Ubuntu i klasserommet

Eg har tenkt å fylla eit 1.klasserom med datamaskinar med Ubuntu på. Eg gler meg. Hovudgrunnen til dette er at maskinane som er der no kjører Windows 98, ikkje er på nett og no har begynt å skapa seg.

Så langt er berre ei maskin installert med Ubuntu. Den går som ei kule! Den har heile systemet installert på eigen harddisk. Eg leikar med tanken på å sette opp ein LTSP-servar, altså ei tynnklientløysning.

Grunnen til at det kanskje ikkje er heilt realistisk, er at ein ikkje kan settje opp kva slags maskinar ein vil på ein skule. IKT-biten er drifta frå kommunehus/rådhus, og dermed må alle maskinar autentiserast. Å få autentisert ei maskin som kjører linux på dette nettverket, synest å vera ei større utfordring enn å halda jernbanen på tida. Med andre ord ikkje ein let jobb.

Dermed luktar det fort standaloneinstallasjonar på 10 maskinar som ikkje har nettverkstilkopling. Når hovudgrunnen til å nytta Ubuntu Linux i ei 1. klasse er å nytte GCompris. Denne er ikkje med på installasjons-cd’en, og ein treng difor ei nettilkopling. Utan denne evinnelege nettverksautentiseringa er ikkje dette noko problem, men med er det eit sant !¤»!%».

Det vert i alle fall spanande å sjå kva ein kan få til, og korleis 1. klassingane vil ta i mot den nye, opne verda.

Rett verkty

I dag tok eg tida på kor lenge det gjekk frå eg slo på datamaskina mi på arbeid, og til ho var klar til bruk. Klokka stoppa på 6 minutt. Så restarta datamaskina att av seg sjølv utan at eg heilt veit kvifor. Difor tok det 6 nye minutt.

Eg kom difor til å tenkje på ein ting. Dersom eg er snill så tek det meg seks minutt å starte opp mitt nest viktigaste arbeidsverkty kvar dag. Det vert 30 minutt i veka, eller 120 minutt på ein månad. På eit år kjem ein altså opp i 1200 minutt. Det er 20 timar. Og før du kjem med akkura den innvendinga. Joda…eg kan gjere noko anna desse minutta. Men det er ikkje poenget akkurat her og no.

Ut i frå ei timeløn på 100 ,- i timen, kjem altså prislappen på mine dyrebare minutt på morgonkvisten på 2000 ,-. Det er berre 700 ,- mindre enn ein liten smekker Asus Eee. Legg ein til dei ekstra minutta eg med ujamne mellomrom må vente ekstra på grunn av uventa omstartar, så tenkjer eg at desse kronene er dekka inn og.

Poenget mitt er at eg er hakket frå å bestilla meg ein berbar datamaskin, for deretter å sende rekninga til min arbeidsgjevar! Dette har fleire fordelar:

  • Mindre frustrasjon for arbeidstakar
  • Meir fleksibilitet i og med at ein slik berbar omtrent kan puttast i baklomma
  • Mindre farting att og fram til kontoret
  • Betre tilhøve for effektivt samarbeid med andre enn dei ein deler kontor med
  • ++

Skal, skal ikkje. Skal, skal ikkje….

Ps. Etter dei to forsøka på å få arbeidsverktyget mitt i gang, starta han på ny ei tredje gong. Men etter det var han rimeleg stabil resten av dagen.

Musikkskule

Det er nokre år sidan eg rippa min fyrste song til mp3. Pionerartisten i så måte var svenske Robyn, med slagaren «Do you really want me». Det var ei herleg tid på mange vis. Ting var utfordrande, og ikkje heilt beint fram. Etter å ha teke opp lyden frå CD’en til harddisk i wav-format, var neste steg i prosessen å konvertera det heile til mp3. Dette innebar ein lang kommando i eit DOS-vindauge, og så opp mot ein halvtimes venting på resultatet. Etter dette var det berre eit steg att, nemleg å zippa mp3-fila ned slik at ein kunne dela ho opp og leggje mp3′en på dei tre floppydiskane det heile kom på. Så kan ein sjølvsagt spørje seg…kva var poenget med å laga så mykje styr for ingenting? Musikken var då alt på CD’en…

Det grunnar nok i eit ynskje om å «berre kunne det». Å ha moglegheita til det. Det var dengong. No kan alle.

I dag har eg leika meg med ein kombinasjon av det som til saman  må vera det perfekte verktyget for einkvar musikklærar i skuleverket. JamStudio OG Audacity. Med å nytta fyrstnemde kan ein enkelt laga musikkbitar som ein så kan settje saman i Audacity. No hadde det seg slik at eg hadde Audacity inne her, men skulle ein ynskje å ta steget heilt ut i nettskya, så kan Aviary sitt verkty Myna gjere jobben. Det er difor berre å opne slusene for alt web 2.0-innhald fyrst som sist!

Mitt resultat i dag vart dette:

Audio clip: Adobe Flash Player (version 9 or above) is required to play this audio clip. Download the latest version here. You also need to have JavaScript enabled in your browser.

Web 2.0 og skulekvardagen

Alt dette…og likevel nektar politikarar rundt omkring i landet å tillate web 2.0-innhald i skulane. Dei burde skjemmast. Det er på tide at dei innser at om ein ynsker at elevar skal stille førebudd til det livet som møter dei utanfor skulen, så høyrer ikkje slike avgjersler heime i byråkratiet. Det er rett og slett ikkje system med samme tidsperspektiv!

Om kvar skoen trykkjer

Eg trur eg har ergra over bruken av IKT i skulen sidan eg slutta i grunnskulen. Det er 12 år sidan. Etter det har eg stort sett hatt meir peiling på korleis ting kan gjerast enn det lærarane har hatt.

No, eit dusin år seinare, er eg sjølv altså lærar og eg vert altså av media stempla som ein udugeleg brukar av IKT. Rett nok har ingen endå sagt det direkte til meg, men det er klart eg tek det til meg når slikt dukkar opp i overskriftene til stadigheit. Litt på same måten som at ærlege rumenarar vert eitrande forbanna over at dei fer skylda for å kriminalitetsbølgja som nokre få råtne blad stod for i sumar. Det er ikkje kjekt.

Men eg gjer så godt eg kan. Eg gjer det eg maktar for å utdanna mine kollegaer, og eg gjer det eg kan for å utdanna elevane. For å gje dei alle eit lite drypp av auka digital kompetanse. Og reint bortsett frå at nokre heilt sikkert helst hadde sett at eg hadde fiksa problemet for dei og forsvunne  slik at dei kunne gjera ferdig vekeplanen, så våger eg å tru at dei på eit eller anna tidspunkt vil sjå attende og vera takksame for hjelpa. Noko dei sjølvsagt er der og då, men eg er ikkje alltid overtydd om det er ekte takksemd, eller berre god danning…altså høfligheit.

ITU kunne i 2007 melde om at 3 av 4 lærarar sjeldan nytta IKT i undervisninga. ITU er ein «nasjonal FoU-enhet innen feltet IKT og utdanning«, så dei burde veta det. 19. august i år legg så NRK skylda på lærarane. Det er lærarane si skuld at den digitale kompetansa som skuleelevane skal læra seg er på slikt eit skralt nivå…

TULLPRAT, seier eg!

Det som hindrar utviklinga av bruken av IKT i skuleverket er ikkje lærarane. Fleire lærarar enn ein skulle tru har eit ynskje om å nytta IKT i undervisninga, men det stoppar i mange tilfelle med at dei vert møtt av ei kommunalt IKT-byråkrati/hierarki som har linjer som eit spindelvev på Runde etter at siste hauststormen nett har fore oppover vestlandskysten.

Eg har endå til gode å treffa på ei sentral IKT-avdeling som tek i mot tips frå lærarstanden, og hiv seg rundt for å prøva noko nytt. Ikkje ein gong på høgskulenivå under mi fireårige utdanning var det tilfelle.

I Sirdal talte eg, og andre, sjefane midt i mot då dei ville kjøpa inn «mediumterminalar» til heile ungdomsskulesteget i kommunen. Etter å ha vedteke innkjøp av stasjonære maskinar i kommunestyret, gjekk likevel IKT-sjefen, i strid med sitt eige tidlegare gjevne råd, inn for å handla inn berbare datamaskinar.

I Sandnes krangla eg etter mitt syn for lenge for å få fram poenget om at det var for mykje sikkerheit for å kome på nett med dei berbare datamaskinane dei hadde der. Ei pålogging kunne ta opp mot 20 minutt….om du var så heldig å koma inn i det heile. Etter mykje mas, og etter å ha gjort meg tåleg upopulær hjå IKT-folka på rådhuset, fekk eg innvilga ei vitjing frå dei høge herrar til min ringe skule. Og etter ein del fram og attende, så vart det til slutt prøvd ut eit nytt system for dei trådlause maskinane.

Siste skot på stamma er at eg såg meg nøydt til å overføra nokre bilete frå mi private datamaskin etter at eg nytta mitt eige kamera for å ta nokre bilete i arbeidssamanheng. Letaste måten å gjera dette på, er å lasta opp bileta til Google-kontoen via Picasa. Problemet er berre at eg ikkje;

a) Har lov til å installera Picasa på jobbmaskina
b) Har tilgang til Picasaweb
c) Har lov å lagra store biletarkiv på skulemaskina

Nettopp. Så kva vert eg rådd til å gjera? Det er mest så ein må ta seg saman for ikkje å krampele, men faktum er at eg i 2009 vert beden om å ta med meg bileta til skulen via minnepinne, cd eller diskett. Ja du les rett. Eg vert frå sentralt hald i kommuna beden om å frakta med meg bileta til arbeid i eit format som ikkje har hatt livets rett sidan 90-talet.

Eg tek meg sjølv i å undra over kva slags form for digital kompetanse dei sit med. Ikkje ein gong ein lærar i den norske barneskulen ville ha kome på ideen om å nytta diskett til å kopiera bilete frå ei maskin til ei anna! Den påstanden vågar eg.

Kvifor skal eg vera så vanskeleg, i staden for berre å kopiera bileta på ein minnepinne eller ei cd-plate då? Vel. Argumenta er mange. Her er nokre av dei;

Minnepinne

  1. Forsvinn
  2. Knekk lett om ein er litt snar i svingen
  3. Pinnen min vert nytta til andre ting enn filhandsaming

CD-plate

  1. Er i ferd med å fylgje etter diskettane
  2. Er ikkje noko eg tilfeldigvis har liggjande rundt
  3. Knekk lett
  4. Forsvinn

I tillegg til dette, så kjem sjølvsagt det obligatoriske med at, om ein samanliknar med til dømes kommunikasjon, det er like fornuftig å frakta bilete på portable lagringsmedium som det er å skriva ein SMS og senda telefonen i posten til mottakaren!

Så stikk i strid med det NRK meiner, seier eg at det ikkje er lærar som er flaskehalsen, men derimot byråkratiet i kommunenoreg. Ein kan ikkje halda på med ei godkjenningstid på 2 år for programvare som skal vera tillate i nettverket når det innan den tid det vert godkjent har kome to nye oppdateringar som vil krevje nye godkjenningstiltak. Mitt råd er; opne opp! Slepp til alt. Nokre dokument vil kanskje forsvinne ut i det store internettholet, men slikt lærer ein av. Det heiter på fint digital kompetanse. Å unngå å få virus på maskine som ikkje har antivirussprogramvare installert…det er og digital kompetanse. Du treng nemleg ikkje fleire vevhotell frå John i Kina, så la ver å trykk på nettopp den e-posten.

Twitt: syntax error

Yup…Twitter seems to have issues today. I guess there’s quite a few people around our tiny planet that har borderline paranoia now that they can’t tweet their…ehm….tweets. Cnet and Wired.com mentions a DOS-attack.

According to Twitter itself, they’re now back up and running but are struggling with the consequences of the attack.

Digitale lærarar som innovatørar?

Øystein Johannessen talar med store ord om integrering av IKT i styringsdokument og læreplanar som gjeld for skulen på ein skulekonferanse i Sverige. Det høyrest flott ut, og eg applauderer det alt eg kan! Men det er ekstremt langt i frå plan til praksis. Seinast i dag fekk eg (nok ein gong) erfara det.

Tidlegare har eg nemnd at eg har fått litt andre arbeidsoppgåver i skulekvardagen min, og no ser det ut som om eg kanskje er i ferd med å få eit oversyn av tilhøva.

Som einaste skule i Sandnes kommune, er arbeidsplassen min den einaste som har nettilgang via det trådlause nettet som hovudregel. Datarom finst ikkje på skulen. Kvardagen, det vil altså seie annankvar onsdag, med datatimar vert i stor grad nytta til å prøve å logge seg på nettet. Det går fort ein 15-20 minutt til nettopp slikt. Og det er berre med ei maskin.

Nå kan ein seie mykje om at kabla nettverk er betre enn trådlaust. Og ja…det er nok det. Men det betyr ikkje at trådlaust skal vere så til dei grader umogleg å ha med å gjera som det eg opplever. Men eg er ein tålmodig kar, og har bestemt meg for å gjere nett slik eg vert fortalt frå av dei høge herrar og fruer på kommunehuset.

Med 25 berbare datamaskinar som skal logga seg på nettverket samstundes, har det vore eit styr utan like å få gjort noko fornufteg i timane. I dag gjorde med det litt annleis. Medan størsteparten av elevane arbeidde med «vanleg» skule, tok eg ut ei gruppe på fem elevar slik at dei skulle kunne gjere produktivt digitalt.

Men kor lenge var Adam i Paradis? Av dei fem maskinane eg fann fram, var det to som fungerte. Det var rett og slett på «prøv-til-du-finn-ein-som-er-i-orden»-kjøret nok ein gong! Slik skal det ikkje vere. Det har også svenskane funne ut, og har snudd opp ned på heile hierearkiet.

Slik ting er no til dags, er det også heilt utenkjeleg for skular å ta i mot gamalt IKT-utstyr frå til dømes helseinstitusjonar slik som det vert gjort i Akershus. Ein ynskjer ein maskinpark som er så homogen som berre det. Helst skal alt ha eit flott HP-merke på seg.

Johannessen snakkar om innovatørar i skuleverket, men når arbeidstilhøva vert slik at det vert ein kamp å ta i bruk IKT i den daglege undervisninga, ja då trur eg sjølv den mest inspirerte innovatør vil sjå mørkt på det etter ei tid. Det kan nok vere nettopp slike frustrasjonar som gjer at fleire og fleire unge lærarar vel seg andre jaktmarker.

Attende til toppen