over dei bloggane han har presentert så langt. Beint fram rein avundsjuke? Men for all del…mange av dei bloggane han trekk fram er jo eg sjølv fast lesar av, og dei er innhaldsrike. Det eg kanskje saknar er noko frå barneskulen. Ein rask gjennomgang gav meg følgjande statistikk:

[Oppdatert statistikk: 16.02.09 i høve til Bård Vegard Solhjell sine bloggpostar.]

Oppmodinga ligg altså framføre deg Bård Vegard…hansken er kasta! Finst det verkeleg ingen barneskulebloggarar der ute? Eller kan hende er dei for opptekne med å driva undervisning?

Attende til toppen