Kontrastar

I serien «gjennomtenkte overskrifter» presenterer me i dag Dagbladet sine oppslag på dagens nettavis. Mens andre ikkje fer sova om dagen, tek andre seg lett ein blund om det så er livstidsfengsel som står på spel…
Sove

Når seriøse nyhende vert artige

I dag tikka det inn to nyhende i RSS-lesaren min som fekk meg til å dra litt på smilebandet;

Motstridande nyhende

Når det er sagt, så er sjølvsagt sakene i seg sjølv ganske alvorlege. At Himalaya opplever dramatiske skiftingar i årevisse naturhendingar som dei har basert liva sine på gjev sjølvsagt dramatiske utfordringar. At det industrialiserte og til samanlikning godt førebudde Noreg slit med flom vert med eit ikkje så alvorleg…i alle fall ikkje i det store perspektivet.

TBN

Twitter Broadcasting Network kunne det mest ha vore kalla. I kveld styrta/krasjlanda eit fly i Hudsonelva i New York. Dagbladet har sjølvsagt teke tak i saka. Morgondagens avisar kjem vel til å ha eit fly på framsida vil eg tru.

Men som også andre har fått med seg (jf. kommentarar under artikkelen eg har lenka til over her), så er kanskje ikkje Dagbladet og andre tradisjonelle nyhendeformidlarar lenger det som er fyrste og beste stoppestad for folk med litt over middels teft for det BBC kallar breaking news.

Sidan eg starta å skrive dette innlegget har det dukka opp 329 nye «kvitter» på Twitter …retting: 345, som omhandlar flykrasjet. Siste oppdatering: 365.

Og det fyrste biletet dukka og opp på Twitter då Janis Krums la ut eit bilete som no vert bombadert med treff frå heile verda, og følgeleg har litt problem med å verte lasta inn i min nettlesar her. Andre har heldigvis teke seg bryet med å leggja det på ei anna datamaskin.

Slik såg nettlesaren min ut etter å ha gjort eit søk der. Og no er det kome 603 oppdateringar sidan då…som vel er ein 5-10 minutt sidan. Snakk om brennheite oppdateringar…
Twitter Broadcasting Network

Attende til toppen