Eg vakna opp av ein merkelig lyd i dag. Det var noko som rasla, eller skrapte utanfor vindauget. Ei slags knitring. Eg stod opp og kikka ut, og på parkeringsplassen utanfor Brekkebua kunne eg sjå ein bil som låg på hovudet. Slikt er jo ikkje daglegdags, så eg måtte gni meg godt i auga for [...]
Eg har kollidert eit par gonger tidlegare i mitt liv. Kvar gong har vore særs ulik den forrige. No kan eg notera ned endå ei slik ugrei hending. Heldigvis var det ikkje mi skyld denne gongen. Påkjørsel På veg til arbeid ute på Sola vart eg liggjande i høgre fil etter siste rundkjøring før rundkjøringa [...]
Bilen min er ikkje den kjappaste i gata. Nede i parkeringsanlegget står han mellom ein flott Volvo V70…siste årsmodell, og ein liten gul og svart racerbil! Men eg skjemst ikkje fordi om. Eg likar bilen min. Han har frakta meg rundt om i Noregs land no sidan ein gong seint på 90-talet. Men fordi om [...]
Eg har dysfunksjonell slekt! Eg har og ein bil. Ei stasjonsvogn. Denne har ei matte på golvet framme med clutch, gas og bremsepedalane. Ho er meint å samle opp rusk frå skoa, og det gjer ho jo og forsåvidt. Problemet er berre det at kvar gong eg låner bort bilen til mi mor, tante, syster [...]
