Nyttige idiotar også i barnehagen

Etter Arne Olav Nygards fortreffelege kronikk om openheit omkring det digitale i skulen, og Jeanette Tranbergs oppfølgande bloggpost, kjem eg over ei nyhende frå ein barnehage i Kristiansand.

Saka er at ein barnehage i Vennesla har sett ned forbod for tilsette om å vera «vener» med foreldre på Facebook.

Styrar Siren Wetrhus Knutsen, pedagogisk leiar Janne Spikkeland og nestleiar Eva Anett Mosland syner her eit nivå av digital kompetanse som er heilt på høgde med det ein kan finne ved kommunar og skular i Noreg, som ser på sperring som eit godt middel for å unngå uønska hendingar.

I Facebook sitt tilfelle vil eg nemne eitt einaste ord som ville spart leiinga i Mariknotten barnehage frå å ta eit usedvanleg dårleg val: personverninnstillingar!

Ein liten sjekk på Facebook vil syne at ein kan lage seg til ulike typar graderingar av kven som skal ha moglegheit til å sjå kva…derunder også statusoppdateringar.

Når personverninnstillingane er nemnde, så har eg endå ikkje teke føre meg den beste måten å sørga for at «glipper», slik Wetrhus Knutsen seier det, skal dukka opp. Det har du nemleg på toppen av kroppen!

I mi 1.klasse har me ein regel som heiter gjer lure val. Slike val har ikkje born monopol på. Også vaksne kan ta slike val. Det  å skaffa seg slik kompetanse er dog gjerne ikkje så let.

Avgrensa tilgong til nye verkty som vert nytta «til vanleg», vil skapa ein ond sirkel. Så lenge utdanningsinstitusjonar blokkerer for moglegheiten til å utfalde seg med nye digitale verkty, risikerer ein at eit høgt nivå av digital kompetanse vil verte skapt i det private rom…blandt dei få. Har ikkje barnehage og skule då mislukkast i sitt arbeid slik det kan lesast om i Kunnskapsløftet der ein tek sikte på å gjere allmendanna menneske ut av nye generasjonar?

Oppdatering:

No ser det også ut til at Utdanningsforbundet er einig med meg. Godt å sjå.

Digital kompetanse

Her er mi julegåve til deg som søker etter «http://dalstroka-innafor.net» i ein søkemotor for å finne fram til denne sida.

Visste du at om du skriv inn «dalstroka-innafor.net» i nettlesaren din si adresselinje, så kjem du rett til denne nettstaden? Kjekt å veta. God jul! ;)

Facebook, lærarar, elevar og «venning» – soga fortset

For ei stund tilbake skreiv eg litt omkring temaet Facebook, lærarar og venestatus.

Frå ein av mine favorittbloggarar på nettet, altså ein av dei eg har i RSS-straumen min, The Innovative Educator, dukka det i dag opp litt herlege, frigjerande tankar omkring nett dette temaet.

Litt utdrag for å settja leseslysta di i sving:

«…outcries to ban teachers from “friending” students on Facebook. Innovative educators know this is confusing, rather than addressing, the issue.»

Vidare skriv Lisa Nielsen, den New York-baserte læraren bak bloggen The Innovative Educator:

«Rather than what the media might have you believe, this means we need to encourage, NOT discourage educators from “friending” students not just on Facebook, but on playgrounds, in classrooms, and in the community.»

For min eigen del var dette, og resten av bloggposten herleg lesing. Så klikk deg vidare og få litt andre impulsar enn dei dommedagsprofetiane du les om i riksavisar frå tid til annan.

The Innovative Educator om Facebook, lærarar, elevar og «vener».

Mangen bekkar små, gjev ein stor Åhh!

Stavanger Aftenblad skreik i mot meg i bladhylla i dag med følgjande framside;

«Forsker ved UiS: Vi leser lettere på papir enn på skjerm.«

Kunne eg la vere å kjøpe det for å lese kva Anne Mangen no hadde funnet ut? Sjølvsagt ikkje!

Fyrst av alt…ein ting er eg og Anne Mangen einige om. Ein PC er ikkje det beste vertyget til alt skulearbeid. Men der sluttar også likskapane. Det skal også seiast at i og med at artikkelen ikkje er skrive av Anne Mangen sjølv, så skal ein ta innhaldet med ei klype salt. Likevel er nokre av sitata ho har fått med, vinkla på ein slik måte at eg har vanskeleg for å la dei liggja ukommenterte.

Mangen seier sjølv at ho har teke utgangspunkt i lange, samanhengande tekstar, med både bilete og hyperlenker. Der skurrer det for min del. Eg har ennå ikkje lese ei einaste bok med hyperlenker, så korleis kan ein med eit slikt utgangspunkt kan gjere ei samanlikning er for meg litt vanskeleg å forstå.

Det er heller ikkje definert kor lang ein lang tekst er. Dette heng vel igjen saman med lesehastighet til den einskilde? For ikkje å snakke om temaet som vert teke opp i teksten, og om ein finn det interessant i utgangspunktet. Gjer ein ikkje det, kan jo sjølv ein kort tekst framstå som utåleleg lang.

Forskaren skildrar fleire gonger i artikkelen det å lese på skjerm som eit ork av ei anna verd. Ein må jo klikke og scrolle rundt omkring på denne virtuelle flata som ein gal, og ein kan aldri vere sikker på kva som kjem fram etter eit klikk.

Vidare seier ho også at ein aldri kan vere sikker på kvar ein er i ein digital tekst.

Desse to utsegna seier meir om Anne Mangens digitale kompetanse, enn dei gjer om lesing på skjerm.

For det fyrste er det ikkje lenger ein tekst ein les om ein vel å klikke seg inn på ei lenkje. Då er det to. For det andre bør ein lese gjennom heile teksten før ein set i gang med ekstra lesing.

Anne Mangen siteres også på følgende;

«Skal vi skrive en B med blyant, må hånden øves til å gjøre spesifikke bevegelser for å forme bokstaven. Trykker vi på en B på tastaturet, må hånden ikke gjøre noe annet enn når vi skriver en N, som ligger rett ved siden av.»

Her har ein altså gjenge over på temaet skriving, men eg tillet meg å kommentera det likevel.

Er det mogleg at Anne Mangen ikkje skriv med touch-metoda? Hadde ho gjort det, ville ho ha merk at om ho nytta fingrane på same måten, for å skrive to ulike bokstavar, så ville autokorrekturen fått mykje å gjere. Vinklinga på fungraner er ulike. Ein nyttar ulike fingrar, og jamvel og ulike hender. Ved skriving for hand, nyttar ein etter det eg kjenner til, berre ei hand. Helst den høgre.

Når små born skal lære å skrive bokstavar, kan det for mange, kanskje spesielt gutar, vere betre å få lov til å trykke på ein tast med bokstaven B på, i staden for å sirleg snirkle ned strekane som nokre vaksne har definert som bokstavar. Dette gjeld kanskje meir i dagens skule enn tidlegare, i og med at me har bestemt oss for å sende born i 5-årsalderen på skulen.

At motorikken kanskje ikkje er i høgsetet hjå desse aller minste, er ikkje noko ein burde bli overraska over. Ikkje minst i eit samfunn som har vorte så stillesittande, og lite fysisk utfordrande som det det har vorte her i Noreg.

Det synest altså underleg at Anne Mangen så bastant kan definera PC’en ut av likninga på lange, samanhengande tekstar, når det skin så gjennom at Anne Mangen sjølv ikkje kan ha funne rett subverkty å nytte når ho har valt å testa datamaskinverktyet i høve til lesing og skriving.

Det finst mange ulike typar program å lese tekst i. Tekstane vert gjengjeve på ulikt vis alt etter som. Det finst og mange ulike typar skjermar å lese tekst på i og med at vi no også har fått digitale bøker.

På to år har tydelegvis ikkje Anne Mangen kome fram til noko nytt. Aftenbladet burde difor ta seg fem minutt, og spørje seg om det verkeleg ikkje var andre saker som hadde større nyhendeverdi enn lesing på skjerm.

Dersom UiS har pengar til overs, kunne eg forøvrig gjerne tenke meg eit stipend for å teste Anne Mangens digitale kompetanse før neste forskingsartikkel vert utgjeven.

Dei tre w’ar

Ein fantastisk tankevekkjande video om den moderne skuleeleven:

Skulen i det 21 århundre

I dag ynskjer eg å sette søkelyset på to interessante saker eg fann på nettet, etter å ha skumma gjennom RSS-kjeldene mine då eg kom heim.

Det fyrste er ein video:

Dernest tykkjer eg at du skal lesa gjennom bloggposten på acreelman.blogspot.com. Han omhandlar skulens omfavning av nye, digitale verkty.

Ikkje berre er det ein interessant bloggpost i seg sjølv. Han kapra i tillegg merksemda mi på grunn av ein diskusjon me hadde på teamet i dag. Spørsmålet ser du i skjemaet under, og eg set veldig pris på om du tek deg bryet med å dela di meining omkring temaet.

Runde 2 (minst) av Facebook i skulen

I dag lenka Eva Bratvold til ein artikkel frå NRK Rogaland som omtalar det tilsynelatande evigvarande diskusjonstemaet i norske media; Facebook i skulen. Eg lova henne eit svar  på dette då eg sat på bussen i dag, men av di eg sa at det var eit par «men» omkring spørsmålet under, kjem svaret i form av ein bloggpost som det diverre har vorte alt for lite av i det siste.

Spørsmålet som vert stilt er altså dette; bør elevar og lærarar vera vener på facebook. (Facebook vert forøvrig her skrive med liten f, slik det er gjort frå NRK Rogaland si side.)

For dei med noko over normal husk, er gjerne ikkje ein diskusjon som denne noko nytt. I så måte er det rart at NRK Rogaland vel å lage dette til ei nyhende.

Sist det gnistra omkring Facebook i skulen var vinklinga ei litt annan. Då hadde media fått snusen i at ein lærar vært mobba på nettopp Facebook.

Eg nemnde då i ein noko ironisk kommentar, at skulen i Drammen gjerne kunne gjere som andre skular, å stenge tilgangen til heile Facebook. No ser vi heldigvis ut til å ha kome forbi dette stadiumet, og lite gler meg meir. For ser vi nok eit halvår attende, vil VG Nett ha det til at den dåverande kunnskapsministaren gjekk inn for å straffa elevar som nytta for mykje tid på Facebook i løpet av skuledagen.

Heldigvis var den gode Solhjell såpass i stand til å nyttegjera seg av digitale media, at han allereie i løpet av dagen hadde posta eit godt tilsvar til det som stod i avisa.

Om lærarar skal vere vener med sine elevar på Facebook, er eit spørsmål ein sjølvsagd kan diskutera i eit halvårs tid eller lenger, for så å koma fram til at det gjerne ikkje er så galt som dei største skeptikarane gjerne skulle tru.

Her er min umiddelbare reaksjon.

Ja! Lærarar og elevar kan sjølvsagd vere «vener» der. Dette er det minst to grunnar til, men eg nøyer meg med å skildre nettopp desse for no.

For det fyrste er det å bli ven på Facebook ei noko missvisande uttrykk. Det er nettopp Facebook som har valt å kalla det å kople seg til ein bekjent på ein virtuell måte som «ven». Det funkar som konsept, og er sågar vorte eit verb i det engelske språket, på linje med det «å google». Dette er altså noko ein kan takke Mark Zuckerberg for. Om ikkje lenge til, dukkar det opp ein film om nettopp Facebook. Det blir då spanande å sjå om ein kan finne ut noko meir om bruken av ordet «ven» på Facebook. For alt eg veit kan den gode Mark ha hatt lite vener då han gjekk på Harvard, og funne ut at dette gjerne kunne vere ein grei måte å skaffa seg nokre på. Som sagt…det vert spanande å sjå.

Grunn nummer to til at eg kjenner at det vert litt mykje oppstuss rundt heile greia, er at det finns noko som heiter privacy settings. For mange, gjerne dei med liten eller ingen digital kompetanse, er dette eit ukjend fenomen. Men det eksisterer altså.

Privacy settings er ei flott oppfinning av Zuckerberg. Denne funksjonen gjer det faktisk mogleg (og no kan du gjerne halde deg fast) å filtrere informasjonen du fyller internettet med. Du kan lage lister der folk på dei ulike listene har tilgang til ulik informasjon.

På den måten kan altså dine kjære elevar verte skåna for det fæle verkelege livet du som lærar heilt sikkert lev, når du ikkje står bak framom tavla i klasserommet.

Så kan ein sjølvsagd spørje seg om ein ein verkeleg ven når ein filtrerer det ein deler med venene sine?

Når alt er sagd, så er det likevel ein regel eg sjølv har. Eg tek aldri initiativet til å verte «ven» med elevar. Det er ein regel eg har definert for meg sjølv som eg føler kan vere ein god leveregel. Skulle ein elev få lyst til å leggje meg til som «ven», har eg vanskeleg for å sjå det som noko anna enn ei positiv handlig. Å kappe handa av han eller ho, med å nekte å godkjenne førespurnaden i det eleven strekk ut handa, trur eg gjerne skadar eleven meir enn om ein skulle godta han og legge han til i si elevar-liste.

Og med dette vonar eg du har fått svar Eva? :)

PS…og no har eg ikkje ein gong teke tak i Liv Marie Schou og andre si flotte bruk av Facebook i undervisninga.

PS II…sjå også Jonny Eriksens skriveri om nett samme sak

Attende til toppen