Displaying posts tagged with

“volda”

Dokfilm 2010

Frå torsdag denne veka har eg vore stasjonert i vene Volda. Her vart eg møtt på flyplassen av Synnøve. Skulle tru det heile var regissert. (“Truman show” anyone?) I tillegg var nøkkelen til frk. Ølnes strategisk plassert i konvolutt i skranka, så eg fekk plassert bagasjen på ein trygg stad. (Ei anna av dokumentarfestivaldeltakarane som [...]

Voldanytt

Høgskulen i Volda kunne den 29.08.08 kome med følgjande overskrift på ei melding til sin studentar og tilsette i ClassFronter: Viktig melding: ikkje parker i gatene langs Kaarstad-huset. Politiet byrjar snart skrive ut bøter. Dette var overskrifta. 14 ord. Dei har tydelegvis ikkje teke det vesle notatet på tre sider eg leverte til dei for [...]

Høgtideleg seremoni

Når det er høgtidelege hendingar som gjeng føre seg, er det ofte slik at ein har seremoniar for å markera nettopp desse. Difor såg eg det som eit passande “offer” å seie takk for meg til Volda og mine fire år der ved å ofre dei tre Dokumentarfilmfestivalarmbanda eg hadde på handleddet. Og elles er [...]

Fysisk fostring når nye høgder

Helle klarte å lokka meg med på ei superkjapp (til meg å vera) tur opp på Rotsethornet i kveld. 649 meter over havet. 2 timar dør til dør vart det vel sånn omtrent, med ein innlagt pitstop på Rimi på veg heim att. Sola forsvann diverre rett før me sette avgarde, så den sensasjonelle solgladinga [...]

Vårslepp

I takt med den stadig aukande vassføringa i bekkane ned frå Rotsethornet, lauvspretten som grønkar på trea og sola som sig stadig sienare ned i havet utanfor Fosnavåg er go’formen min sakte men sikkert i gang med å koma på plass att. Det same skjedde i fjor. Då våren slo inn, gjekk det trill rundt [...]

Amalies bursdag

Amalie hadde fødselsdag på søndag, og difor tromma me saman nokre folk for å laga eit lite selskap for henne med kake, gåver og godt samver for å feire henne. Overraskinga var ikkje heilt som underteikna hadde trudd, men alt har vel sin skjarm. Nokre bilete dukkar opp om du klikker på det under.

I enden av [Eiksund]tunellen

No går verkeleg mot slutten. Vårens vakraste eventyr i Volda, Dokfilm er over oss her på Sunnmøre. Og med den, så kjem fort eksamensstresset på slutten. Det er siste året i Volda for min del, så då tenkte eg at ein liten lydsnutt frå fjorårets VEKA-revy her i bygda ville vera på sin plass. Ein [...]