RSS
RSS er kanskje den flottaste nyvinninga sidan hjulet. Det er navet i min digitale kvardag. Ei er ikkje av dei som sit og klikkar seg i frå avisside til avisside i ein evig runddans etter nyhende.
Likevel er det eit men.
Den siste tida har det nemleg slått meg at å ha «Google Leser (130)» framom auga kvar gong ein opnar nettlesaren gjerne kan ta ein del tid det og. Tid eg kunne ha nytta betre. Difor har eg i dag teke ei opprydding i RSS-kjeldene mine.
Eg har no redusert talet frå 174 til «berre» 140. Gjerne ikkje så mykje seier du? Eg vonar at noko av løysinga på den evige runddansen av RSS-kjelder, er at eg har fjerna nokre av dei tyngste. Dei som kom med dei hyppigaste oppdateringane. Dei har eg i staden lagd til som bokmerke, og kan sjekke frå tid til annan når eg ynskjer det. Ingen av dei var uansett noko eg trong automatiske oppdateringar frå.
Det som gjenstår, er ei heil rekkje personlege bloggar av folk eg kjenner eller folk eg tykkjer har fornuftige saker å koma med, samt nokre få andre med ein edrueleg publiseringsrytme.
Så då gjenstår kva effekt eit slikt grep vil ha. Blir det suksess kan det fort hende at neste steg vert å fasa ut Facebook.
Vedkløyving
At ved varmar fleire gonger før han kjem i ovnen er ei kjend sak. At det kan varma opp lattermusklane er gjerne meir ukjend, difor gjev eg dykk no litt fredagshumor:
Godt nytt år
I det me stig inn i nok eit år der me snurrar hjelpelaust rundt i det store mørkret, kan eit sitat frå John Seymore vere på sin plass:
«It is no good waiting for political solutions. We must shape our own destiny» – John Seymore
Og med det, ynskjer eg alle eit hjartans godt 2011.
Vaksne og born som vener
Eg har tidlegare skrive litt om temaet lærarar og elevar som vener på Facebook. For ikkje mange dagane sidan dukka denne artikkelen opp på NRK sine nettsider.
No har Lisa Nielsen (The Innovative Teacher) nok ein gong kome med nokre edruelege tankar omkring læarars og elevars interaksjon på nettet. Ho tek fatt i ein bloggpost skriven av Ben Grey.
Der heiter det om sosiale media mellom anna at;
«The logic cited behind banning such mediums is most often due to the danger and risk of inappropriate interactions between teachers and students. If that’s the case, then there’s a whole lot more banning that we need to do. Because what about the times when students stay after school to get help from a teacher? Or what about the times when students call a teacher’s classroom phone for help? Or what if a teacher tutors a student? Or what if a teacher bumps into a student at the local mall?»
Les meir enn gjerne heile posten hans her; A little common sense.
